Styremedlem og tidlegare rektor Jan Olav Fretland blei møtt av studentar med plakatar då han kom til møterommet på Høgskulen i Sogndal. Foto: Ida Bergstrøm
Styremedlem og tidlegare rektor Jan Olav Fretland blei møtt av studentar med plakatar då han kom til møterommet på Høgskulen i Sogndal. Foto: Ida Bergstrøm

Styret blei møtt av demonstrantar

Studentar møtte opp for å oppmode HiSF-styret om å seie nei til Høgskulen på Vestlandet.

Torsdag er det styremøte ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. I dag skal styret seie eit endeleg ja eller nei til fusjon.

Styret blei møtt av demonstrerande studentar.

– Vi klarer oss fint aleine, seier Knut Almås Anfinnset, student og påtroppande leiar av Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.