— Ein får ikkje gjort noko anna enn å gjere så godt ein kan, seier Lise Davidsen, til studentar, lærarar og andre frammøtte på Griegakademiet. Foto: Njord V. Svendsen
— Ein får ikkje gjort noko anna enn å gjere så godt ein kan, seier Lise Davidsen, til studentar, lærarar og andre frammøtte på Griegakademiet. Foto: Njord V. Svendsen

Opera er skikkeleg teit, tenkte ho. No står ho på verdas største operascener

Korleis bli ein av verdas mest ettertrakta sopranar? For tidenes yngste æresdoktor ved UiB, Lise Davidsen (32), begynte det med gitarklimpring i femtenårsalderen.

Publisert   Sist oppdatert

Det har gått slag i slag for Lise Davidsen etter at ho for ni år sidan ikkje kom inn på Norges musikkhøgskole, og etter ei tid på venteliste fekk eit brev i posten der det stod at ho likevel var komen inn på Griegakademiet i Bergen.

Lise Davidsen

Operasongar med utdanning frå Griegakademiet ved Universitetet i Bregn og Universitetet i København.

Hatt roller på mange store operascenar. Skal i slutten av 2020 synge på The Metropolitan Opera i New York i rolla som Lisa i Peter Tsjaikovskijs opera «Spar Dame».

Har som første norske solosopran sidan Kirsten Flagstad signert platekontrakt med Decca Classics. Hennar første Lise Davidsen» vart i juni 2019 nummer ein på UK Classical Charts. Davidsen er den første operasopranen i musikkhistoria som går til topps på denne lista-

Kjelde: UiB

Denne veka var ho tilbake i byen for å ta imot æresdoktorat, som den yngste gjennom tidene ved universitetet ho utdanna seg ved.

— Du må ha ringt feil, tenkte eg då han ringde, fortalde Davidsen, med eit nikk til rektor Dag Rune Olsen.

Ho er kanskje lyrisk-dramatisk sopran, men divafaktene sparer ho til rollene og operascenen. På Griegakademiet fekk studentar, prominensar og andre frammøtte høyre ei historie om ei jente som slett ikkje fekk musikken inn med morsmjølka.

Kunne ikkje notar

— Eg kjem frå ein familie i Stokke. To søsken, mor og far. Det næraste eg kjem ein musikar i familien er faren min som spelte i korps, før eg vart fødd, begynte Davidsen.

Ho likte gitar. Likte song. Tok timar. Såg med tenåringsbriller på popstjerne som ein potensiell karriereveg.

— Eg tenkte at opera er skikkeleg teit. Eg kan skamme meg litt over det i dag, men samstundes ikkje, for det var fåkunne som gjorde at eg tenkte slik, sa Davidsen.

Først på musikklinja på vidaregåande lærte ho notar.

Men så begynte det altså å gå slag i slag, eller arie i arie, i ei takt du må ha spesielle føresetnader for å nå. Etter bachelor i Bergen reiste ho til København og let seg høvle ned av den kjende songpedagogen Susanne Eken.

Lise kom til skulen ho gjekk på, song Strauss, fortalde om seg sjølv og fekk heider og ære. Foto: Njord V. Svendsen
Lise kom til skulen ho gjekk på, song Strauss, fortalde om seg sjølv og fekk heider og ære. Foto: Njord V. Svendsen

— Etter det gret eg, eg vart fortald alt eg ikkje kunne, og gjekk til psykolog for første gong, fortalte Davidsen.

Men ho lærte også at ho kan ikkje gjere noko anna så godt ho kan. Ho lærte av Eken at ho kan, og kunne bli endå mykje betre, berre ikkje på akkurat den måten ho hadde trudd:

Ut av mezzosopranen sprang den gåverike lyrisk-dramatiske sopranen, og det vart etter kvart fire år til hos pedagogen i København.

Så vann ho Dronning Sonjas internasjonale musikkkonkurranse, så vann ho Placido Domingos konkurranse Operalia. Så, for å gjere eit sprang, vart ho spurd om å komme til den prestisjetunge Metropolitan-operaen i New York.

Davidsen sa nei.

Seriøst nei

Ho sa nei, først ein gong. Så ein gong til, så endå ein, og endå ein.

— Det er ikkje for å skryte, sa Davidsen til dei frammøtte på Griegakademiet. — Men første gong eg vart spurd var eg ikkje klar. Om det er eit råd i dette, er det at ein skal ikkje tenke at viss ein seier nei, spør dei aldri igjen. Eg trur heller det er slik at då blir ein tatt seriøst.

Dei som kjem etter: Studentane fekk inspirasjon og råd frå stjerne og tidlegare student Lise Davidsen. Foto: Njord V. Svendsen
Dei som kjem etter: Studentane fekk inspirasjon og råd frå stjerne og tidlegare student Lise Davidsen. Foto: Njord V. Svendsen

Det er med andre ord lurt å lære seg å seie nei tidleg i karrieren, om ein vil ha ein stor karriere.

Og ikkje gløyme å øve. Det gjer Davidsen kvar dag. Som ein toppiddrettsutøvar. Tar øktene, uansett, på ein slapp eller god dag, i sol og i regn, på kvardagar og på ferie.

Ho åtvara publikum om at det kom til å bli ein del «songnerding» der i Gunnar Sævigs sal, men etterpå blei ho takka for at råda og innsikta ho delte var universell.

Ho har fått 13 prisar til no. Sitt første æresdoktorat i ein alder av 32. Snart står ho på scenen i New York. Femte gongen dei spurte sa ho ja, fortalte Davidsen.

Og så song ho.

Og ingen som høyrde henne denne ettermiddagen i hennar gamle studideby ville nokon gong komme i skade for å tenke at opera er teit.