Institutt for global helse og samfunnsmedisin kan ha mange fordelar av å flytte fra et gammelt spedalsk-sjukehus til eit moderne bygg i ei helseklynge, trur instituttleiar Guri Rørtveit.
Institutt for global helse og samfunnsmedisin kan ha mange fordelar av å flytte fra et gammelt spedalsk-sjukehus til eit moderne bygg i ei helseklynge, trur instituttleiar Guri Rørtveit.

Ser fram til å flytte til helseklynga

Publisert

Mens psykologane ved Institutt for klinisk psykologi ser ein del motargument mot å flytte til helsecampusen, er det andre fagmiljø som gler seg til eit nytt tilvære på Årstadvollen.

Guri Rørtveit kjem til å sakne det spedalske. Ikkje pasientane, for dei er borte for lenge sia. I 1955 var det berre sju pasientar igjen ved Pleiestiftelsen for spedalske No. 1, i Kalfarveien 31. Som leiar for Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det det historiske suset frå lepraforskinga Rørtveit kjem til å sakne.

– Vi har vore her i 13 år, og er veldig stolte over å vere her. Vi synest lokala våre er heilt fantastiske på grunn av lepraforskingsmiljøet som har vore her, seier Rørtveit til På Høyden.

Kalfarveien 31 var eit mønstersjukehus for spedalske då det sto ferdig - i 1857. Foto: Tor Farstad

Har vakse ut av lokala
Den toetasjes trebygningen blei tatt i bruk som statleg sjukehus for spedalske i 1857, og var då eit mønster for moderne sjukehusarkitektur. Pleiestiftelsen blei og heim for det første nasjonale medisinske personregister i verda: Lepraregisteret. Sia har mellom anna Nasjonalt fødselsregister fått plass i bygget.

Men no skal instituttet etter planen flytte til første byggetrinn på den nye helsecampusen på Årstadvollen, som kjem der gamle odontologen står.

Samarbeid om helseklynge

UiB deltar i et formelt samarbeid med Byrådsavdeling for helse og omsorg (BHO) i Bergen kommune, Helse Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Uni Research Helse om forskning, innovasjon og utdanning i helse- og omsorgssektoren.

UiB planlegger å opprette en helseklynge på Årstadvollen i samarbeid med blant annet Høgskulen på Vestlandet og Bergen kommune.

Helseklyngen skal lokaliseres på Årstadvollen i Bergen, like ved Haukeland universitetssykehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Klyngen skal bidra med nyskapende forskning, utdanning og innovasjon for å møte fremtidens behov for helse- og omsorgstjenester utenfor sykehus.

Målet er å gjøre Helsecampus Årstadvollen til et internasjonalt kraftsentrum som skal skape innovative helse- og omsorgsløsninger.

Flere sentrale aktører fra UiB skal involveres i helseklyngen, blant annet Det medisinsk-odontologiske fakultet, Det psykologiske fakultet, Det samfunnsvitenskaplige fakultet, Det juridiske fakultet, Helse Bergen, Bergen kommune, Høgskolen i Bergen, aktører innen legemiddelindustrien, aktører innen næringslivet, Bergen Teknologioverføring, UNI Helse og Folkehelseinstituttet.

 

 

 

– Vi er innstilt på at vi skal flytte, og har vakse ut av lokala. Vi ser at vi kan få flotte lokale reint teknisk, og vi kjem nærmare Senter for internasjonal helse, som er ein del av instituttet, og allereie held til på Årstadvollen. Men det aller viktigaste er at vi skal lage ei helseklynge retta mot både primærhelsetenesta og helsefremjande arbeid i samfunnet generelt, seier Rørtveit.

Ved Institutt for klinisk psykologi er dei meir delte i synet på flyttinga, då det vil innebere å flytte vekk for forskingsmiljøet dei i dag samarbeider mest med: Institutt for samfunnspsykologi.

– Men her på instituttet støttar vi heilhjarta opp om planen. På Åstadvollen kan vil bli ei nasjonal drivkraft på eit område som verkeleg treng opprusting og satsing.

Ikkje berre Årstadvollen
Rørtveit ser òg fram til å halde fram med å vidareutvikle samarbeidet med Uni Research, Bergen kommune, Høgskulen på Vestlandet, psykologimiljøa og andre som flyttar opp.

– Og helseklynga handlar ikkje berre om dei som skal vere på Årstadvollen, men òg om miljø som er rundt. Heile poenget med ei helseklynge er at ho skal vere ein nasjonal motor som drar med seg fleire miljø, som ikkje er lokalisert der. Dette er ein måte å setje Vestlandet på kartet på, seier ho.

Klynga vil òg gjere det muleg å få studentane meir engasjert i det daglege miljøet ved instituttet.

– Det gler vi oss til, og trur studentane blir ein kjemperessurs i det nye bygget. 

Byggetrinn 1 av den nye helseklynga kjem der det gamle Odontologibygget står. Foto: Tor Farstad 

Kjem ovanfrå
I Christies gate 13, som UiB vil selje, ligg Hemil-senteret. Med masterprogram innan både barnevern, global utvikling og helsefremjande arbeid er aktiviteten faglet spreidd, og Hemil-senteret er planlagt flytta til Årstadvollen.

– Eg har på sett og vis tenkt at dette er veldig i tråd med vårt fagfelt. Det tverrfaglege ligg i botn hos oss, seier senterleiar Elisabeth Fosse.

At senteret kjem nærare Bergen kommune og andre samarbeidspartnerar er og positivt, meiner ho.

– Det er heilt sentralt at vi kjem nærare kommunen. Og dette er heilt i tråd med dei signala vi får frå Forskingsrådet.

Endringar skaper likevel debatt, noko som òg skjedde då konseptet blei presentert for dei tilsette ved Hemil-senteret.

– Når det er initiert ovanfrå blir det alltid debatt, seier Fosse.

Nokre har vore imot, men endå fleire for.

Godt å flytte frå nr. 13
– Eg har kunna presentere Hemil-senteret som ein villig og interessert partner, fortel ho.

Med Uni Helse, Høgskulen på Vestlandet og Folkehelseinstituttet er mange av dei viktigaste samarbeidspartnerane til Hemil-senteret med i helseklynga.

– Å flytte frå Christies gate 13 trur eg ikkje det er nokon som græt over.