Det gamle odontologibygget ser ikke mye lovende ut for forskning, utdanning og innovasjon rundt helse. Men i området kan det samles en helseklynge over 24 000 kvadratmeter.
Det gamle odontologibygget ser ikke mye lovende ut for forskning, utdanning og innovasjon rundt helse. Men i området kan det samles en helseklynge over 24 000 kvadratmeter.

Her kan det bli internasjonalt kraftsentrum for helse

Publisert

Det gamle odontologibygget skal etter planen rivast, og på staden kan det reise seg ei heil helseklynge, dersom universitetsstyret - og seinare departementet - godkjenner planane.

Prosjektet inkluderer to nybygg på kring 10 000 kvadratmeter kver, og full rehabilitering av Overlege Danielsens hus, som vil gi kring 4500 kvadratmeter. Nybygga blir der det gamle odontologibygget ligg i dag, og på parkeringsplassen i Årstadveien 23. 

Miljøa for samfunnsmedisin og delar av psykologimiljøet ved UiB skal få plass i klynga. Dessutan ønskjer ein å få inn samarbeidspartnerar som Uni Research, HiB, Bergen kommune, Folkehelseinstituttet og andre eksterne interessentar. 

Det ligg inne i planen å selge Christies gate 13, der mellom anna fakultetsadministrasjonen til Det psykologiske fakultetet held til. Ved å kvitte seg med 8800 kvadratmeter her, trur universitetsleiinga at dei vil kunne få inn 100 til 150 millionar kroner, som kan vere med på å finansiere prosjektet på Årstadvollen. 

Delar av psykologimiljøet vil då kunne flytte opp i eit nybygg i Årstadveien. 

Visjonen er at helsecampusen på sikt han huse alle helsefagstudentane i heile byen, og at han kan bli eit internasjonalt kraftsentrum for utdanning, forsking og innovasjon på feltet. 

Men for å sikre at visjonen blir sett på rette måten i Oslo òg, har universitetsleiinga leigd inn kommunikasjonsbyrået ZYNK for å jobbe med strategien for helseklynga som eit <<politisk prestisjeprosjekt>>, og for å lage ein sams kommunikasjonsstrategi både internt og eksternt. Zynk er blant dei største kommunikasjonsbyråa i landet, men mindre synleg enn konkurrenten First House. Tidlegare VG-profil Elisabeth Skarsbø Moen er blant dei tilsette.