Mot ein samla Vestlandshøgskule: Dersom styra ved <span class="caps">HSH</span>, HiSF og HiB vender tommelen opp, vil Vestlandshøgskulen bli ein realitet 1. januar 2017. Foto:Tor Farstad
Mot ein samla Vestlandshøgskule: Dersom styra ved HSH, HiSF og HiB vender tommelen opp, vil Vestlandshøgskulen bli ein realitet 1. januar 2017. Foto:Tor Farstad

Rektor blir i Bergen, nynorsk blir hovudmålet

Fusjonsplattforma for Vestlandshøgskulen er klar.

– Vi er veldig glade for å ha fått gjennomslag for at ein så stor høgskule blir nynorskhøgskule. Eg trur det er viktig for nynorsken, seier rektor ved HiSF, Rasmus Stokke i ei pressemelding.

Fem campusar
Forhandlingsutvalet møttest for siste gong i Bergen 3. mai for å fullføre fusjonsplattforma for Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Onsdag er fusjonsplattforma klar. Her står det at den nye institusjonen vil få fem campusar; Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal, og Førde.

Dei største profesjonsutdanningane skal bli tilbydd i alle dei tre regionane.

Ingen tilsette vil miste jobben som følgje av fusjon, men mange må rekne med at dei kan få andre arbeidsoppgåver enn før, står det i pressemeldinga.

12. mai skal avtalen behandlast av styra ved dei tre høgskulane.

Interimstyre frå hausten
Dersom styra går inn for fusjon, vil HiB, HiSF og HSH be Kunnskapsdepartementet opprette eit interimstyre med 13 medlemmer, vekta etter storleiken på høgskulane. Styret vil ta avgjerder om visjon, fagleg profil, fagleg og administrativ organisering og arbeidsoppgåvene til tilsette og leiarar.

Her er hovudpunkta i avtalen:

  • Institusjonen får fem campusar.
  • Den skal ha ein tydeleg vestlandsidentitet som byggjer på vestlandsk kultur, næring og tradisjonar.
  • Rektor skal ha sin arbeidsstad i Bergen.
  • Styringsmodellen vert tilsett rektor og ekstern styreleiar.
  • Hovudmålforma vert nynorsk.
  • Utdanningane får felles leiing på tvers av studiestader.
  • Intern rekruttering skal vere hovudregelen ved tilsetting av leiarar i den første perioden til Vestlandshøgskulen.
  • Alle studentar har rett til å fullføre studieprogram dei har byrja på ved den studiestaden der dei starta før fusjonstidspunktet.
  • Ingen tilsette skal gå ned i løn som følgje av fusjonen.
  • Det skal vere utdanning på masternivå på alle studiestadene.
  • Vestlandshøgskulen vil be om SAKS-midlar frå Kunnskapsdepartementet.

 

 

Saka vert oppdatert