Felicia Wolden Hoel og Silje Haugerud frå Oslo by steinerskole har jobba seg gjennom 2807 gatenamn i Oslo, og imponerte juryen for Holbergprisen i skolen. Foto: Tor Farstad
Felicia Wolden Hoel og Silje Haugerud frå Oslo by steinerskole har jobba seg gjennom 2807 gatenamn i Oslo, og imponerte juryen for Holbergprisen i skolen. Foto: Tor Farstad

Unge forskarar fann mønster mellom Prinsessealleen og Stolmakergata

Felicia Wolden Hoel og Silje Haugerud fekk skryt frå Holbergprisvinnar Paul Gilroy for forskingsprosjekt om klasseskille på gatenamn i Oslo.

Publisert   Sist oppdatert

— Eg er ekstremt takksam for å få lov til å vere med på denne delen av Holbergveka. Dette har vore eit høgdepunkt under tida mi i Bergen så langt, sa prisvinnar Gilroy under utdelinga på Norges eldste skule som er i drift, Bergen katedralskole får 1153.

Presidentar og prinsesser

Holbergprisen i skolen

Holbergprisen i skolen er en nasjonal forskningskonkurranse for elever på videregåendetrinnet innenfor samfunnsfag, humaniora, juss og teologi. Hvert år deltar 20 skoler og over rundt 700 elever fra hele landet i konkurransen.

Alle innsendte elevprosjekter blir vurdert av en egen fagjury for Holbergprisen i skolen. Finalistene blir kunngjort i midten av mai og prisudelingsseremonien finner sted under Holberguken i begynnelsen av juni hvert år. De tre beste elevprosjektene blir premiert med henholdsvis 30 000 kr, 20 000 kr og 10 000 kr. Foruten pengepremier, blir finalistene også invitert som æresgjester til de andre arrangementene under Holberguken.

Kilde: holbergprisen.no

Av 55 bidrag til konkurransen var det Felicia Wolden Hoel og Silje Haugerud frå Oslo by steinerskole som imponerte aller mest. I oppgåva «Gatelangs fra øst til vest: En studie av statusforskjeller blant gatenavnene i Oslo» har dei analysert 2807 gatenamn i Oslo, og vurdert status til namna.

— Vi fann klare forskjellar. På Vestkanten finn du namn som President Harbitz gate og Prinsessealleen, fortel Felicia Wolden Hoel til På Høyden.

— På Austkanten finn ein oftare typiske industrirelaterte namn, som Stolmakergata og Bergverksgata, seier Silje Haugerud.

Klassifiserte 2807 gatenamn

prosjektet har dei sett på utviklinga av gatenamn i Oslo gjennom ulike historiske periodar. Av dei 2807 gatenamna klarte dei å sortere litt under ein tredel i høg- eller lågstatus. Rundt 1900 namn blei klassifisert som nøytrale.

Og klasseskiljet i hovudstaden viser seg klart, sjølv om skiljet mellom aust og vest først kom med industrialiseringa på slutten av 1800-talet. Då flytta arbeidarane til Austkanten, der industriarbeidsplassane var.

— Før det var statusforskjellen om gatene låg innanfor eller utanfor byporten, fortel Haugerud.

Sjamanar og kong Sverre

Andreplassen i Holbergprisen i skolen gikk til Andreas Yul Kim frå Kongsberg videregående skole, som deltok med prosjektet «Han som talte Roma midt imot». Kim har drøfta konflikten mellom den katolske kyrkja og kong Sverre, som ikkje klarte å fjerne han frå trona, trass i at han var lyst i bann av paven. Prosjektet fekk mykje skryt for å ha handtert ein omfattande litteratur på feltet på ein svært god måte.

Tredjeprisen er tildelt Pia Kristine Larsen Wickstrøm og Emilie Madelen Biti-Jessen frå Kirkenes videregående skole for eit forskingsprosjekt der dei utforskar samisk sjamanisme i dag.

Eit glimt av håp

Marit Frydenlund og Sverre Bjørnstad ved Blindern videregående skole i Oslo fekk lærarprisen for ein rapport om djupnelæring i skulen.

Prisvinnar Gilroy var imponert over den intellektuelle kvaliteten på prosjekta, og rørt over evnen elevane har til å stille gode spørsmål.

— Det viser eit nivå av utdanning der nysgjerrigheit er drivkrafta. Det har gitt meg eit glimt av håp i ei tid der håpet er så dyrebart.

Paul Gilroy var rørt av dei unge forskarane. Foto: Tor Farstad
Paul Gilroy var rørt av dei unge forskarane. Foto: Tor Farstad