Lar seg ikkje skremme av Haugstad og Røe Isaksen: Som institusjon har vi lite å frykte dersom me heng i og gjer jobben vår, seier førsteamanuensis og styremedlem Oddmund Hoel. Foto: Ida Bergstrøm
Lar seg ikkje skremme av Haugstad og Røe Isaksen: Som institusjon har vi lite å frykte dersom me heng i og gjer jobben vår, seier førsteamanuensis og styremedlem Oddmund Hoel. Foto: Ida Bergstrøm

Styremedlem Oddmund Hoel vil stemme mot fusjon

Sogndal

Takk, men nei takk til fusjon: – Vi har eit større handlingsrom enn det departementet vil ha oss til å tru, seier styremedlem Oddmund Hoel.

– Eg meiner at høgare utdanning og forsking i Sogn og Fjordane er betre tent med at vi held oss utanfor denne fusjonen. Mitt standpunktet er at HiSF no bør takke for seg i fusjonsprosessen.

Dette er Vestlandsfusjonen:

  • Leiinga ved høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har i løpet av våren arbeidd fram ei fusjonsplattform som skal danne grunnlaget for forhandlingar om ein  samlaVestlandshøgskule.
  • Fusjonsplattforma til den nye Vestlandshøgskulen seier at rektor skal sitte i Bergen.
  • Dei tre tidlegare høgskulane Stord/Haugesund, Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal få kvar sin prorektor.
  • På dei respektive styremøta 9. juni sa alle tre styrene ja til fusjon.
  • Fusjonen skal tre i kraft 1. januar 2017.
  • Ifølgje plattforma skal rektor vere i Bergen.
  • Dei tidlegare høgskulane i Stord/Haugesund, Sogn og Fjordane og Bergen skal ha kvar sin prorektor.
  • Institusjonen skal ha få avdelingar.
  • Leiarane skal tilsetjast etter kvalifikasjonar, og ikkje etter geografi.

Det seier Oddmund Hoel, førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han er og representant for dei tilsette i høgskulestyret.

Han arbeider ved Avdeling for samfunnsfag, der motstanden mot fusjon er størst. Mange av dei tilsette ved denne avdelinga kjem frå disiplinfaga, der den akademiske arven frå distriktshøgskulane er mest framtredande. Fortida som mini-universitet i distrikta er Høgskulen i Sogn og Fjordane aleine om mellom fusjonspartnarane. Høgskulen er også aleine om å tilby reine universitetsfag som jus, sosiologi og geologi.

Når høgskulestyret skal ta stilling til fusjonen, kjem Oddmund Hoel til å seie nei.

– Eg har blitt meir og meir overtydd om at vi sikrar samfunnsoppdraget vårt best ved å halde på styringa sjølv, seier Oddmund Hoel.

Meiner plattforma manglar svar på potensielle konfliktsaker
– Hovudproblemet med plattforma er det som ikkje står der. Det vi no har fått er det som var bestilt: Ei generell plattform, som i innhald liknar ein intensjonsavtale, seier Oddmund Hoel til På Høyden.

Dei generelle vendingane betyr at dei reelle forhandlingane blir utsett, meiner han.

– Erfaringane frå fusjonsprosessane elles i landet viser at dersom ein skal lukkast, bør ein ha avtaledokumenta på plass før ein gjer vedtak om fusjon. Der ein har brukt kort tid og ikkje gjort grundige forhandlingar før eit vedtak, har det blitt konfliktar i ettertid, seier Oddmund Hoel.

Sogndal/Førde vil tape makt til Bergen
Han meiner Høgskulen i Sogn og Fjordane kan kome til å miste mykje makt og mynde ved å gå inn i Vestlandshøgskulen.

I fusjonsplattforma står det at rektor ved den nye institusjonen skal vere i Bergen. I leiargruppa skal det også vere tre prorektorar; ein i Bergen, ein i Sogn og Fjordane og ein i Stord/Haugesund.

– Det finst argument for at rektor skal vere i Bergen. Det hadde kanskje blitt slik uansett sidan Høgskolen i Bergen er like stor åleine som Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane til saman. Men ein treng ikkje vere konspirativ eller svartsynt for å sjå at Bergen av same grunn også vil stå sterkt i kampen om mange av dei øvrige leiarstillingane, sjølv om vi har mange dyktige kandidatar i eigne rekkjer. Vi risikerer at leiargruppa med kring ti personar berre vil ha eit par i Sogn og Fjordane, men dette går ikkje fusjonsavtala inn på i det heile.

Det er ingen grunn til å få panikk

Med lærarutdaninga som brekkstang
– Kva med lærarutdanninga? Frå departementalt hald har tonen vore at Sogn og Fjordane må fusjonere med større institusjonar dersom lærarutdanninga skal nå dei skjerpa krava og dermed sikre si eiga framtid?

– Akkrediteringskrava må vi uansett oppfylle, enten vi er innanfor eller utanfor fusjonen. På sikt kan ein ikkje drive ei lærarutdanning i Sogndal ved å lene seg på kompetanse i Bergen.

Han meiner det er uheldig at lærarutdanninga har blitt brukt som brekkstang for å få høgskulane til å fusjonere.

– Dessutan har NOKUT avdramatisert skjerpinga av krava. Det er ingen grunn til å få panikk: Norge vil trenge lærarar i framtida, så ingen vil kome og leggje ned lærarutdanninga i Sogn og Fjordane i 2017 eller 2019. Vi må hugse på at vi har eit større handlingsrom enn det departementet vil ha oss til å tru, seier Oddmund Hoel.

Vil verne om HiSF sin eigenart
Førsteamanuensisen er trygg på at Høgskulen i Sogn og Fjordane har liten grunn til å frykte for framtida. Studentane trivst. Rekrutteringa er god. Kandidatproduksjonen høg. Satsinga på forsking gir resultat i form av publiseringspoeng og fleire store nasjonale forskingsprosjekt.

– Veksten i forskinga er resultat av prioriteringar og ei kulturendring som viser ein sterk omstillingsvilje, seier Hoel.

– Som institusjon har vi lite å frykte dersom me heng i og gjer jobben vår. Vi har klare smådriftsfordelar og styrkar som vi må ta vare på. Finansieringssystemet ligg fast og sikrar økonomien vår så lenge me leverer på utdanning og forsking.