Paul Gilroy, mottakar av Holbergprisen 2019 er ein av dei mest nyskapande i den akademiske verda i dag, ifølgje juryen. Foto: Silje Katrine Robinson
Paul Gilroy, mottakar av Holbergprisen 2019 er ein av dei mest nyskapande i den akademiske verda i dag, ifølgje juryen. Foto: Silje Katrine Robinson

Holbergprisvinnar: «Rasismen kan knuse dei demokratiske institusjonane våre»

— Eg ønskjer ikkje å ta del i transformasjonen av universitetet frå å vere eit rom for fri, intellektuell utforsking til å bli eit høfleg politimaskineri, seier Holbergprisvinnar Paul Gilroy.

Publisert   Sist oppdatert

This smells like an important house, seier professor Paul Gilroy då vi stig inn på Museplass 1 i, der universitetsleiinga ved Universitetet i Bergen held hus. Han foreslår at vi set oss ved uret i det staselege møterom 2, som er sett av til intervjuet med Khrono.

I slips og vindjakke snakkar han seg varm om den høgrepopulistiske bølgja, om rasisme og nasjonalisme – og om universitetet, som for tida utviklar seg i ei retning han slett ikkje liker.

I ei hektisk Holberg-veke, toppa med utdelinga av sjølve prisen onsdag, deler han av den omfattande tankeproduksjonen sin i både Bergen og Oslo, i forelesingar, intervju, samtalar og masterclass. Dei er heldige, må ein kunne slå fast utifrå Holberg-juryens omtale: Gilroy er ein av «de mest fengslende og nyskapende aktørene i dagens akademiske verden». Holbergprisen får han for «banebrytende forskning innen kulturvitenskap, kritisk raseteori, litteraturvitenskap og beslektede fagfelt».

Paul Gilroy

Fødd og oppvaksen i London. Studerte ved Sussex University og tok seinare doktorgraden ved Birmingham Centre for Contemporary Cultural Studies under Stuart Hall og Richard Johnson.

Har hatt professorat innan fleire fagfelt ved mellom anna Yale University, London School of Economics og Goldsmiths College. Er i dag professor ved King’s College i London.

Har mellom anna gitt ut The Black Atlantic: Modernity and Double Conciousness (1993), There Ain’t No Black in the Union Jack (1987/2002), Against Race: Imagining Political Culture Beyond the Color Line (2000) og Darker than Blue: On the Moral Economies of Black Atlantic Culture (2010).

Medlem av British Academy, Royal Society of Literature og American Academy of Arts and Sciences og fleire æresdoktorat. Mottakar av Holbergprisen 2019.

SJÅ PRISUTDELING

— Korfor skal vi bekymre oss for rasismen i 2019? spør Gilroy og har svaret klart: — Fordi den har kraft til å knuse dei demokratiske institusjonane våre. Tankegods vi trudde var utdøydde for fleire tiår sidan har vist seg å vere i live. Zombiane er her, haldningane let seg ikkje drepe, seier Gilroy. Omtrent samstundes går den amerikanske presidenten, på ingen måte ein av Gilroys favorittpersonar, opp ein raud løpar i heimbyen hans, London.

— Eg er glad for å vere her, seier Gilroy.

Ain't no black

Karrieren skaut fart i Birmingham på 1980-talet, dit Gilroy reiste for å ta doktorgraden.

Rettleiaren var Stuart Hall, ein av grunnleggarane av cultural studies og nestoren i det som uformelt gjekk under namnet The Birmingham School. Med utgangspunkt i kritisk teori, gjekk Birminghamskulen inn for å undersøke kulturen i samfunnet og i media i brei forstand, som a whole way of life, i lys av klassestrukturar og andre sosiale og ideologiske dimensjonar.

Gilroys felt blei forskinga på rasisme og rasetenking.

Tankegods vi trudde var utdøydd for fleire tiår sidan har vist seg å vere i live.

Paul Gilroy

I 1987 kom There Ain’t No Black in the Union Jack, eit verk som vekte oppsikt med undersøkinga av rasisme mot svarte i Storbritannia. I løpet av dei siste 30 åra har han gitt ut ei rad bøker, der særleg The Black Atlantic frå 1993 har sett spor, eit «landemerke» i tenkinga kring kultur, ifølgje Holbergkomiteen. I dag er han professor i engelsk og amerikansk litteratur ved ved King’s College i London, der han voks opp – mor hans, Beryl Gilroy, romanforfattar og lærar, innvandra frå britisk Guinea.

Som son av ei svart mor og ein kvit far har Gilroy fått føle på framandfrykt og rasisme i oppveksten. Men verda har gått framover, trass alt. Heilt til Trump. Til Le Pen, Alternativ for Tyskland, sverigedemokratar. Heilt til Nigel Farage og Brexit.

Brexit og dei brune

— Det som hender i heimlandet mitt, kanskje kan du le meir av det enn eg. Eg ser på med skrekk og uro. Dagen etter folkeavstemminga om Brexit vart folk i gatene, svarte og brune, fortalt at no skulle dei dra tilbake til landet dei kom ifrå. Det var slikt eg høyrde då eg var barn, men det var uhøfleg å seie det. At det no er «greitt» å seie det opp i ansiktet på ein truande måte, er eit tap for alle, seier Gilroy.

På eit overordna nivå er denne generelle haldningsendringa ein trussel mot grunnmuren i samfunnet, slik han ser det.

—Ting vi trudde var solide er blitt til støv. Demokratiet er ikkje så motstandsdyktig som vi skulle ønske. Tvert imot har raismen og den ekstreme nasjonalismen i politikken kraft til å sprenge samfunnsinstitusjonane våre.

Noko er blitt borte på vegen. Etter andre verdskrigen, med Holocaust friskt i minne, sette FN i gang eit arbeid mot rasisme.

— Verda prøvde å skape eit klima der det industrielle folkemordet mot menneske i Europa aldri kunne skje igjen. Ånda frå den gongen har forsvunne. Det vil alltid finnast menneske med rasistiske haldningar, men i dag sit noko av desse i politiske posisjonar. Dei har funne ut at dei kan vinne val ved å spele på frykt og dei har tatt språket og symbola frå ekstremhøgre inn i varmen. Nigel Farage og Brexit-partiet har ingen politikk, utanom Brexit. Det fortel meg at han er vel kjent med taktikkten til nasjonalsosialistane på 1930-talet. Dei hadde heller ingen politikk, seier Gilroy.

— Det heile er svært kynisk?

— Det er meir enn kynisk. Det er korrupt.

Så kva kan ein gjere, kan universitetet spele ei rolle?

Ja, meiner Gilroy, men først ein sørgesong.

Uaktuell intellektuell

— Universiteta i heimlandet mitt blir no trekte inn i eit ugjestmildt klima på ein veldig praktisk måte. Det første spørsmålet eg får frå administratorane dersom eg treng nokon til å eksaminere ei doktorgradsavhandling er: Har du passa deira, identiteten, kan du bevise at dei har rett til å opphalde seg i landet? Og høyrer eg studentane mine seie særskilte ting, er det forventa at eg skal ringe politiet, eg skal liksom vere ein anti-terroragent. Alle blir tvinga til å ta del i denne kulturelle overvakinga. Men eg ønskjer ikkje å ta del i transformasjonen av universitetet frå å vere eit rom for fri, intellektuell utforsking til å bli eit høfleg politimaskineri.

— Eg hadde tenkt å spørje deg om rolla til dei intellektuelle …

— Rolla som akademikar og rolla som intellektuell er blitt nokså ulike ting i dag. For at unge akademikarar skal lykkast, må dei publisere i visse tidsskrift, få god score frå studentane som evaluerer om dei oppfører seg pent i klasserommet. Dei må skaffe inntekter gjennom løyvingar og stipend. Dersom du skal klare det, må du forme prosjekt som nokon vil gi løyvingar til, ikkje nødvendigvis prosjekt som er drivne av di eiga nysgjerrigheit. Du må fylle ut skjema på ein bestemt måte. Du bør hyre ein konsulent til å fylle ut for deg, slik at du kan maksimere sjansane for å skaffe deg inntekta du treng.

Det er tydeleg at lista kunne ha blitt lengre, men vi ha berre ein dryg halvtime i under uret i møterom 2.

— For ein intellektuell er oppdraget eit anna: Som menneske å følgje din eigen utforskingstrong, seier Gilroy.

— Det er kanskje blitt litt gammaldags å snakke om «den intellektuelle si rolle» på universiteta om dagen?

— Absolutt.

Utdanning, ikkje forretning

I Storbritannia var det avviklinga av høgare utdanning som eit offentleg gode som var starten på slutten for universitetet slik vi har kjent det, meiner Gilroy.

— Eg har alltid kjempa for ideen om gratis utdanning. Utdanning var ikkje berre vere eit privat gode, ein forretningsfordel, det var integrert i demokratiet. No kan du sjølvsagt seie at det var lett før, då berre 10 prosent tok universitetsutdanning, no snakkar vi om 40-50 prosent som får sjansen til å ta høgare utdanning. Eg meiner utdanning kan og skal vere eit gratis, offentleg gode også i vår tid.

— Det har vi i det minste i Noreg …

— Ja, men snart kjem dei etter dykk, seier Gilroy, humoristisk, men alvorleg.

— Eg føler veldig sterkt for eit universitet der ein kan finne visdom, ikkje berre informasjon. Eg føler for ein stad der ein lærer ved å lytte til kvarandre, der ein lærer å vere oppmerksam, lærer seg å bli eksponert for idear ein ikkje sjølv er einig i – som ein stad ein kan finne visdom, ikkje berre informasjon.

Over til spørsmålet om avkolonisering:

— Ikkje eit omgrep eg vil bruke, seier professoren.

Vil ikkje nekte Bannon

Kravet om avkolonisering av pensum og undervisning er kanskje marginalt i Noreg. I tidlegare koloniserte land, som for eksempel Sør-Afrika, har det ei heilt anna kraft. Det har det også i ei tidlegare kolonimakt, som Storbritannia. Men også her heime blussa debatten opp, og frontane var steile i synet på om høgare utdanning burde eller kunne justere kursen, og om det i det heile var tenkeleg. Fire rektorar gjekk ut og sa at dei ikkje ville bruke ordet avkolonisering.

Det vil altså heller ikkje Holbergprisvinnaren.

— Omgrepet antyder at der finst eit tydeleg mål, eg trur ikkje det er så enkelt. Eg meiner det bør vere ein kontinuerleg refleksjon kring desse spørsmåla. Debattane er viktige, men vi kan ikkje berre importere dei inn i ein kvar kontekst og forvente at dei blir meiningsfulle.

I nokre land er det ein sterk tendens til å avvise kolonihistoria, meiner Gilroy, og dermed eit behov for å arbeide med og bli kjent med samanhengane.

Men eg vil ikkje kalle det avkolonisering, heller at ein legg til noko, seier Gilroy.

Kva tenker du om scenenekt (no platforming)?

— Det kjem an på kven og kva og i kva samanheng. Eg synest å ha sett at studentar og kollegaer ikkje er like gode som før til å identifisere eit fascistisk argument når dei høyrer det, særleg når det ikkje kjem med logo. Det er viktig å vite korleis fascisme i 2019 høyrest ut. Ytringsfridomen blir misbrukt av desse kreftene for å bygge oppslutning. Ein forflatar heile ideen og let den skugge for alle andre vurderingar.

— Kor går grensa for deg, ved lovverket?

— Ja, for meg er lovverket grensa, men den grensa rører på seg, og vi må konstant følgje med. Det er eit teikn på eit sunt samfunn at vi bryr oss om kor denne grensa skal gå, seier Gilroy.

Steve Bannon, det er kanskje ikkje nødvendig å snakke om den tidlegare Trump-rådgivaren og Breitbart-redaktøren, Brexit er meir enn nok. Men Gilroy har fått med seg at han besøkte Bergen for ikkje lenge sidan, etter invitasjon frå Nordiske mediedager.

— Eg foraktar Steve Bannon, seier Gilroy.

— Men ville eg bannlyst han frå min campus? Nei. Ville eg oppfordra folk som ikkje er samde med han om å finne fantasifulle måtar å protestere mot at han skulle komme? Ja.

Håpet, trass alt

Tida er ute under uret i møterom 2. Eit lite osean av spørsmål må vente til neste gong. Det er ikkje tid til å snakke om den unge Gilroy, om musikaren. Om reggea. Om punk. Om korfor han måtte låne forsterkaren til ungdomsvennen Billy Broad, seinare kjent som Billy Idol. Om korfor han skrur ned diskanten.

Professoren, kulturforskaren er seks millionar kroner rikare etter utdelinga av Holbergprisen.

— Eg har vore i ein virvelvind sidan prisen blei offentlegjort. Når eg kjem heim, skal eg setje meg ned og tenke gjennom kva slags kreativ bruk eg kan gjere av det som er gitt meg.

— Er det håp som driv deg?

— Ja, det trur eg det er. Vi som er i heldige og privilgerte posisjonar, som eg er, pliktar å leite etter håp, også under vanskelege omstende, som klimatastrofen og fascismens tilbakekomst. Det ville vere uansvarleg å vende seg mot nihilsme og desperasjon.