Det var tett med folk på Muséplassen då Universitetsmuseet hadde nyopning. 15 000 har allereie vore inne. Foto: Tor Farstad
Det var tett med folk på Muséplassen då Universitetsmuseet hadde nyopning. 15 000 har allereie vore inne. Foto: Tor Farstad

15 000 har besøkt museet etter nyopninga

Det er tydeleg at mange har sakna å kunne gå på dyremuseet. Universitetsmuseet rapporterer om besøksrekord etter nyopninga.

Publisert

På Høyden skreiv om besøksrekord med over 2 300 besøkande den første helga etter at Universitetsmuseet sine naturhistoriske samlingar igjen opna for publikum. Men dette var ikkje dei einaste dagane ein måtte stå i kø dersom ein ville inn og sjå det nye, gamle museet.

Tilrår å koma seint

UiB Aktuelt skriv at allereie to veker etter nyopninga har besøkstalet nådd 15 000. Mange har stått i kø ei heil stund før dei har fått koma inn og sjå. Av omsyn til tryggleiken kan det ikkje vera meir enn 700 besøkande i bygget samstundes, og midt på dagen i helgene har ventetida vore nærare ein time.

Slik ser det ut inne i den nyoppussa kvalsalen. Kristiane Strand Øksnes fekk koma inn før dei andre. Foto: Tor Farstad
Slik ser det ut inne i den nyoppussa kvalsalen. Kristiane Strand Øksnes fekk koma inn før dei andre. Foto: Tor Farstad

Eli Hausken er hussjef, og fortalde etter den første opningshelga om lett kaos. Då var det tusen menneske som ville inn på ein gong. Ho tilrår å koma seint på dag dersom ein har høve til det.

— Etter klokka 14.30 søndag hadde me ingen kø, sa Hausken.

Nøgd direktør

Museumsdirektør Henrik von Achen seier at besøkstala er meir enn ein hadde håpa på.

— Me hadde høge forventingar, for me veit at dette er noko mange har venta på, seier han til UiB Aktuelt.

Kari Aarrestad, som leiar formidlingsavdelinga ved museet, seier at mange av dei besøkjande er glade for gjensynet med kvalsalen og mange av dyra. Mange seier òg at dei er glade for at bygget er teke så godt vare på.