Sofie Marhaug har site eitt år i universitetsstyret. Ho har ikkje endeleg landa på om det vert eitt til. Foto: Hilde Kristin Strand
Sofie Marhaug har site eitt år i universitetsstyret. Ho har ikkje endeleg landa på om det vert eitt til. Foto: Hilde Kristin Strand

Styre-val: Marhaug har ikkje bestemt seg for om ho stiller på nytt

Tida er inne for å nominera universitetsstyrekandidatar blant dei vitskapeleg tilsette i mellombels stilling. Sofie Marhaug har ikkje bestemt seg for om ho stiller for eit nytt år.

Published

— Det er spørsmålet eg stiller meg sjølv òg, seier Sofie Marhaug når På Høyden spør om ho stiller til val til universitetsstyret eit år til.

— Sannsynlegvis ikkje, men det er jo ikkje før torsdag eg må ha bestemt meg, legg ho til.

14. mars er nemleg fristen for å nominera kandidatar til gruppe B til universitetsstyret. Gruppe B representerer vitskapeleg tilsette i mellombels stilling, altså stipendiatar og postdoktorar, men òg forskarar, så lenge dei er tilsette ved UiB. Gruppe B vel, som studentane, sin representant kvart år. I tillegg skal det veljast tre vararepresentantar.

Berre eitt forslag

Måndag ettermiddag var det kome inn eitt godkjent forslag til kandidat. I fjor kom det fire, det same gjorde det i 2017 og 2016. Men nokre gongar har fristen for å koma med forslag vorte forlenga.

— Kvifor vurderer du å ikkje stilla, Marhaug?

— Det handlar om at eg allereie har mange verv, seier Marhaug.

I tillegg til å vera stipendiat i litteraturvitskap sit ho i bystyret for Raudt. Ho har takka ja til å vera toppkandidat for partiet før haustens kommuneval.

— Det kjem ein valkamp som vil krevja ein del tid. Raudt opplever auka oppslutnad, og då vil valkampen òg krevja meir av meg som toppkandidat. I tillegg kjenner eg litt på problemstillinga «rolleblanding», men eg meiner det skal gå greitt så lenge ein er medviten om det.

Universitetsdemokrati

Då Marhaug vart valt inn i universitetsstyret i fjor vår, gjekk ho til val på eit klart, politisk program. Motstand mot foretaksmodell var den saka ho særleg trekte fram då.

— Det viktigaste for meg er at ein får inn ein representant som har eit godt universitetspolitisk program. Då tenkjer eg særleg på det som gjeld universitetsdemokratiet, som at ein framleis skal ha valt rektor. Dersom det ikkje melder seg nokon som har eit godt program, er det mogleg at eg stiller til valt for eit år til, seier Marhaug.