Då instituttleiar Peter Andersen fekk kreft for eit par år sidan brukte han sykling aktivt under behandlinga. Foto: Dag Hellesund
Då instituttleiar Peter Andersen fekk kreft for eit par år sidan brukte han sykling aktivt under behandlinga. Foto: Dag Hellesund

Peter Andersen sykla frå kreften

Norske arbeidstakarar har tilbakelagt over 1,5 millionar kilometer så langt under Sykle til jobben-aksjonen. Instituttleiaren på geografi tok sykkelen til og frå Haukeland då han fekk kreft for eit par år sidan.

Publisert

— Etter ei cellegiftbehandling pleide eg å sykle eller gå meg ein tur om kvelden for å få svineriet ut av kroppen, fortel Andersen.

Sykle til jobben-aksjonen er i gang, og varer til 21. juni. Leiar Andersen på Institutt for Geografi er ambassadør for dei jobbsyklande, og vil gjerne ha endå fleire med.

På landsnivå er det rundtt 40 000 deltakarar, og dei har så langt sykla 1,5 millionar kilometer, som tilsvarar 37 gonger rundt jorda.

På Universitetet i Bergen er det 140 deltakarar, som saman har sykla, gått eller gjort annan fysisk aktivitet i 6073 kilometer.

Sykla og fekk cellegift

Men Andersen nøyar seg ikkje med å sykle til jobben nokre fine vår- og sommardagar: Han held hjula i gang heile året. Og sjølv då han fekk kreft gjekk det på to hjul i svingane:

— Eg har sykla ein heil masse til kreftundersøkingar, fortel han.

Òg mens han fekk cellegiftbehandling i åtte månader brukte han sykkel, ikkje til sjølve behandlinga, men elles i kvardagen. Og han har tru på at sykling hjelper:

— Om du skal tåle alvorleg medisinsk behandling er det bra å vere i god form. Moralen er at sykling ikkje hjelper mot alt, men om du først er uheldig, så hjelper det, seier Andersen.

Trening hjelper

Ei rekke forskningsstudium peikar på det same: Trening kan faktisk bremse kreft, slik som ein studie frå Andersens heimland, Danmar, omtalt i forskning.no.

— Det er viktig å tenke forebygging, seier instituttleiaren, som òg påvirkar sine tilsette til å sykle eller gå til jobben.

— Sykling hjelper mot hjarte- og karsjukdommar, men og mot nokre kreftformer.