Tysnes viste seg å vera ein kommune med mange stader der flaggermusa hadde tilhald då det vart gjort ei undersøking ved tusenårsskiftet. I alt fem flaggermusartar vart påviste. Ei av flaggermusholene ligg her ved Vevatnet. Foto: Svein Nord.
Tysnes viste seg å vera ein kommune med mange stader der flaggermusa hadde tilhald då det vart gjort ei undersøking ved tusenårsskiftet. I alt fem flaggermusartar vart påviste. Ei av flaggermusholene ligg her ved Vevatnet. Foto: Svein Nord.

Kultur- og naturhistorie frå Hordaland eit klikk unna

Publisert

På den nye kunnskapsportalen grind.no kan du bli betre kjent med over 800 stader i fylket vårt. – Me ønsker at folk skal få ei oppleving med å vandra og reisa i sitt eige nærområde, seier UiB-professor William Helland-Hansen.

Informasjon om landskap, busetnad, arkitektur, byggeskikk og miljø i Hordaland er mellom det du kan finna på den nye nettstaden som blir lansert i dag. 

Utgangspunktet for portalen er dei to kunnskapsbøkene om Hordaland; Kulturhistorisk vegbok (1993) og Naturhistorisk vegbok (2004).

– Skrivinga og innhenting av stoff til dei to bøkene var den verkelege jobben i dette. Portalen er ei tilrettelegging av det same stoffet i eit nytt format, seier redaktør for portalen og professor ved institutt for geovitskap, William Helland-Hansen.

Professor ved institutt for geovitskap ved UiB, William Helland-Hansen.
Professor ved institutt for geovitskap ved UiB, William Helland-Hansen.

Les også: UiB åpner grind til Vestlandet

Kan ta stoffet med på tur

Alt frå populærvitskapeleg lokalhistorie til tunge akademiske forskningsartiklar er tatt med. Målet om å få til ein eigen nettportal var lenge ein del av planen.

– Det kom ein tidleg versjon i 2009, men det var berre ei utlegging av sidene i pdf-format, og det var berre frå den eine boka. No har me med innhaldet frå begge bøkene, og det er mogleg å søka på sida. 

Som målgruppe har dei skuleklassar, turistar, og den «vanlege>> vestlendingen.

– Bøkene har selt eventyrleg godt, og det er mange hordalendingar som har eit forhold til dei, ei gruppe som er ute på tur og opptekne av sitt nærområde. Heile den brukargruppa vil me mobilisera på ein ny måte no som dei kan dei ta stoffet med seg ut i landskapet.

– Den einaste kritikken me har fått tidlegare var at bøkene var så tunge. No er alt inne i mobilen eller på nettbrettet og ein kan henta ut informasjonen ute i naturen.

<<Eit eventyr bak kvar haug>>

70 prosent av dei to bøkene er oversett til engelsk, og ein satsar på å få oversett alt, og lagt det ut på portalen.

– Det er mange av dei kunnskapshungrige turistane, som ikkje får alt dei ønsker av djupne-informasjon i dag. I framtida vil me gjerne legga meir til rette for bruk i skulane også.

UiB-professoren seier dette berre er starten, og at det er ingen grenser for kor mykje stoff ein kan fylla på med på nettsida. 

– Det er eit eventyr bak neste haug alle stader, og mange historiar som ikkje er kjende. Portalen famnar om heile breidda. Alt frå geologi, til botanikk, fauna, meteorologi, arkeologi og kunsthistorie. Det er så utruleg mykje interessant stoff som tåler dagens lys.

Kraftverket ved Herlandsfossen på Osterøy er ein av stadane Helland-Hansen anbefaler folk å utforska. 

Historie og identitet

Portalen er styrt av ein redaksjon som består av tilsette på UiB, og innhaldet er basert på forsking. 

– Me kjem til å setta ned referansegrupper frå alle fagområda, som overvaker sitt fagområde i denne regionen. Fagmiljøet hjå Fylkesmannen, og museum rundt om kring er også blant andre viktige kunnskapskjelder til portalen.

I tillegg til stoff om 800 stader i Hordaland finn ein eigne temakapittel på nettsida, som er fordjupningsstoff og som gjev eit breiare perspektiv på fylket.

Må ta vare på kulturminna

Helland-Hansen trur ei slik nettside kan få fram kor mykje Hordaland har å by på.

– Det handlar om historie og identitet, og det handlar også om å ta vare på kultur- og naturminner som vert utsette for press heile tida. Eg håpar at det kan bidra til ei bevisstgjering rundt alt det verdifulle me har rundt oss. Me ønsker at folk skal få ei oppleving med å vandra og reisa i sitt eige nærområde. Ein treng ikkje nødvendigvis reisa så langt.

På spørsmål om portalen kan bli ein kunnskapsbase for heile landet, er han ikkje avvisande.

– Det er ein fascinerande tanke. Heile strukturen ligg jo der ute på nettsida. Hordaland har noko som ingen andre fylker har, med ein tilgang på dette stoffet med så høg pedagogisk kvalitet. Det er freistande å tenka seg dette som ein pilot for ei nasjonal satsing, men det får me komma tilbake til seinare eventuelt, seier Helland-Hansen.