Sammen-hytta på Kvamskogen har plass til mange. Men fleire gongar har det vore mykje gris og søl etter at hytta har vore leigd ut til studentar. Foto: Sammen
Sammen-hytta på Kvamskogen har plass til mange. Men fleire gongar har det vore mykje gris og søl etter at hytta har vore leigd ut til studentar. Foto: Sammen

Redda i tolvte time: Søl, oppkast og rot på studenthytte – gjentekne gongar

Studentsamskipnaden si hytte vert ikkje selt endå. Men etter rapportar om oppkast, gris og søl, risikerer studentar å verta utestengde.

Publisert

Rusk, rask og flekkar i hytta, ekstremt klissete. Søl oppetter veggar. Spylukt i badstu og spylukt i vaskebøtter.

Dette er noko av punkta i ein rapport etter utleige av studentsamskipnaden Sammen si hytte på Kvamskogen. Denne har studentane hatt høve til å låna dei siste åra. Dei vil framleis kunne gjera det, men det er berre så vidt.

Går i minus

Velferdstinget Vest vedtok i sitt siste møte at ein ikkje skal selja hytta. Men samstundes vil det verta både eit høgare depositum som må betalast når ein får nøklane, og både enkeltpersonar og organiasjonar kan verta stengt ute dersom dei bryt leigeavtalen.

— Sammen går i minus på hytteprosjektet, så me må ta ei ny vurdering om eit år, seier Anette Arneberg.

Ho leiar Velferdstinget Vest.

— Det verkar som om det har vore ein ukultur blant nokre organisasjonar, der ein ser på depositumet som ein del av prisen for å kunne nytta hytta, seier Arneberg.

Anette Arneberg leiar Velferdstinget vest. Foto: Maiken Larsen Solholmvik
Anette Arneberg leiar Velferdstinget vest. Foto: Maiken Larsen Solholmvik

Hytta har 35 sengeplassar, og kan leigast av alle med gyldig studentbevis. Det kostar 9 000 kroner å leiga hytta ei helg. I tillegg må ein betala eit depositum på 5 000 kroner.

No har velferdstinget vedteke at det i framtida skal vera eit individuelt depositum på 500 kroner, men at samla depositum for å kunne leiga hytta skal vera minst 10 000 kroner.

Skap rive av hengslene

Studvest skreiv først om hyttesaka. Dei har mellom anna intervjua Lars Olav Knudsen, som er tilsett som vedlikehaldsmann for hytta. Han fortel om oppkast, gris og rot.

— Eg er tilsett som vedlikehaldsmann, ikkje vaskehjelp, seier Knudsen til Studvest.

Slik såg det ut ein av gongane han kom til hytta:

Me må syta føre at det vert ein god bruk av hytta, dette er eit gode for studentane.

Morten Stene

— Eit kjøkenskap var rive av hengslene, ei taklampe og ein stikkontakt smadra, ein panelovn løsna frå veggen og ei dør var røska av hengslene.

Frederick Gjethammer er ansvarleg for drifta av hytta. Han fortel til Studvest at det har vore fleire tilfelle der ein etter utleige har funne hytta med steikomnen på.

— Hytta kunne ha brunne ned, seier han.

Forbyr høgtalarar

— Me må syta føre at det vert ein god bruk av hytta, dette er eit gode for studentane.

Det seier Morten Stene. Han er velferds- og læringsmiljøansvarleg i studentparlamentet ved UiB, og ein av UiB sine representantar i velferdstinget vest.

Stene fortel at Sammen-hytta i eit ordinært hyttefelt på Kvamskogen, og at det har vore fleire tilfelle der naboar har klaga på bråk. No har velferdstinget difor vedteke at det ikkje skal vera lov å ha med eigne musikkanlegg eller høgtalarar på hyttetur.