Havforskningsinstituttet har 750 tilsette. Hovudkontoret er på Nordnes i Bergen, og delar av aktiviteten skjer i Tromsø og på forskingsstasjonane i Matre, Austevoll og Flødevigen. Foto: Colourbox.com
Havforskningsinstituttet har 750 tilsette. Hovudkontoret er på Nordnes i Bergen, og delar av aktiviteten skjer i Tromsø og på forskingsstasjonane i Matre, Austevoll og Flødevigen. Foto: Colourbox.com

Tidlegare UiB-direktør tilsett ved HI

Torny Aarbakke blir ny kommunikasjonsdirektør ved Havforskingsinstituttet (HI).

Torny Aarbakke har tidlegare vore formidlingsdirektør ved UiB. Ho har også vore tilsett ved NHH, Skatteetaten og Forbruker- og administrasjonsdepartementet.

Torny Aarbakke er no kommunikasjonsdirektør ved Konkurransetilsynet, der ho har vore tilsett sidan 2011.  Ho var ikkje oppført på den offentlege søkarlista.

– Ei så spennande kommunikasjonsstilling i ein så kompetent og viktig institusjon som Havforskingsinstituttet kjem ikkje ofte. Når eg fekk denne moglegheita måtte eg gripe den, sjølv om eg trivst svært godt i Konkurransetilsynet, seier Torny Aarbakke i ei pressemelding.

Torny Aarbakke har fredag ikkje svart på På Høyden sine forespurnader om å kome i kontakt.