Hans Wilhelm Steinfeld, med sin UiB-pin på jakkeslaget, før han møtte studentar i Bergen. Foto: Karl Kristian Langeland.
Hans Wilhelm Steinfeld, med sin UiB-pin på jakkeslaget, før han møtte studentar i Bergen. Foto: Karl Kristian Langeland.

- Ein veit aldri når eit etisk dilemma kjem på dørstokken

Publisert

Berre ein god månad etter at han var her sist, var Steinfeld tilbake på UiB for å dele sine erfaringar som journalist og tidlegare student på UiB med dagens studentar.

Den røynde journalisten og tidlegare utanrikskorrespondenten til NRK, som no jobbar i PR-byrået Corporate Communications, har sin bakgrunn frå UiB der han blei cand. philol. i 1977.

No, 37 år seinare, var han tilbake på universitetet for å gi litt kunnskap tilbake til dei som er studentar i dag.

Oppmerksam forsamling
<<Egget>> på Studentsenteret var fylt frå fremste til bakarste rad med fleire hundre lydhøyre studentar. Her var det lite fikling med mobilar eller andre ting. Fokuset var retta fram mot Steinfeld, og fokuset til Steinfeld sitt foredrag var retta mot studentane. Nærmare bestemt studentar i Aust-Europa.

– Eg har tenkt å dele mine tankar rundt korleis studentar i Aust-Europa, heilt frå 1945, reagerte systematisk mot diktatur, og det har jo også ein aktualitet gjennom dei overgrep Russland no gjennomfører ovanfor Ukraina, sa Steinfeld.

Veit aldri når eit etisk dilemma kjem
Steinfeld trur dagens studentar har mykje å lære av etterkrigstidas studentar i Aust-Europa.

– Å tenke sunt, tenke riktig og å tenke ansvarleg. Det er studentane som er framtida. Eg sjølv er allereie i bestefar-generasjonen. Du veit aldri når utfordringa kjem og studentane her er vår framtidige elite. Dei skal studere, dei skal styre landet, dei skal undervise neste generasjon. Ein veit aldri når det kjem eit etisk dilemma på dørstokken din, og då er det greitt å ha tenkt igjennom det på førehand. Det minskar faren for å feile, bomme og forråde den frie tanken, sa Steinfeld.

– Kan dagens studentar vere litt naive i sin tankegang?

– Vi har ein naivitet og den går på at vi alltid har eit behov for å halde med nokon, og då gjerne den svakaste part. Det kan virke edelmodig, men det er ikkje alltid at ein minoritet har rett. I den norske diskursen har vi ein tendens til å tenke at dei som gjer opprør alltid har den moralske rett på si side, og det er naivt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Det var ei lang kø med studentar utanfor Egget som ville høyre på Steinfeld. Og Egget vart fult. Foto: Karl Kristian Langeland

Utdanninga frå UiB har betydd veldig mykje
Etter at Steinfeld hadde forelese for studentane var det klart for ein samtale mellom han og rektor om tida som student på UiB. Og det var ingen tvil i at den har vore viktig for den tidlegare utanrikskorrespondenten som har høgare embetseksamen: Hovudfag i sovjetisk historie.

– Utdanninga ifrå UiB har betydd veldig mykje. Eg vart jo den yngste utnemnde korrespondenten i NRK si historie, den einaste som fekk fire korrespondentutnemningar. Utan hovudfaget i historie og den kunnskapen det gav meg, så hadde eg nok ikkje klart dei analytiske utfordringane som kunne kome brått på i dei 18 åra eg jobbar for NRK i Moskva. Ting kan skje så raskt i nyheitsjournalistikken at du ikkje får tid til å tenkje deg om. Du må simpelten vite det, fortalde Steinfeld.

Då rektor måtte <<kle på>> Steinfeld
Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, hadde også sjølv lagt merke til kor mykje tida som student på UiB må ha betydd for Steinfeld.

– Mange gongar har eg vore framfor TV-skjermen, sett på Dagsrevyen og fått Steinfeld inn i stova. Nesten kvar gong brukte han ein pin frå UiB på jakkeslaget sitt. Det er eit universitet som oss veldig stolte over, fortalte Olsen.

Men sjølv om Steinfeld ofte har gått med ein UiB-pin på jakkeslaget, så hadde rektor opplevd å møte Steinfeld utan dette symbolet på jakka.

– Då vi var på styreseminar i Moskva møtte vi mellom andre Steinfeld, men då utan pin, av ein eller annan merkeleg grunn. Då vart eg fint nøydd til å <<kle på>> han ein UiB-pin, mimra Olsen til stor latter frå både studentane og Steinfeld sjølv.

Ingen fast Steinfeld-sesjon
Som nemnt over er det ikkje meir enn ein god månad sidan Hans Wilhelm Steinfeld gjesta UiB sist. Då under immatrikuleringa i august, men det er likevel ingen fare for at Steinfeld no vert ein gjengangar på UiB.

– Eg kan avkrefte her og no at vi planlegg å ha Steinfeld-sesjon ein gong i månaden gjennom året, sjølv om det hadde vore utmerka, sa Olsen og hausta nok ein gong latter frå dei frammøtte, før han forsikra publikum om at det heilt sikkert ville blitt fulle hus då også, slik som i dag.