Wiggo Hustad, tidlegare dekan ved avdeling for lærarutdanning og idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, har fått jobben som leiar for organisasjonsutviklingsprogrammet i <span class="caps">HVL</span>.
Wiggo Hustad, tidlegare dekan ved avdeling for lærarutdanning og idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, har fått jobben som leiar for organisasjonsutviklingsprogrammet i HVL.

Han skal samla Høgskulen på Vestlandet

Publisert

Wiggo Hustad skal leia arbeidet med få alle brikkene på plass i den nye høgskulen. – Det er fastslått i plattforma at ingen skal mista jobben. Men endringar vil folk oppleva, her som i andre sektorar.

Wiggo Hustad blei i januar tilsett som leiar for organisasjonsutviklingprogrammet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Programmet skal med utgangspunkt i fusjonsavtalen utvikla HVL til éin felles institusjon. På torsdagens styremøte skal mandatet for programmet vedtakast, som i hovudsak skal handla om medarbeidarane og bygging av den nye høgskulen. 

Det vil handla om oppfølging og implementering av styrets vedtak om profil, struktur og organisering.

Les også: Høgskulen på Vestlandet har best kjønnsbalanse

– Eg byrjar å få ei overordna oversikt over aktivitetane, og å få ei viss føling med kompleksiteten. Her ligg det mykje godt arbeid og ventar, seier Hustad. Han var dekan for avdeling for lærarutdanning og idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane inntil nyleg, og har ein doktorgrad i organisasjonslæringsteori.

– Ei verd i bevegelse

Programmet skal mellom anna avklara kven som skal vera leiarar for kva medarbeidarar, fordela oppgåver og ressursar og starta arbeidet med samkøyring av utdanningar.

– Eg skal, saman med så mange som mogleg i organisasjonen, både fagleg og administrativt tilsette, organisera for at me kan levera  på dei måla som ligg i plattforma. Det er ei verd i bevegelse me jobbar innanfor. Det som var smart i fjor, er ikkje sikkert er så smart neste år.

Hustad seier det er vanskeleg å seia allereie no kva som blir det mest utfordrande med prosessen, men at noko vil kreva meir arbeid enn andre ting. 

– Den faglege organiseringa er det sentrale her. Me skal levera undervisning og forskingsbaset undervisning til studentar som igjen skal ha eit arbeid, anten på Vestlandet eller andre plassar. Me må passa på at me organiserer oss på ein sånn måte at me sikrar koplingane som er nødvendige for at ein får fagleg sterke og gode utdanningar, som er etterspurde. Det vil sikkert vera delte meiningar rundt kva som er den luraste måten å organisera seg på.

Få på plass instituttstruktur

I første omgang er det instituttstrukturen som må på plass.

– Me må sjå på studieporteføljen innanfor gitte moglege institutt. Me har så vidt starta med å snakka med sittande dekanar og skal ha fleire rundar med dei. Men det er grenser for kor langt me kan gå før me har fått på plass nye dekanar, seier Hustad, og legg til:

– Det ligg i køyreplanane no at ein må få tilsett prorektorar og dekanar i passe tempo framover. Eg har eit håp om at me har landa instituttstrukturen på denne sida av sommaren, men me har sjølvsagt ikkje fått tilsett instituttleiarane til dess.

Før ein ny strategi føreligg, er det fusjonsavtalen som ein jobbar ut i frå. 

– Førebels er fusjonsplattforma det mest retningsgivande dokumentet me har. Strategiprosessen startar truleg ikkje før til hausten. Det er eit romsleg dokument, og eg har full tillit til at folk brukar erfaringa si og faglegheita si til å fylla den ramma fornuftig, seier Hustad.

Les også: Fleirtal for fire fakultet

Skal tilsetta fleire

Målet for programmet er ein godt beskriven organisasjon tidleg nok til at alle er godt innplasserte 01.01.2018.

– Førebels har me nokre av dei som var i det gamle fusjonssekretariatet som hjelper meg. Men det er seks nye rollar som skal fyllast, dei vart utlyst internt denne veka. Eg skal ha inn prosjektleiarar for administrativ, fagleg og digital organisering. Til saman vil me vera mellom 8 og 10 personar som kjem til å jobba med å drive prosessane fram mot prosjektmåla.

Programmet treng folk som er fleksible, fortel Hustad. 

– Eg skreiv på nettsida når me lyste ut stillingane, at me må ha folk som trivst å gå medan kartet bli teikna. Dei kan ikkje venta på at kartet blir teikna for dei. Me må bevega oss i dette terrenget me har. 

Håpar på minst mogleg bråk

– Kva håpar de å oppnå?

– For OU-programmet sin del, så er det at me skal komma ut av prosessen med minst mogleg bråk og at flest mogleg er tilfreds. Så er det opp til andre å seia kva som er eit godt resultat, og kva som er den gode måten å organisera seg på. Det er det til sjuande og sist styret som skal beslutta i dei overordna spørsmåla. Eg har stor respekt for at me har eit styre, og ein organisasjon med einskapleg leiing. Min jobb er at me leverer på den bestillinga som styret har gitt rektor og programmet. Det er mykje som skjer rundt oss som me ikkje har kontroll på. Men me må prøva å ha litt ambisjonar på programmet sine vegner.

– Kjem det til å bli kutt i administrasjonen?

– Det er ei uaktuell problemstilling, i alle fall så lenge eg sit i programmet. Det er fastslått i plattforma at ingen skal mista jobben. Det er den eg forheldt meg til. Men endringar vil folk oppleve, her som i andre sektorar.

Hustad meiner at endring ikkje treng å vera noko negativt.

– Så langt som eg kjenner sektoren, så er det ansvarlege arbeidsgjevarar. Me snakkar truleg om forsvinnande få som må omskulerast, men om det skjer så må det vera ei stor glede tenker eg. Eg har per dags dato ikkje hatt eit år i mitt yrkesaktive liv kor eg ikkje har måtta gjort ting eg i utgangspunktet ikkje kan. Me må ha ei haldning til dette, kor me kan seie at jammen er me heldige som har full jobbtryggleik, og som får vera med på ei endringsreise og læra nye ting. Det er ei sann glede. 

– Ein ressurs at me er ulike

Hustad vil bli godt kjent med regionen det komande året.

– For min del, får eg – som trønder – no enno betre høve til å bli kjent med ein heil vestlandsregion. I frå Haugesund i sør og nordover til Førde. Sogn og Fjordane kjenner eg jo litt etter å ha jobba i og frå fylket i snart 30 år, og eg har budd i Bergen i mange år. Sunnhordland er minst kjent for meg. Det kjem veldig mange flinke folk der i frå. Det har eg lært meg å sjå i desse dagar.

Med lange avstandar er digitalisering blitt eit viktig punkt for den nye institusjonen. 

– Me skal reisa minst mogleg, me har ein bra digital motorveg, som me skal gjera endå betre, og så må me læra oss så køyra på den motorvegen. Det går også på kulturbiten. Me må legga til rette digitalt, og kulturelt. Me må utarbeida ein felles køyrestil.

– Har du merka ulikheiter mellom dei tre gamle institusjonane?

– Menneske er relativt like seg sjølv uansett kor ein er i verda, men med ulike utsyn. Eg var i Haugesund førre veke, og der ser ein berre horisont. Her i Sogndal ser ein berre fjelltoppar. Det pregar måten å vera på. Men det er ein ressurs at me er ulike, meiner Hustad.