Vestland, Vestland: Fleire av forslaga til nytt namn på den nye forskings-og utdanningsinstitusjonen dreier seg rundt den geografiske plasseringa.  Foto: Colourbox
Vestland, Vestland: Fleire av forslaga til nytt namn på den nye forskings-og utdanningsinstitusjonen dreier seg rundt den geografiske plasseringa. Foto: Colourbox

– Unngå å kalle den nye høgskulen noko med «profesjon»

Dei tre høgskulane på Vestlandet har gått i forhandlingar om ein mogleg fusjon. Før den felles plattformen er eit faktum, skal dei bli samde om mykje. Blant anna namn.

Vestlandshøgskulen er arbeidstittelen på den nye stor-institusjonen, som etter planen skal ta opp i seg Høgskulen Stord/Haugesund, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Bergen.

Dersom styra ved dei tre institusjonane stemmer «ja» til fusjon på styremøtet i juni, vil den nye institusjonen tre inn i det nye UH-landskapet 1. januar 2017.

fusjonsinfo.no ber institusjonane no om innspel til namn. Enkelte forslag ligg alt på bordet.

Vest og Norge
Blant dei innkomne forslaga er Profesjonshøgskolen Vest eller Profesjonshøgskolen Vestlandet. Høgskulen på Vestlandet er også blant forslaga. Vestlandshøgskulen blir også foreslått som permanent namn. Blir dette det endelege namnet, blir det truleg ei forhandling med Volda om å overta domenenavnet Vestlandshøgskolen.no. Høgskulen i Volda er ikkje med blant fusjonspartnarane, men har sikra seg domenet.

Stein Joar Hegland, ein av forslagsstillarane, meiner at dersom namnet skal vere samlande for alle fagmiljø, samt vil kommunisere med studentar og arbeidsliv, bør ein unngå omgrepet «profesjon».

Bør fungere på engelsk
Ein annan lesar ber om at ein vågar å tenke litt større. «Vil me i tillegg nå utover våre landegrenser, treng me eit namn som inneheld Noreg eller Norge og som difor lar seg omsetje til engelsk og framleis gir meining», skriv Mariann Kjøpstad.

Ho legg til at det viktigaste er at namnet verkar samlande og som både faglege og administrativt tilsette vil vere lojale mot.

Det endelege namnet skal avgjerast av Kongen i statsråd.

Også ved HiOA går debatten om kva namn som vil vere best eigna når institusjonen ein gong blir universitet.