– Litteraturen er viktig når ein skaper århundre, sa prisvinnar Marina Warner i Egget tysdag. Foto: Hilde Kristin Strand
– Litteraturen er viktig når ein skaper århundre, sa prisvinnar Marina Warner i Egget tysdag. Foto: Hilde Kristin Strand

Dei gamle historiene

Publisert

Holbergprisvinnar Marina Warner las alltid som barn. Då ho vart eldre, lurte ho på kva det var som gjorde at det var dei gamle mytene og historiene ho hugsa best frå barndommen.

– Eg er temmeleg overvelda.

Marina Warner (i midten) i samtale med Mariët Westermann og Lorraine Daston. Foto: Hilde Kristin Strand
Marina Warner (i midten) i samtale med Mariët Westermann og Lorraine Daston. Foto: Hilde Kristin Strand

Slik starta årets holbergprisvinnar, britiske Marina Warner, føredraget sitt i Egget tysdag. Første del av dagen sat ho blant publikum og høyrde andre snakka om tema som er i slekt med hennar spisskompetanse. Ho likte det ho høyrde.

Kva er «heim»?
Det er forskinga på myter og eventyr som ga Warner prisen. I ettermiddag skjer sjølve overrekkinga, i ein høgtideleg seremoni i Håkonshallen. Det er kronprins Haakon som deler ut prisen.

Holbergprisen

  • Holbergs internasjonale minnepris blir kvart år delt ut til forskarar som har gitt framifrå bidrag til humaniora, samfunnsvitskap, teologi og juss. Vinnaren skal på avgjerande måte ha påvirka internasjonal forsking på sitt felt, til dømes ved utvikling av ny teori. 
  • Prisen på 4,5 millionar kroner blei oppretta av Stortinget 1. juli 2003. Han er finansiert over statsbudsjettet, men blir administrert av Universitetet i Bergen, og delt ut i Håkonshallen i byrjinga av juni.
  • Vitskapleg tilsette ved universitet, høgskular og forskingsinstitutt kan nominere kandidatar til prisen. Ein fagkomité lagar deretter ei kortliste av kandidatar, og det blir henta inn uavhengige vurderingar. Fagkomiteen innstillar til styret for Holbergprisen, som tildelar prisen. 
  • Holbergprisen i skolen blir delt ut same dag, og går til det beste forskingsprosjektet innan dei same fagområda som hovudprisen. Det blir òg delt ut ein lærarpris. 

Prisvinnarane: 

Warner har forska på korleis eventyr og myter reflekterer samtida, særleg i forhold til kjønnsroller og feminisme. Holbergførelesinga hadde tittelen «Losing home, finding words: Transformation of stories».

– Ordet «heim» skildrar noko større enn ein heimstad. Det handlar òg om mellom anna kultur. I vår tid er flyktningar og migrantar bilete på heimlause, sa Warner.

I ulike kulturar
Som barn las Warner alltid, og ho innrømma at ho nok las lenger utover kvelden og natta enn ho burde. Seinare tok ho utdanning, men ho jobba òg mellom anna som journalist og kritikar.

– Ho var interdisiplinær før det vart eit honnørord, sa ordstyrar og innleiar Mariët Westermann.

Då Warner vart eldre slutta ho å lesa dei tilsynelatande barnlege historiene. Men ho ønskja å forstå kva det var som gjorde at myter og eventyr framleis var lenger framme i medvitet enn mykje anna ho hadde lese.

Myter er ikkje berre munnlege overleveringar, meiner Warner, det kan vera forteljingar som flyt inn i mange kulturelle uttrykk.

– Mytene er transkulturelle og finst i ulike kulturar. Språket seier noko om kven heltane er, og teksten er polyfonisk. Han kan verta forstått på ulike måtar, og kan veksa på andre måtar enn dei som planta han tenkte, sa Warner.

Les òg: Høyaktuell Nils Klim-vinner

– Våre krigar
Kan myter og eventyr gi ly og byggja bruer? I det siste har Warner interessert seg for kva som skjer med overføring av myter og eventyr i flyktningleirar. Barna bur langt heimefrå, og misser kulturen sin. Då Warner fekk vita at ho er årets mottakar av Holbergprisen, som er på 4,5 millionar kroner, sa ho at ho vil undersøka om det er mogleg å bruka prispengane på kulturfremjande tiltak blant flyktningar og migrantar.

På Unesco si liste over kva ein må ta vare på, står òg immateriell kultur. Det vil mellom anna seia språk, utøvande kunst og sosiale skikkar.

– Tekstar finn ein ikkje berre i bøker, men dei reiser òg på andre måtar, mellom anna gjennom munnleg overlevering. Samstundes er tekstar alltid i dialog med andre tekstar. Internett har opna opp for dette i endå større grad, sa Warner.

Ho la vekt på dei gamle tekstane, mellom anna Homers «Illiaden» og samlinga «1001 natt».

– Dette er òg historiene om våre krigar. Om Irak, Afghanistan og Syria.

Vanlege menneske
– Marina har vist oss korleis mytene reiser. Dei finst i mange land, til mange tider, på mange språk.

Det sa Lorraine Daston, som er direktør for Max Planck Institutt for vitskapshistorie i Berlin. Ho var invitert til å kommentera Warner si førelesing.

Daston viste til dagens situasjon med flyktningsituasjonar i mellom anna middelhavet, Syria og Myanmar.

– Alt dei har, er historiene sine. Dei er vanlege menneske i uvanlege omstende.