Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen deler potten frå statsbudsjettet inn i kakestykke til dei fusjonerte.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen deler potten frå statsbudsjettet inn i kakestykke til dei fusjonerte.

Delar statsbudsjettet inn i fusjonskakestykke

Publisert

Dei fire fusjonerte institusjonane kring 27 millionar kvar i tildeling for å gjennomføre fusjonane.

På statsbudsjettet for 2016 blei det løyvd 175 millionar kroner til fusjonane i universitets- og høgskulesektoren. No har Kunnskapsdepartementet fordelt 110 av millionane. 

<<Kakestykkene>> er skårne ganske så like: 

  • Nord universitet får 27 millioner kroner.
  • Høgskolen i Sørøst-Norge får 27 millioner kroner.
  • Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet får 27 millioner kroner.
  • Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet tildeles 29 millioner kroner, som også skal bidra til å dekke universitetets bistand til Samisk høgskole med administrative funksjoner og kapasitet.

For 2015 blei det delt ut 57,5 millionar kroner.

Departementet fordelar òg 2,5 millionar kroner til Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Hedmark si utgreiing om muleg fusjon. Det same beløpet går til Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo saman med Kunsthøgskolen i Oslo og Norges musikkhøgskole, som òg arbeider med fusjon. 

Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund fekk inga tildeling denne gongen, men har fått støtte i 2015 til utgreiingsarbeidet rundt fusjonen. 

Isaksen held gulrota framme for andre om går med fusjonstankar: 

– Det gjenstår også udisponerte midlar som eg håper å tildele nye samanslåingar i løpet av året, lokkar Isaksen i ei pressemelding. 

NTNU har tidlegare kostnadsrekna fusjonen sin til 250 millionar kroner.