Dette er kvinnene som har fast vitskapeleg stilling i historie ved Universitetet i Bergen. Frå venstre Astri Andresen, Camilla Brautaset og Elisabeth Haavet, alle professorar. Deretter førsteamanuensis Ines Prodöhl og professor Anne Bang.
Dette er kvinnene som har fast vitskapeleg stilling i historie ved Universitetet i Bergen. Frå venstre Astri Andresen, Camilla Brautaset og Elisabeth Haavet, alle professorar. Deretter førsteamanuensis Ines Prodöhl og professor Anne Bang.

Historiefaget på kvinnejakt

Ved Universitetet i Bergen er berre 30 prosent av masterstudentane i historie kvinner.

Publisert Sist oppdatert

— Det er jo litt skildrande for situasjonen at me er så få at me kan samlast rundt eitt bord, vert det humra.

Historiefaget ved Universitetet i Bergen har berre fem kvinner i faste vitskapelege stillingar.

Dette er ikkje så ulikt situasjonen ved historiefaget ved dei andre breiddeuniversiteta i Noreg: Ved Universitetet i Oslo kom det i 2013 ein rapport om situasjonen ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH). Der var det få kvinner i fast vitskapeleg stilling. Det var heller ikkje noko nytt; allereie i 2007 kom det ei evaluering av norsk historiefagleg forsking, frå Forskingsrådet. Der heitte det at «utvalget anbefaler at institusjonene utviser betydelig større oppmerksomhet og innsats for å oppnå bedre kjønnsbalanse i stillinger på alle nivåer».

40 prosent på doktorgrad

Ved Universitetet i Bergen er det no i gang eit prosjekt som skal sjå på korleis historiefaget kan tiltrekkja seg fleire kvinner.

— Fagmiljøet i historie er uroa for rekrutteringa av både kvinnelege studentar og tilsette og har sett i gang eit utgreiingsarbeid. Ingen konkrete forslag er førebels diskutert.

Det skriv instituttleiar Jan Heiret, som leiar Institutt for arkeologi, historie, religions- og kulturvitskap (AHKR).

Historiefaget, som er ein del av det store AHKR, har altså ein låg kvinneandel – særleg i faste stillingar. Vi har samla dei fem kvinnene på kafé – før UiB og resten av sektoren stengde ned på grunn av koronautbrotet.

— Det viktige er at ein ikkje kamuflerer tala ved å sjå på for store einingar. Ser ein på Det humanistiske fakultetet, eller på instituttet me er ein del av, er ikkje tala så verst.

Det seier Elisabeth Haavet. Ho er professor, og seier lett sjølvironisk at ho er den einaste av dei rundt bordet som jobbar med det fordommane seier at ein kvinneleg historieprofessor skal: Sosialhistorie med fokus på kjønn.

Stabilt lågt på master

Tala for historiefaget viser at fordelinga mellom mannlege og kvinnelege studentar er 60-40. Men på masternivå er det annleis. Det er berre tretti prosent kvinnelege studentar på masternivå. Rekrutteringa av kvinner til masterstudia i historie har over tid vist seg å vera stabilt låg.

— Men for avlagde doktorgradar er tala meir positive enn eg trudde, der er det òg 40 prosent kvinner dei siste åra. Andelen var mykje lågare for nokre år sidan, seier professor Astri Andresen.

— Om dette er ei reell endring, står likevel att å sjå.

Det eine er jo å få kvinner til å velja historie når dei kjem frå vidaregåande skule. Hovudansvaret vårt er å få dei vidare frå bachelor til master

Camilla Brautaset, professor

Dei fem kvinnene er opptekne av korleis dei kan både få fleire kvinnelege kollegaer, men òg kvinnelege studentar.

— Det handlar om å ha gode rollemodellar. Alle me har førelesingar – men me er berre fem, seier Camilla Brautaset.

Ho er professor, og fortel at ho er medviten om å «visa fram» kvinnelege studentar og stipendiatar.

Fem historiekvinner rundt eit bord. Nokre eldre enn andre, kommenterer Elisabeth Haavet (63) på bordenden sjølvironisk.Hilde Kristin Strand

— Utfordringa er todelt. Det eine er jo å få kvinner til å velja historie når dei kjem frå vidaregåande skule. Hovudansvaret vårt er å få dei vidare frå bachelor til master, seier Brautaset.

— Men når ein ser at det er mogleg å vera kvinne og professor i historie, kan det føra til fleire kvinnelege studentar, trur Haavet.

Komitearbeid

Anne Bang, også ho professor, trur historiefaget har ei utfordring med at det er så breitt.

— Ein ser ikkje at det er ein svær pott i midten.

Sjølv kom ho frå antropologi, og forskar særleg på Midt-Austen og Afrika.

— Det er så mange spørsmål ein kan stilla, seier ho.

Men når ein er få kvinner, er det òg mange administrative oppgåver som må delast på få. Det er mellom anna krav om kvinner i alle komitear.

Tilråding: Sjå til utlandet

Det eine er altså få kvinner på masternivå. Då fører det fort til at det kan verta færre kvinner som går vidare – og få å velja mellom når ein skal tilsetja i faste, vitskapelege stillingar. Då kan ei løysing vera å sjå til utlandet.

Dette var ei av tilrådingane i rapporten som UiO fekk laga i 2013. Der heiter det at mange av dei som er tilsette ved historiefaget ved UiO er rekrutterte frå eigne rekkjer. Difor bør ein gå aktivt ut over eigne rekkjer, både nasjonalt og internasjonalt, i arbeidet med å trekkja til seg fleire kompetente kvinnelege historikarar.

Ines Prodöhl kom frå Tyskland til Bergen til førsteamanuensisstilling i 2018. Ho fortel at hennar interesse for historiefaget kom då Berlinmuren fall. Prodöhl kjem frå det tidlegare Aust-Tyskland, og fortel at ho neppe hadde fått gå på vidaregåande skule dersom verda ikkje hadde endra seg tidleg på 1990-talet. No er det særleg europeisk og global historie frå slutten av 1900-talet ho jobbar med.

Prodöhl er oppteken av å visa at det ikkje er skilnader mellom «mannleg» og «kvinneleg» historie.

— Eg har oversiktsførelesingar om tida etter 1945. Studentane kan sjølve velja kva dei vil skriva om, og dei vel både Brexit og 68-opprøret, seier ho.

Ikkje eit kvinnefakultet

Kvinnene rundt bordet er samde om at dei kan verta flinkare til også å inkludera pensumlitteratur skriven av kvinnelege historikarar. Dei er òg samde om at det er fint at ein kan visa at Det humanistiske fakultetet ikkje berre er for kvinner.

— Det er bra for humaniora at det kjem mannlege studentar. Men det er ei utfordring at dei berre kjem til oss, seier Brautaset.

Ho fortel at dei ho har rettleidd til master, i dag har ulike jobbar. Det meiner ho viser at historikarar kan brukast til så mangt.

— Sjølv byrja eg med fisk, fortel professoren.

— Ikkje alltid, men veldig mange dagar, synest eg at eg har verdas beste jobb.

Av og for menn

Ved NTNU har kvinnene òg vore i mindretal, noko som mellom anna førte til kronikken «Herrenes historie, igjen?» i 2018, kronikken vart også publisert i Khrono. Den skreiv 29 kvinnelege historikarar etter at Historisk Tidsskrift nummer 4 2017 var eit nummer med berre mannlege forfattarar. I tillegg var det menn som hadde skrive alle bøkene det var skrive bokmelding om – av menn.

— Dette nummeret vart ein merkverdig demonstrasjon av at historiefaget igjen ser ut til å ha vorte eit fag for menn, av menn og om menn, skreiv kvinnene.

Universitetsavisa intervjua Aud Mikkelsen Tretvik etter kronikken. Ho var ei av dei som skreiv under, og ein av fire kvinnelege professorar ved Institutt for historiske studier (IHS) ved NTNU.

Etter at denne kronikken vart skriven, finst ikkje IHS lenger, men er etter ein langvarig konflikt delt inn i Institutt for historiske og klassiske studier og Institutt for moderne samfunnshistorie.

Då styret ved NTNU skulle vedta desse namna, vart likestillingsargumentet brukt, skreiv Universitetsavisa. I tillegg sendte Siri Øsyebø Sørensen, som er likestillingsombod ved Det humanistiske fakultetet ved NTNU, eit brev til fakultetsstyret, som òg vart lagt ved sakspapira til universitesstyret.

Usemje ved NTNU

«Historiefaget har lenge hatt en utfordring med å være maskulint konnotert og dominert. Vi vet at kjønnede forestillinger om fag skapes i samspillet mellom hvem som er representert i faget og innholdet i den faglige aktiviteten. Kvinner har i historiefaget vært marginalisert langs begge akser. Denne dynamikken er selvforsterkende gjennom at rekrutteringsmønstre påvirkes. Det må dermed ofte både høy bevissthet og aktive grep til for å skape endring. Jeg forstår at det i praksis har endt opp slik at kjønnsbalansesituasjonen er ulik ved de to instituttene, og at det av mange grunner er den eneste mulige og den riktige løsningen. Dermed blir det, sett i et langsiktig likestillingsperspektiv svært viktig å ta et bevisst valg omkring hvorvidt man bør bidra til å befeste marginalisering av kvinner gjennom måten eierskap til fagfelt signaliseres på i navnsetting av fagmiljøer», skreiv Sørensen.

Spørsmål om kontekst

I ein e-post skriv ho at det er naudsynt å nærma seg spørsmålet om kjønnsbalanse ut frå konkrete kontekstar og med utgangspunkt i kven som kan handla.

— På instituttnivå kan til dømes den naudsynte kartlegginga for å stilla problemdiagnose dreia seg om å ta utgangspunkt i korleis møsteret ser ut i stillingskategoriar no og over tid, for å finna ut kor i løpet frå student til professor ubalansen oppstår, skriv Sørensen.

— Samanhengane mellom kven som er representerte i eit fagfelt, innhald i faget og internt hierarki mellom kunnskapsområde innanfor eit fagfelt, er noko ein må ta på alvor. Generelt tenkjer eg at det, for å forstå desse dynamikkane, er klokt å lytta til dei som opplever å vera marginaliserte, skriv Sørensen vidare.