Prisvinnarane Olivia Høegh-Omdal Paulsen og Eline Loe Rønvik frå Elvebakken videregående skole i Oslo synest det er fantastisk å vinne pris.
Prisvinnarane Olivia Høegh-Omdal Paulsen og Eline Loe Rønvik frå Elvebakken videregående skole i Oslo synest det er fantastisk å vinne pris.

Kven vann

Publisert

Mens dei forska på kvenar oppdaga Olivia Høegh-Omdal Paulsen at ho sjølv har ein kvensk tippoldefar. I dag fekk ho Holbergprisen i skolen, saman med Eline Loe Rønvik.

Dei to førsteklassingane frå Elvebakken videregående skole i Oslo fekk topplasseringa i den uoffisielle noregsmeisterskapen i forskingsprosjekt innan humaniora og samfunnsvitskap for elevar i vidaregåande skule: Den historiske analysen «Kven er ikke kven – Kvenenes stillfarne kamp for anerkjennelse» fikk førsteprisen, med mykje heider og 15 000 kroner til vinnarane.

– Vi fekk 1814 og nasjonale minoritetar som oppgåve frå læraren. Mange valde å skrive om samane, mens vi valde kvenar, fortel Paulsen.

– Vi hadde ikkje så mykje kunnskap om kvenane på førehand, så vi var mykje innom biblioteket, seier Rønvik til På Høyden.

Kvensk forbode
Dei to jentene fekk hjelp til å finne litteratur på biblioteket, og dei tok kontakt med forskarar som har arbeidd med kvensk kultur. Dei har jobba seg gjennom migrasjonsfasen til kvenane i Noreg, og vilkåra deira under ein varierande norsk politikk mot gruppa. Frå kring 1850 til 1960-talet var den norske politikken å fornorske dei kvenske områda i Troms og Finnmark, og å forby kvensk i skulen var eit av tiltaka.

Næringsminister Monica Mæland delte ut prisen, mens Holbergprisvinnar Michael Cook delte ut diploma til elevane.

– Eit glimrande forskingsprosjekt, oppsummerte Mæland.

– Det har vært så utruleg å få vere med på dette eventyret. Så fantastisk! Og så denne turen til Bergen. Vi er heilt overvelda, sa Paulsen i takketalen.

Dei to jentene var særleg takksame for all sjølvtilliten dei hadde fått gjennom støtte frå lærar og foreldre.

Framtidsretta
Juryen til Holbergprisen i skolen fekk inn 36 bidrag i år, og både Bergen katedralskole og Langhaugen videregående skole i Bergen var blant dei. Elevane frå Bergen katedralskole har undersøkt om Lego er ein bremsekloss for likestillinga. Bidraget frå Langhaugen har tittelen «Livet med gullbilletten?», og undersøkjer kva mulegheiter og utfordringar unge vaksne som kom aleine til Noreg som mindreårige har.

Rekrutteringa til HF og SV bør ha fått god hjelp frå konkurransen, som hadde deltakarar frå Vennesla i sør til Fauske i nord.

– Skuleprisen er på mange måtar den mest framtidsretta av prisane, seier Sigmund Grønmo, som er styreleiar i Holbergprisen.

Og dei to prisvinnarane frå Elvebakken ser ikkje bort ifrå at det kan bli forskarar av dei.

– Vi har fått auga opp for det å drive forsking. Om det blir på kvenar eller andre ting gjenstår å sjå, seier Paulsen.