Kva fag vil <span class="caps">HF</span>-studentar i framtida få tilbod om? Ei stor omlegging av fakultetet sitt studieprogram pågår no. Foto: Hilde Kristin Strand
Kva fag vil HF-studentar i framtida få tilbod om? Ei stor omlegging av fakultetet sitt studieprogram pågår no. Foto: Hilde Kristin Strand

Slik kan nye HF verta

Publisert

Faga på Det humanistiske fakultetet vert delt inn i studieprogram og studieretningar. – Dette er ein naudsynt prosess, seier dekan Margareth Hagen.

Ved Det humanistiske fakultetet er det vedteke at alle fagmiljø skal ha minst tre vitskapeleg tilsette. Det går ikkje lenger, meiner fakultetsleiinga. I heile år har ein jobba med HF2018, eit prosjekt som ser på kva studietilbod ein gir, og på kva ein bør tilby i framtida. Måndag inviterte dekan Margareth Hagen og Claus Huitfeldt, prodekan for utdanning, til allmøte.

Prodekan for utdanning, Claus Huitfeldt, leiar arbeidet med HF2018. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Prodekan for utdanning, Claus Huitfeldt, leiar arbeidet med HF2018. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

– Dette er ein naudsynt prosess. Utfordringane våre er at me har mange disiplinbaserte studieprogram, og svak rekruttering til fleire av programma. Ei anna utfordring er å fortelja studentane korleis det me tilbyr er relevant for arbeidslivet. I tillegg kjem kriteria våre for fagleg bemanning og krava om større fagmiljø og program frå Nokut, sa Hagen.

Mål: Større fagmiljø
Det humanistiske fakultetet har dårleg økonomi. I fjor enda rekneskapen med ti millionar kroner på minussida, i år reknar ein med å gå med eit underskot på fem millionar. I fjor var posten til vikarbruk ved fakultetet på heile 17 millionar kroner. Huitfeldt understreka at ein ikkje utan vidare kan setja dette talet opp mot underskotet. Men likevel er det slik i dag at fordi nokre av fagmiljøa er så små, utløyser det automatisk bruk av vikar dersom ein vitskapeleg tilsett skal ha forskingstermin eller får eit tungt verv.

HF 2018

Studieprogram:
Historie og kultur
Studieretningar:
Historie, kulturvitskap og kulturforvalting

Studieprogram:
Klassisk filologi
Studieretningar:
Gresk, latin

Studieprogram:
Europeiske språk og litteratur
Studieretningar:
Tysk, fransk, russisk og italiensk språk og litteratur

Studieprogram:
Arabiske og aust-asiatiske språk
Studieretningar:
Japansk språk, kinesisk og arabisk språk og litteratur

Studieprogram:
Nordisk og lingvistikk
Studieretningar:
Nordisk språk og litteratur, lingvistikk, språkvitskap, norsk som andrespråk

Studieprogram:
Litteratur, teater og retorikk
Studieretningar:
Litteraturvitskap, teatervitskap, retorikk

Studieprogram:
Kunsthistorie og digital kultur
Studieretningar:
Kunsthistorie, digital kultur

Studieprogram:
Arkeologi
Religionsvitskap
Filosofi
Engelsk og amerikansk språk og  litteratur
Spansk og latinamerikastudium
Kjønnsstudium

Dette er forslaget per juni 2016. Målet er å få nokre tverrfaglege studieprogram som går utover dagens faggrenser.

 

Målet for HF2018 er å få større fagmiljø, styrka tverrfaglegheit og fleirfaglegheit og auka arbeidslivsrelevansen. Samstundes håpar ein å redusera sårbarheit og underskot.

Korleis skal dette så gjerast i praksis?

Faga ein har i dag, vert delt inn i studieprogram. Innanfor studieprogramma kan ein så velja ulike studieretningar (sjå oversikt i faktaboks). Årsstudium og dei integrerte lektorutdanningane vert ikkje endra.

– Alle programma skal ha fellesemne, 15 studiepoeng på master og 15 studiepoeng på bachelor-nivå. Nokre fag vert som i dag, men dei skal òg greia ut om fellesemne for å sjå om dei kan bidra til dei mindre faga, sa Huitfeldt.

Fellesemna skal erstatta fagspesifikke emne, og kan typiske vera eit metode- eller teoriemne. Planen er å redusera emneporteføljen og å gjera talet på valfrie emne mindre. Slik håpar ein at undervisninga vert mindre personavhengig. Ein reknar òg med å kunne spara mellom sju og ti stillingar.

– Bemanningsplanen me har i dag gjer at nedbemanning vert vilkårleg. Dersom me skal redusera talet på tilsette vil me gjera det styrt og strategisk, ikkje fordi nokon går av med pensjon, sa Hagen.

Krangla med statsråden
Fakultetsleiinga har sett ned arbeidsgrupper som innan utgangen av august skal koma med forslag til nye studieretningar. Vedtak skal gjerast i fakultetsstyret i desember.

Går det for fort? Det var eitt av spørsmåla som kom frå tilhøyrarane på møtet. Vidare: Reduserer ein kvaliteten? Og korleis skal ein få dei nye fellesemna til å passa inn når nokre institutt i dag tilbyr emne på ti studiepoeng?

Det går fort. Men ikkje for fort, meiner dekan Hagen.

– Dersom me kunne site roleg og slappa av dei fire åra me er dekanat, ville me kanskje gjort det. Men HF ved UiB har ein stor breidde, og me vil kjempa for denne breidden. Eg prøvde å krangla med statsråden då han var i Bergen i høve utdelinga av holbergprisen, og det som kjem frå den kanten, er eit mantra om store fagmiljø. Det er òg tilbakemeldinga frå dei som jobbar med humaniorameldinga.

Humaniorameldinga skal etter planen lanserast i desember.

– Dersom me ikkje får til å bevara breidden her hos oss, må me forhandla med Oslo om fag. Eg seier ikkje det for å trua, men det er dessverre slik det ser ut, la Hagen til.