HiB, HiSF og <span class="caps">HSH</span> skal ha fusjonsplattforma opp på styremøta både 12. mai og 9. juni. Mellom møta vil det vere litt rom for vidare forhandlingar, men hovudlinjene ligg fast.
HiB, HiSF og HSH skal ha fusjonsplattforma opp på styremøta både 12. mai og 9. juni. Mellom møta vil det vere litt rom for vidare forhandlingar, men hovudlinjene ligg fast.

– Krevjande å ikkje gå i detalj

Publisert

– Det å få til ei plattform som er så grunnleggjande og prinsipiell som vi ønskjer har vore det vanskelegaste, seier HiB-rektor Ole-Gunnar Søgnen.

Men i går klarte dei likevel å bli einige om ei plattform for den framtidige Vestlandshøgskulen.

– Eg er veldig glad for at vi har nådde denne milepælen. Det mest krevjande har vore å få alle til å føle seg godt ivaretekne, utan å gå for mykje i detalj. No skal plattforma behandlast i styremøta 12. mai, og i ei ny styrebehandling 9. juni, fortel Søgnen.

Og om både Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtek plattforma, blir det eit nytt, felles interimstyre frå hausten av.

– Samansetjinga av styret har òg vore krevjande, seier Søgnen.

Viktig med gjennomgåande utdanningar
Løysinga dei har vald er eit interimstyre som skal veljast for ein periode på eit halvt år, som deretter går over til å bli et fellesstyre i to og et halvt år deretter. Det blir 13 medlemar: 6 frå HiB, 3 frå HSH og 3 frå HiSF. Men fire av desse er utpeikt av departementet, og det er usikkert kva omsyn dei vil ta når dei finn eksterne styremedlem. I tillegg kjem ein ekstern styreleiar. Dermed får verken HiB eller kombinasjonen HSH og HiSF fleirtal i styret, noko som har vore viktig for alle dei tre institusjonane.

Eitt punkt Søgnen særleg er nøgd med er at det tidleg i forhandlingane blei klart at alle utdanningane skulle vere gjennomgåande på alle dei tre institusjonane.

– Eg er glad for at vi tidleg i forhandlingane fekk gjennomslag for gjennomgåande utdanningar og felles leiing. Det er ein utruleg viktig del av avtalen, og det kom vi lett fram til, seier Søgnen.

Gir vestnorsk språkkultur tyngde
I Sogndal synest HiSF-rektor Rasmus Stokke at dei har fått bra gjennomslag for HiSF sine hjartesaker.

– Eg er godt fornøgd, og plattforma er veldig godt gjennomarbeidd. Og frå HiSF si side har vi fått gjennomslag for viktige moment, men sjølvsagt ikkje alt, seier Stokke.

Han er mellom anna svært nøgd med at ein stor-høgskule vil få nynorsk som hovudmålform.

– Eg håper at det vil vere med på å gi nynorsken og vestnorsk språkkultur tyngde ved at vi markerer det på denne måten, seier Stokke.

På den annan side har dei akseptert at rektor får hovudarbeidsplass i Bergen. Men til gjengjeld blir det tre prorektorar i dei tre «nærregionane».

Talet på fakultet blir det opp til interimstyret å avgjere.

HiSF ville i utgangspunktet at rektor ikkje skulle ha nokon faste arbeidsstad, og dei ville og peike ut det nye interimstyret, i staden for val.

– Men her har dei to andre hatt eit anna syn enn oss, og det er ikkje slike saker som er avgjerande for om ein seier nei eller ja til ein fusjon, seier Stokke.

Viktig med studentrepresentantar
– Eg er eigentleg imponert over kor løysingsorienterte vi har vore. Vi har vore einige i kva målet er: At vi skal vere ein høgskule for heile Vestlandet, seier HSH-rektor Liv Reidun Grimstvedt.

Ho fortel at det har vore viktig at ulike grupper får ein rettvis representasjon i interimstyret.

– Det har vore viktig at studentar frå alle dei tre stadene er representert, og vi legg opp til at studentane får ein fast, møtande vararepresentant i styret, med talerett.

I det 13 personar store styret ligg det inne ein del kompromiss, men Kunnskapsdepartementet har ved tidlegare fusjonar vore fleksible for å få til løysingar som skil seg litt frå normalordninga.