Thale Damm-Johnsen viser fram nokre av globusane som får ein ny heim på Universitetsmuseet. Foto: Camilla Ahamath/Universitetsmuseet
Thale Damm-Johnsen viser fram nokre av globusane som får ein ny heim på Universitetsmuseet. Foto: Camilla Ahamath/Universitetsmuseet

Fekk 23 variantar av kart på kule

Notert: Universitetsmuseet gjekk frå ein til 23 globusar. No vert det utstilling.

Publisert   Sist oppdatert

Køen var ikkje milelang då Universitetsmuseet i helga ba om at innbyggjarane i Bergen kom med ein globus, eller kart på kule, og donerte denne til museet. Utgangspunktet er at det i det nyrenoverte museet skal vera ei stor globus-utstilling. Totalt kom det inn 23 globusar, den eine over 70 år gamal. Det er nok til at det vert utstilling. Men formidlingsavdelinga på museet kan framleis kontaktast dersom du har eit kart på ei kule som du ønskjer å gi vekk.