— Det er ikkje eit einaste tilbod som skal leggjast ned her i Sogn og Fjordane, seier Ingrid Moe Albrigtsen. Foto: Ida Bergstrøm
— Det er ikkje eit einaste tilbod som skal leggjast ned her i Sogn og Fjordane, seier Ingrid Moe Albrigtsen. Foto: Ida Bergstrøm

Studentleiar: Sei nei

Ingrid Moe Albrigtsen, leiar for Studentparlamentet i Sogn og Fjordane, er klar på at studentane ikkje ønskjer ein fusjon med Stord/Haugesund og Høgskulen i Bergen.

– Eg har studentane bak meg når ei seier dette: Dei bør takke nei til fusjon.

Dette er Vestlandsfusjonen:

  • Leiinga ved høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har i løpet av våren arbeidd fram ei fusjonsplattform som skal danne grunnlaget for forhandlingar om ein  samlaVestlandshøgskule.
  • Fusjonsplattforma til den nye Vestlandshøgskulen seier at rektor skal sitte i Bergen.
  • Dei tre tidlegare høgskulane Stord/Haugesund, Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal få kvar sin prorektor.
  • På dei respektive styremøta 9. juni sa alle tre styrene ja til fusjon.
  • Fusjonen skal tre i kraft 1. januar 2017.
  • Ifølgje plattforma skal rektor vere i Bergen.
  • Dei tidlegare høgskulane i Stord/Haugesund, Sogn og Fjordane og Bergen skal ha kvar sin prorektor.
  • Institusjonen skal ha få avdelingar.
  • Leiarane skal tilsetjast etter kvalifikasjonar, og ikkje etter geografi.

Det seier Ingrid Moe Albrigtsen, leiar for Studentparlamentet i Sogn og Fjordane.

Ho er lite imponert over plattforma. At studentane ikkje har ein større plass i interimstyret, er ho spesielt misnøgd med.

– Eg kan ikkje godta at studentane ikkje har minst tjue prosents representasjon. Slik planen er no, vil vi få 15,3 prosent. Lova seier tjue, men opnar for unntak. Eg meiner det er trist å starte ein fusjonert institusjon med eit unntak som ikkje kjem studentane til gode, seier ho.

Eg kan ikkje godta at studentane ikkje har minst tjue prosents representasjon

Uroleg for Samskipnaden
Studentleiaren er uroleg over kva som vil skje med studentsamskipnaden når Samskipnaden i Sogn og Fjordane skal fusjonere med Studentsamskipnaden i Bergen og Samskipnaden Stord/Haugesund.

– Det er ikkje eit einaste tilbod som skal leggjast ned her i Sogn og Fjordane, seier ho.

Etter ein eventuell fusjon vil truleg studentane ved HiSF få auka semesteravgifta med hundre kroner.

– For dei hundre kronene vil vi ha eit betra tilbod, enten i form av ein rådgjevar, tannlege, psykolog eller noko som verkeleg kjem studentane til gode.