Ellen Mortensen er professor i allmenn litteraturvitskap og tidlegare leiar for Skok. No er ho valt som fagleg leiar for Holbergprisen dei neste fire åra. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Ellen Mortensen er professor i allmenn litteraturvitskap og tidlegare leiar for Skok. No er ho valt som fagleg leiar for Holbergprisen dei neste fire åra. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Mortensen ny Holberg-leiar

Publisert

Professor Ellen Mortensen vert ny fagleg leiar for Holbergprisen. Ho ønskjer å gjera prisen meir kjend i akademiske krinsar i heile verda.

Ivar Bleiklie, professor i administrasjon og organisasjonsvitskap, har vore fagleg leiar for Holbergprisen dei siste fem åra. No har Holbergstyret valt Ellen Mortensen, professor i allmenn litteraturvitskap, som leiar for dei neste fire åra.

Holbergprisen

  • Holbergs internasjonale minnepris blir kvart år delt ut til forskarar som har gitt framifrå bidrag til humaniora, samfunnsvitskap, teologi og juss. Vinnaren skal på avgjerande måte ha påvirka internasjonal forsking på sitt felt, til dømes ved utvikling av ny teori. 
  • Prisen på 4,5 millionar kroner blei oppretta av Stortinget 1. juli 2003. Han er finansiert over statsbudsjettet, men blir administrert av Universitetet i Bergen, og delt ut i Håkonshallen i byrjinga av juni.
  • Vitskapleg tilsette ved universitet, høgskular og forskingsinstitutt kan nominere kandidatar til prisen. Ein fagkomité lagar deretter ei kortliste av kandidatar, og det blir henta inn uavhengige vurderingar. Fagkomiteen innstillar til styret for Holbergprisen, som tildelar prisen. 
  • Holbergprisen i skolen blir delt ut same dag, og går til det beste forskingsprosjektet innan dei same fagområda som hovudprisen. Det blir òg delt ut ein lærarpris. 

Prisvinnarane: 

– Som professor i allmenn litteraturvitskap har ho høg fagleg kompetanse innanfor prisens fagfelt, seier styreleiar Sigmund Grønmo til Holbergprisen sin nettstad.

Grønmo peikar òg på leiarerfaringa Mortensen har som tidlegare leiar av Senter for kvinne- og kjønnsforsking, og på at ho er breitt internasjonalt orientert med eit stort fagleg nettverk i mange land.

I ei pressemelding seier Mortensen at ho ser fram til å vidareføra og vidareutvikla det utmerka arbeidet Bleiklie har lagt ned.

– Eg kjem til å verta frikjøpt i femti prosent stilling, men eg kjem òg framleis til å arbeida ved allmenn litteraturvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, seier ho til På Høyden.

Meir internasjonalt kjend
Ser ein på lista over prisvinnarar kjem dei med eitt unntak, israelske Shmuel Eisenstadt, frå Europa og Nord-Amerika. Mortensen sin ambisjon er å gjera prisen meir kjend i akademiske krinsar i heile verda.

– Korleis vil du gjera det?

– Det vert eit nitidig arbeid som vil verta gjort saman med sekretariatet, styret og Holbergkomiteen, så vel som samarbeid med tidlegare prisvinnarar. Ein kan ha ulike strategiar, men kontakt med mellom anna ambassadar og vitskapsakademi vil verta viktig, seier Mortensen.

Til no har ein hatt ei overvekt av engelsktalande både blant prisvinnarane og dei nominerte. Mortensen ønskjer å motverka dette.

– Men det må skje utan at ein skal diskvalifisera dei som kjem frå engelsktalande land. Det er utfordrande å få med Asia og Afrika, sjølv om me så langt òg har hatt nominasjonar frå desse kontinenta, seier den nyvalte leiaren.

Disiplinbaserte kandidatar
Holbergprisen er verdas største forskingspris innan samfunnsvitskapelege fag, humaniora, juss og teologi. Så langt har det ikkje vore prisvinnarar innan teologi. Styreleiar Sigmund Grønmo har tidlegare sagt at fleire nominasjonar innan teologi er særleg velkomne.

– Det stemmer at det ikkje har vore fagpersonar innan teologi som har fått prisen, men fleire av prisvinnarane, mellom anna Marina Warner, som fekk prisen i år, har jobba tverrfagleg, blant anna med teologiske problemstillingar. Kanskje bør ein i større grad legga vekt på at ein òg ønskjer å få nominert kandidatar frå kontinentet, som ikkje er engelskspråklege, seier Mortensen.