På den daglege pressekonferansen om koronasmitte. Reiseråda endrar seg frå dag til dag. Foto: Mats Arnesen
På den daglege pressekonferansen om koronasmitte. Reiseråda endrar seg frå dag til dag. Foto: Mats Arnesen

Hentar både studentar og tilsette heim

Universitetet i Bergen tilbyr både praktisk og økonomisk støtte slik at utvekslingsstudentar og tilsette skal kunne koma seg raskast mogleg heim.

Publisert

Utanriksdepartementet oppmodar alle norske borgarar som er på reise i utlandet om å vurdera å reisa heim så snart som mogleg. Det kom fram i ei pressemelding lørdag. Fredag var råda noko annleis, då sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide at dette ikkje var tida for å reisa til utlandet. Samstundes slo Kunnskapsdepartementet fast at norske studentar som er på utveksling i utlandet er dei norske institusjonane sitt ansvar.

No hentar tilrår fleire norske utdanningsinstitusjonar at studentane som er på utveksling kjem heim.

UiB betalar

— Me har sendt ut informasjon til alle studentane våre som er på utveksling der me tilrår at dei kjem heim.

Oddrun Samdal seier UiB vil bidra økonomisk for å få stundentar heim. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Oddrun Samdal seier UiB vil bidra økonomisk for å få stundentar heim. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Det seier Oddrun Samdal, viserektor ved Universitetet i Bergen, til På Høyden. Ho understrekar at det er studentane sjølv som må bestemma om dei vil reisa heim. Men sjølv om nokre studentar er på utveksling i land der det er lite korona-smitte, tilrår Samdal at dei kjem heim. Det gjer ho fordi ein ser at fleire land no stengjer grensene, og det vert vanskelegare å få tak i flybillettar.

— Men det kan vera dyrt å skaffa seg flybillett på kort varsel. Må studentane betala sjølv?

Me tilbyr både praktisk hjelp til å skaffa billettar og økonomisk støtte til å kjøpa billettar

Oddrun Samdal

— Me tilbyr både praktisk hjelp til å skaffa billettar og økonomisk støtte til å kjøpa billettar, seier Samdal.

— I tillegg har me eit auka samarbeid med studentsamskipnaden Sammen. Dei rustar opp rådgivingstenesta si, men kan òg tilby bustad. Ein del av dei som er på utveksling sa opp hybelen sin i Bergen før dei reiste, seier Samdal.

Lørdag ettermiddag skriv kommunikasjonsdirektør Tor Godal i ein sms til På Høyden at også tilsette i utlandet, som er på forskingsopphald eller anna opphald, vert tilrådde å koma heim.

Fleire andre gjer det same

Fleire andre institusjonar, som Høgskulen på Vestlandet, NLA Høgskolen og Høgskolen i Innlandet betalar òg for å få sine heim. Andre institusjonar tilrår også heimreise.