Mari Galambos Grue og Siri Aastad Kvaleid er to av seks Griegakademi-studentar som skal ha masterkonsert i universitetsaulaen. Dei gler seg. — Men det vert rart å verta ferdig, seier Grue. Foto: Hilde Kristin Strand
Mari Galambos Grue og Siri Aastad Kvaleid er to av seks Griegakademi-studentar som skal ha masterkonsert i universitetsaulaen. Dei gler seg. — Men det vert rart å verta ferdig, seier Grue. Foto: Hilde Kristin Strand

For første gong får masterstudentane ha avsluttande konsert i aulaen

Siri Aastad Kvaleid var innstilt på å sjølv betala for å få ha masterkonserten sin i universitetsaulaen. Men no får ho og fem andre studentar nytta lokalet gratis.

Publisert   Sist oppdatert

— Kunst-studentane har avsluttande utstilling i Bergen kunsthall. Ved Griegakamidet har me i fleire år ønska å løfta mastertudentane, og då me vart ein del av Fakultet for kunst, musikk og design vart det eit tydelegare ønske at òg musikkstudentane burde få koma inn i den offentlege sfæra.

Det seier Olav Tveitane, produsent ved Griegakademiet.

I år får difor nokre masterstudentar ha avsluttande konsert i universitetsaulaen – for første gong. Frå tysdag til fredag denne veka kan ein høyra konsertar med flesteparten av dei klassisk utøvande studentane. Jazz-studentane har i fleire år hatt eit samarbeid med Nattjazz, og har allereie hatt sine avsluttande konsertar.

Skal ha med korps

— Eg har masa lenge om å få spela i aulaen, seier Siri Aastad Kvaleid.

Ho skal ha avsluttande masterkonsert på messinginstrumentet euphonium.

— Akustikken i Gunnar Sævigs sal, som er Griegakademiet sin sal, er betre enn før, men framleis ikkje veldig god. Og eg skal ha med korpset eg spelar i, Askøy brass band. Dei hadde det ikkje vore plass til i Gunnar Sævigs sal, seier Kvaleid.

Eg var innstilt på å måtte betala sjølv.

Siri Aastad Kvaleid

— Eg søkte før eg fekk beskjed om at det me kunne få ha konsertane her, og spurte om det var mogleg å få noko økonomisk støtte til masterkonsert i aulaen. Men eg var innstilt på å måtte betala sjølv, seier 30-åringen.

Mari Galambos Grue er klassisk songar. Ho fekk ha bachelorkonserten sin i aulaen, fordi det var vanskeleg for Griegakademiet å finna ledige lokale til alle. No gler ho seg til å kunne ha konsert i det store lokalet.

— Eg har ei lys sopranstemme, og dei lyse overtonane ber godt i dette rommet, seier ho.

— Ja, det er eit deilig rom å spela i, som gir mykje klang. I tillegg er det eit bra flygel her, seier Kvaleid.

Skal visa kva ein kan

I staden for ei stor masteroppgåve skal musikkstudentane ha ei konsert på søtti minutt.

— Det er ikkje noko krav til å visa breidde no, det skal ein i større grad visa på bachelor-nivå. No skal ein visa kva utøvar ein har vorte. Eg skal framføra både nokre klassiske arier, ein folketone, og noko veldig moderne musikk, seier Grue.

Kvaleid skal òg visa fram ulike typar repertoar, og avsluttar med eit stykke der ho vert akkompagnert av eit brassband.

— Når ein spelar euphonium i Bergen er korps ein av stadene ein utviklar seg. I tillegg er dette vennene mine, som eg har spelt saman med heile tida, seier ho.

Til Horten - og Køben

På Høyden treffer dei to når det er ei veke att til konsertane. Det musikalske er på plass, men det er mykje anna ein òg må tenka på.

— Eg har tenkt at søtti minutt er hardt for leppemuskulaturen. Ja, det er det, men det er mykje ein skal ha i hovudet òg, seier Kvaleid.

Det er sjeldan ein ni til fire-jobb som ventar på ein nyeksaminert musikar. Men Kvaleid har fått eit vikariat i marinemusikken i Horten. Grue håpar å flytta til København.

Det er fordelen å med å ha eit korps med, då vert det i alle fall 32 i salen.

Siri Aastad Kvaleid

— Det er fleire moglegheiter der og i Oslo enn det er i Bergen. Eg har allereie nokre prosjekt på gang, seier Grue.

Men først er det konsert.

— Eg er spent på kor mange som kjem. Men det er fordelen å med å ha eit korps med, då vert det i alle fall 32 i salen. Korpset – og så mamma og pappa, humrar Kvaleid.

Presisering: På Høyden har fått opplyst at det er studentar som har hatt avsluttande masterkonsert i aulaen tidlegare òg, men då har dei betalt sjølve. Det var òg studentar som fekk nytta aulaen til eksamenskonsert då aulaen hadde prøvedrift.