Holbergprisen til Julia Kristeva

Publisert

Julia Kristeva får Holbergs internasjonale minnepris for 2004. Prisen vart offentleggjort ved ei markering ved Universitetet i Bergen (UiB) i dag.

Holbergprisen 2004 går til ein forskar med stor påverknad innan fleire fagområde gjennom nyskapande arbeid i skjeringspunktet mellom språk, litteratur og kultur. Den bulgarsk-fødte prisvinnaren, som i dag er direktør for Institutt for tekst- og dokumentvitskap ved Paris’ 7. universitet, har gitt ut meir enn 20 bøker.

– Julia Kristeva overskrider ikkje berre dei tradisjonelle grensene mellom vitskapelege fagdisiplinar. Ho viser også korleis avansert teoretisk forsking kan vere avgjerande viktig for den meir almenne samfunns- og kulturdebatten, seier styreleiar for Ludvig Holbergs minnefond, Jan Fridthjof Bernt.

– Ein sann intellektuell

113 forskarar i det internasjonale toppsjiktet var nominert til den aller første Holbergprisen, som er på 4.5 millionar kroner. Prisen skal delast ut årleg til framifrå forskarar innan humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi.

– Julia Kristeva er ein forskar av uvanleg format med ei uvanleg spennvidde. Kristeva er på mange måtar ein sann intellektuell. Ho er både eit fagmenneske og oppteken av dei store spørsmåla i vår tid. Samstundes er ho kontroversiell, og ho uttaler seg i politiske spørsmål med fagleg integritet og innsikt, seier professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, Ellen Mortensen.

I spennet mellom semiotikk, lingvistikk, psykoanalyse, litteratur- religions- og kulturstudiar har Kristevas forsking tungt gjennomslag – blant anna i spørsmål om tilhøvet mellom språk og kropp, mellom estetikk og etikk, mellom det heilage og det profane, og mellom kreativitet og melankoli.


– I Holbergs ånd

Refleksjonar kring migrasjon, eksil og det å vere annleis står sentralt.

– Ho tematiserer kva det vil seie å vere ein framand i kulturen. Ho er sjølv ein av få utlendingar som har kome inn i den inste kultureliten i Paris. Særleg har ho skrive om det kvinnelege som noko som er knytt til det framande. Både det kvinnelege og det framande representerer ein trugsel i kraft av å vere annleis, seier Mortensen.

Dei tre siste bøkene til Kristeva handlar om store kvinnelege intellektuelle. Kristeva er rekna som ein fornyar innan kjønnsforsking og er eit førebilete for nyare feministisk teori. Men ho stiller seg kritisk til ei tradisjonell feministisk tilnærming.

– Ho er motstandar av ei forenkla, militant haldning som berre tenkjer i rigide opposisjonskategoriar. Som intellektuell skyr ho enkle og lettvinte løysingar på komplekse problem. Kristevas mangfaldige innsats er i Holbergs ånd, seier Mortensen.


Nils Klim-pris til Amsterdam

I samband med utdelinga av Holbergprisen deler Ludvig Holbergs minnefond også ut Nils Klim-prisen for yngre forskarar. Prisen for 2004 er på 250 000 kroner og går til danske Claes de Vreese (29). Vreese arbeider som Associate Professor ved Department of Communication Science ved University of Amsterdam.

Han har ifølgje juryen markert seg som ein sjølvstendig, innovativ og internasjonalt respektert forskar i eit viktig skjeringsfelt mellom statsvitenskap, kommunikasjonsforskning og medievitenskap.

Rektor ved UiB, Kirsti Koch Christensen, ser fram til utdelinga av Holberg- og Nils Klim-prisen. Begge prisane skal delast ut ved UiB 3. desember.

– Eg vil rose dei som har vore med i arbeidet med å få Holbergprisen og tildelinga realisert for første gong.