Dekanane Stein Joar Hegland, Anne-Grethe Naustdal, Wiggo Hustad og Randi Skår kan få andre stillingar i institusjonen dersom fusjonen blir eit faktum. Fleire gir uttrykk for at dei fryktar at fagleg og administrativ makt vil gravitere mot Bergen.
Dekanane Stein Joar Hegland, Anne-Grethe Naustdal, Wiggo Hustad og Randi Skår kan få andre stillingar i institusjonen dersom fusjonen blir eit faktum. Fleire gir uttrykk for at dei fryktar at fagleg og administrativ makt vil gravitere mot Bergen.

Dekanane ved HiSF bur seg på at meir makt vil hamne i Bergen

Sogndal

Dekanane ved HiSF håpar fusjonen vil styrke forskinga og utdanninga, men er skeptiske til å gje frå seg lokal sjølvråderett.

– Fusjonsplattforma inneheld mange gode intensjonar. Men maktmessig er plattforma ugunstig og kjennast urettferdig for Sogn og Fjordane, seier Stein Joar Hegland, dekan ved Avdeling for ingeniør- og naturfag.

Han er ikkje begeistra over at Bergen vil få både rektor og prorektor.

– Ein har no satsa på at rektor skal sitte i Bergen. Det ville kanskje skjedd uansett. Samtidig har ein slått fast at det skal vere prorektorar ved dei tre nærregionane. Då får Bergen både rektor og ein prorektor. Og det blir ikkje lenger ein sentrumslaus høgskule, seier han. 

– Kva blir følgjene av ein fusjon for ditt fagmiljø?

– Riggar ein seg slik at mykje skal styrast frå toppen og ned, kan dette bli farleg. Bygger ein derimot eit system som er bygd på sjølvråderett innanfor utdanningane, der store handlingsrom vert lagde på botn-opp, kan det bli bra.

Han utdjupar:

– Fusjonsplattforma for Vestlandshøgskulen har som profil og visjon - arbeidd fram av alle dei ti dekanane i lag - at ein skal ha deling som drivkraft. Maktdelinga som er skissert i plattforma har Bergen som vinnar og Sogndal som tapar og kan tyde på at nokon ikkje heilt har teke inn over seg kva deling betyr i denne samanhengen.

Stein Joar Hegland er dekan ved Avdeling for ingeniør-og naturfag. Han samarbeider i dag godt med kollegaer i Bergen og Stord/Haugesund. Men han vil ikkje svare på om han ønskjer ein fusjon. Foto: Privat
Stein Joar Hegland er dekan ved Avdeling for ingeniør-og naturfag. Han samarbeider i dag godt med kollegaer i Bergen og Stord/Haugesund. Men han vil ikkje svare på om han ønskjer ein fusjon. Foto: Privat

– Bør styret i juni seie ja eller nei til fusjon?

– Eg vil gjerne at styret skal høyre på oss i diskusjonen, og dei må gjerne ta med innspela mine. Men eg vil ikkje seie kva dei skal stemme. Og eg håpar ein kan få retta på maktdelingsprinsippa før endeleg vedtak i juni. Det fortener Vestlandshøgskulen.

Dette er Vestlandsfusjonen:

  • Leiinga ved høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har i løpet av våren arbeidd fram ei fusjonsplattform som skal danne grunnlaget for forhandlingar om ein  samlaVestlandshøgskule.
  • Fusjonsplattforma til den nye Vestlandshøgskulen seier at rektor skal sitte i Bergen.
  • Dei tre tidlegare høgskulane Stord/Haugesund, Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal få kvar sin prorektor.
  • På dei respektive styremøta 9. juni sa alle tre styrene ja til fusjon.
  • Fusjonen skal tre i kraft 1. januar 2017.
  • Ifølgje plattforma skal rektor vere i Bergen.
  • Dei tidlegare høgskulane i Stord/Haugesund, Sogn og Fjordane og Bergen skal ha kvar sin prorektor.
  • Institusjonen skal ha få avdelingar.
  • Leiarane skal tilsetjast etter kvalifikasjonar, og ikkje etter geografi.

 – Det vil kome nye kriterier for akkreditering av studier. Det vil bli stilt høgare krav til kompetanse. Eg meiner at ein fusjon kan bidra til å sikre at vi i framtida kan drive utdanning på høgt nivå i Sogn og Fjordane, seier dekan Anne-Grethe Naustdal.

– Vi ville blitt ein dråpe i havet
Anne-Grethe Naustdal er dekan ved Avdeling for samfunnsfag, med campus i Sogndal. Det er er ein finn disiplinfaga, der motstanden mot fusjon framleis er størst.

Sjølv har ho gått frå nei-sida til ja-sida.

– Eg håpar verkeleg styret seier ja. Våre fagmiljø kan fort bli små og sårbare. Fusjonerer vi, vil vi få ein breiare base med fagfolk. Det vil også føre til at den enkelte faglege tilsette kan få høve til å fordjupe seg. Eg trur at fusjonen kan føre til at vi kan drive utdanning og forsking på eit høgare nivå.

– Kva fekk deg til å snu?

– Det handla mellom anna om at landskapet rundt oss endra seg og nye krav til akkreditering av utdanningane. Vi ville blitt ein liten dråpe i havet, om vi ikkje blei med i ein større institusjon. Store einingar er måten ein byggjer opp høgare utdanning på no.

Anne-Grethe Naustdal seier ho har blitt meir velvillig til fusjon etter å ha blitt kjent med fagfeller ved Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund.

– Dekantreffa har gitt oss energi og tru på at vi kan få til noko bra. Det har vore viktig å kjenne at vi vil kvarandre vel og at vi vil byggje noko nytt saman.

Sjølv om Anne Grethe Naustdal har gått over til Ja-laget, er ho skuffa over at plattforma vel å trekke fram at rektor skal ha hovudsete i Bergen.

Nedsida ved ein fusjon kan vere sentralisering av makt

– Vi tenkte at det skulle vere det same kvar rektor hadde hovudkontor med tanke på vår digitale satsing. Mange fryktar at makta skal samle seg rundt rektor. Nedsida ved ein fusjon kan vere sentralisering av makt. Det er difor mange har vore imot fusjon; vi har ikkje ønska å gje frå oss lokal strategisk makt. Eg trur likevel at oppsida vil vere større en nedsida, seier Anne-Grethe Naustdal.

Helsedekan håpar ein fusjon vil gje auka fagleg tyngde
Randi Skår er dekan for helsefag, campus Førde. Ved avdelinga ho leiar har dei tilsette vore positive til fusjon heile vegen.

– Vi har eit godt samarbeid med Helse Vest og med sjukepleiarutdanningane ved HiB og HSH. Dersom vi fusjonerer, vil dette kunne gje gode moglegheiter for å utvikle fleire spesialutdanningar på masternivå, mellom anna innan anestesi-, operasjon - og intensivsjukepleie, seier Randi Skår til På Høyden.

Ho meiner ei fusjonert eining vil gje institusjonen ei auka fagleg tyngde.

– Kva kan det bety for sjukepleiarutdanninga ved Campus Førde at dekanen sit i til dømes Haugesund?

– Vi må rekne med at fakultet spenner over fleire studiestader og dekan må vere lokalisert ein stad, men samstundes må den som har den stillinga vere førebudd på å måtte bevege seg mellom studiestadar. Vi må og få på plass gode digitale løysingar, som gjer at vi kan kommunisere bra utan å møtast. I tillegg må der vere ei form for lokal leiing som særleg støttar opp om kjerneverksemda, undervisning og forsking.

Dekan for Helsefag, Randi Skår, seier at det er god oppslutning om fusjonstanken blant dei tilsette. Ho meiner ein likevel må lytte til dei som uttrykkjer uro for prosessen. 

– Bør styret seie ja til fusjon?

– Ja. Det vil eg håpe. Men eg trur at HiSF har ein vanskelegare jobb enn dei to andre høgskulane når det gjeld å bestemme seg. Slik plattforma er no, tek den vare på interessene til profesjonsutdanningane, medan andre fagmiljø ikkje ser sin plass så tydeleg i plattforma.

Fusjonsplattforma blir på mange måtar som dei ti bod

– Dei største må vere dei rausaste
– Tillit er den billegaste og mest effektive koordineringsmekanismen. Den kjem når ein syner vilje til å dele. I ein fusjonsprosess er det slik at den største må vere den rausaste for å få i gang delinga. Det seier Wiggo Hustad, dekan ved Avdeling for lærarfag og idrett.

– Fusjonsplattforma blir på mange måtar som dei ti bod. Nokre vil alltid etterspørje «forklaringane» på det som står der. Nokre vil seie at forhandlarane ikkje har hatt nok tid til å synleggjere argumentasjonen bak det som står i plattforma. Det er framleis rom for tolking i plattforma, og slik må det vere. Men ein må vere på vakt slik at ikkje tolkingsrommet blir så stort at det opnar opp for dei villaste optimistane og dei svartaste pessimistane. Røyndommen vil ligge ein plass midt mellom.

Fram til årsskiftet meinte han at Høgskulen i Sogn og Fjordane kunne greie å etablere ein ny femårig lærarmaster på eigen kjøl. No ser han annleis på det.

– Hadde eg hatt tre-fire år til med gode forskingsbudsjett, kunne eg fått nok folk opp i førstestillingar. Då ville vi åleine kunne tilby omlag den same utdanninga som vi har i dag. Men ikkje særleg breiare.

– Har du tru på  at du ville få desse tre-fire åra med gode budsjett?

– Nei. Men er det noko vi burde brukt avkastinga frå oljefondet på, så er det å utdanne lærarar som i sin tur kan gje god undervisning.

– Bør styret seie  ja eller nei til fusjon?

– Sett frå min dekanstol, meiner eg dei bør seie ja til ein fusjon. Det opnar for nye mulegheiter, og vi har ikkje - og får ikkje - ressursar som set oss i stand til å nå måla på andre måtar.

Wiggo Hustad, dekan ved Avdeling for lærarfag og idrett, er ein av dei som har snudd i synet på fusjon.