Havforskingsinstiuttet har 750 tilsette. Hovudkontoret er på Nordnes, men delar av aktiviteten foregår på avdelingane i Tromsø og på forskingsstasjonane i Matre, Austevoll og Flødevigen. Arkivfoto: Paul-Erik Lillholm
Havforskingsinstiuttet har 750 tilsette. Hovudkontoret er på Nordnes, men delar av aktiviteten foregår på avdelingane i Tromsø og på forskingsstasjonane i Matre, Austevoll og Flødevigen. Arkivfoto: Paul-Erik Lillholm

Sjå lista: Stor søkning til HI-jobb

54 personar vil bli kommunikasjonsdirektør på Havforskingsinstituttet.

Tidlegare kommunikasjonsdirektør Kari Østervold Toft (61) gjekk i juni i år over til ei ny stilling ved Havforskingsinstituttet. Ho er glad for at det er mange sterke søkjarar på lista.

– Det er positivt for Havforskingsinstituttet at det er så stor interesse for denne stillinga. Det er ein spanande og kjekk jobb, seier Kari Østervold Toft til På Høyden.

Ho blei tilsett ved Havforskingsinstituttet i 1992. I 2005 vart ho tilsett som informasjonssjef. Stillinga vart omgjort til kommunikasjonsdirektør i 2007. Etter nær ti år i stillinga, ønska Kari Østervold Toft nye oppgåver.

Kari Østervold Toft er no spesialrådgjevar ved Fiskerifaglig senter for utviklingssamarbeid ved Havforskningsinstituttet.

– Hadde du tenkt lenge på å slutte?
– Nei, det hadde eg eigentleg ikkje. Eg hadde vore lenge i ei stilling som er krevjande. Ein tenker jo av og til på å bytte jobb, og ein blir jo ikkje yngre med åra.

Ein turbulent vår
I april storma det rundt Havforskingsinstituttet. Sjømatnæringa var urolege for at forskingsrapportar frå Havforskingsinstituttet kunne skade næringa. Konflikten eskalerte, og blei ytterlegare tilspissa då fiskeriminister Per Sandberg kom til Bergen for å ha møte med Havforskingsinstituttet og Norske Sjømatsbedrifters Landsforening (NSL).

–  ILaks antydar at det var turbulensen rundt Havforskingsinstituttet som gjorde at du ville gå av.  Er dette ein påstand du kjenner deg igjen i?

– Nei. Det stemmer ikkje. Eg er heldig å få jobbe i ein stor organisasjon, og når eg fekk høve til å bruke kunnskapen min ei anna avdeling og arbeide med utviklingssamarbeid, er det heilt fantastisk. Utviklingssamarbeid er ein viktig del av våre oppgåver, og dette er eit arbeid eg trivst godt med.

Konflikten har fått mykje medieomtale, og partane har ifølgje imr.no nyleg hatt eit dialogmøte i Trondheim for å betre samarbeidet.

Les også: Vi går ikkje rundt og lograr med halen for ei næring

Tunge navn på lista
Blant søkarane er TV-journalistane Dyveke Buanes og Thorstein Korsvold. Andre journalistar er også å finne på lista, blant anna Kjersti Sandvik frå FiskeribladetFiskaren. Tone Hartvedt, kommunikasjonssjef i Business Region står også på lista. Det same gjer Kjartan Mæstad, som i dag arbeider som kommunikasjonsrådgjevar ved Havforskingsinstituttet. Astri Inga Kamsvåg er i dag tilsett som kommunikasjonsrådgjevar ved NHH, men er også blant søkarane.

12 av søkarane har fått lov til å vere unntatt offentlegheit. Deira namn står difor ikkje på lista.

Her er lista:
Christian Lund (44), senior kommunikasjonsrådgiver, Oslo
Njål Richard Soleng (41), Samnanger
Nikolaos Karytinos (35), eier, leder fjærfe selskapet Karytinos G. Nikolaos, Skodje
Irmelin Hiorth Ersvær (27), skiftleder McDonald's, Bergen
Iren T. Hjønnevåg (38), butikkassistent, Bergen
Marianne Bjelland (24), avdelingsleder, Bergen
Håkon Sundal (24), driftstekniker, Bergen
Endre Askeland (46), prosjektleder, Øygarden
Kari H.Slaattelid (51), kommunikasjonssjef, Tromsø
Birgitte Ødven (46), rådgiver, Bergen
Vignesh Murugan (24), Graduated, Grimstad
Audun Grindheim (41), siviløkonom, Eidsvågneset
Søker er unntatt offentlighet, mann
Søker er unntatt offentlighet, kvinne

Geir Christian Helgesen (48), Group Marketing and Communication Manager, Meland
Marte Hatlevik (26), markedsleder, Hosteland
Heidi Skålevik (36), marketing Coordinator, Gexcon, Bergen
Solfrid Øvrebø (46), pedagog/adjunkt, Bergen
Ole Friele jr. (46), informasjonssjef, Bergen
Jannikke Berger (46), marketing and communication Specialist, Bønes
Gisle Johanson (50), kommunikasjonsrådgiver, Paradis
Søker er unntatt offentlighet, mann
Knut Jarle Vårdal (51), Bergen
Kjartan Mæstad (50), kommunikasjonsrådgiver, Bergen
Søker er unntatt offentlighet, mann
Janicke Allers (49), rådgiver, Bergen
Søker er unntatt offentlighet, kvinne
Åshild Nakken (43), direktør Marked og Forretningsutvikling, Bergen
Astri Inga Kamsvåg (47), kommunikasjonsrådgiver, Bergen
Søker er unntatt offentlighet, mann
Kjersti Sandvik (52), journalist, Bergen
Søker er unntatt offentlighet, mann
Eleanor Smith (31), senior kommunikasjonsrådgiver, Bergen
Tone Hartvedt (58), kommunikasjonssjef Business Region, Bergen
Bjørn Erling Sandnes (61), frilands kommunikasjonsrådgiver, Voss
Tine Randen (42), seniorkonsulent, Haugesund
Søker er unntatt offentlighet, mann
Søker er unntatt offentlighet, mann

Leif-Kjartan Bjørsvik (43), kommunikasjonssjef, Fjell
Søker er unntatt offentlighet, kvinne
Gisle Ledel Johannessen (42), informasjonssjef, Drift Vest, Statoil, Bergen
Søker er unntatt offentlighet, mann
Cato Johansen (41), innovasjonsdirektør, Kjerrgarden
Andreas Helgesen (39), manager marketing and communication, Bergen
Søker er unntatt offentlighet, mann
Anne-Kathrine Torvund (51), spesialkonsulent, ledertrening, Bergen
Thorstein Korsvold (40), reporter, Tv2 Nyhetene, Bergen
Kristine Holmelid (45), student ppu, UiB,
Jon Halstein Tjore (51), kommunikasjonsleder, Radøy
Line Jensen (26), kommunikasjon&markedsføringskonsulent, Bergen
Pia Kleppe Marken (44), regiondirektør i Forbrukerrådet, Sund
Pia Therese Bjurstrøm (31), arbeidssøkende, Bergen
Asle Steiestøl Wingsternes (41), strategisjef for kommunikasjon og marked, Bergen
Dyveke Buanes (43), journalist/programleder i TV 2, Bergen