Rektorane Ole-Gunnar Søgnen ved Høgskolen i Bergen, Liv Reidun Grimstvedt ved Høgskolen Stord/Haugesund og styreleiar Trond Ueland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane kan ende opp på same institusjon innan eitt år. Men blir sogningane med vidare inn i forhandlingar om fusjon? Foto: Tor Farstad
Rektorane Ole-Gunnar Søgnen ved Høgskolen i Bergen, Liv Reidun Grimstvedt ved Høgskolen Stord/Haugesund og styreleiar Trond Ueland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane kan ende opp på same institusjon innan eitt år. Men blir sogningane med vidare inn i forhandlingar om fusjon? Foto: Tor Farstad

Blir dei 2 eller 3 med vidare?

Publisert

I dag blir det avgjort om høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund blir med vidare i prosessen mot eit stort profesjonsuniversitet på Vestlandet. Men i trivselsfylket er det mange som ikkje vil.

Styra ved dei tre institusjonane skal kvar for seg avgjere om dei vil gå inn i reelle tingingar om korleis ein framtidig institusjon. Det er venta at styra til Bergen og Stord/Haugesund røyster for forhandlingar om fusjon, men kva som skjer i Sogn og Fjordane er meir usikkert. 

Slik formulerte styreleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seg i går, då han avslutta det felles seminaret for dei tre styra: 

– Har vi gifta oss no? Nei, det trur eg ikkje vi har gjort. Har vi forelska oss? Nei, det trur eg ikkje vi har gjort, men vi kan kanskje bli det. Men uansett er vi nøydde til å bli betre kjende med kvarandre. 

Du kan følgje styremøta som skal starte klokka 0900 i dag i straumen under. I tillegg sender Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund direkte frå styremøta.

Her finn du sakspapira til HiB.

Trykk her for å sjå sendinga frå HiSF sitt styremøte.

Sakspapira frå HSH ligg her. Tilrådinga i saka om fusjon er at HSH jobbar videre mot ein fusjon med ein eller fleire institusjonar på Vestlandet, og at HSH går inn i arbeidet med å utvikla ei felles fusjonsplattform for ein ny profesjonshøgskule på Vestlandet. 

Live Blog Styremøte om fusjonsforhandlingar for HiB, HiSF og HSH

 

  • Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) har alle styrevedtak som opnar for forhandlingar om fusjon. 
  • Bakgrunnen for fusjonssamtalane er SAKS-prosessen Kunnskapsdepartementet iverksett. 
  • SAKS står for samarbeid, arbeidsdeling, fagleg konsentrasjon og samanslåing.
  • Ei utgreiing gjort av NIFU konkluderte også med at ein fusjon truleg vil ha fleire positive enn negative konsekvensar. 
  • Solberg-regjeringa har vedteke at lærarutdanninga skal bli femårig frå 1. januar 2017. Dette stiller strengare krav til førstekompetanse i lærargruppa ved ein høgskule. 
  • Kunnskapsdepartementet har også varsla at det vil kome nye forskrifter for godkjenning av mastergradsutdanning.
  • HiSF og HiB vil ikkje aleine kunne innfri dei skjerpa krava. 
  • Ei rekke høgskular og universitet har i løpet av 2015 vedtatt å følge Kunnskapsdepartementets oppfordringer om å slå seg sammen. 
  • Fleire høgskular har bedt om å få danne alliansar framfor å fusjonere. Torbjørn Røe Isaksen vendte i starten av februar tommelen ned for alliansemodellar. 
  • 4. februar skal styrene ved dei tre høgskulane ha styremøter om ein mogleg fusjon. 
  • Kunnskapsdepartementet vil at det nye kartet over utdanningsinstitusjonane på Vestlandet skal vere klart i løpet av våren 2016.