<span class="caps">KH</span>iB-leiinga har kontor i det gamle bygget i Strømgaten. Entra er eigar, og kva som skjer når <span class="caps">KH</span>iB startar flytteprosessen neste vår, er førebels ikkje bestemt. Rektor Gerd Tinglum og direktør Cecilie Ohm gler seg til nytt bygg. Foto: Hilde Kristin Strand
KHiB-leiinga har kontor i det gamle bygget i Strømgaten. Entra er eigar, og kva som skjer når KHiB startar flytteprosessen neste vår, er førebels ikkje bestemt. Rektor Gerd Tinglum og direktør Cecilie Ohm gler seg til nytt bygg. Foto: Hilde Kristin Strand

Med ein flyttefot i kvar prosess

Publisert

KHiB-leiinga synest ikkje eit eventuelt ekteskap med Griegakademiet er skremmande. Men at prosessen er utfordrande legg dei ikkje skjul på.

God takhøgde og store vindauge – men kanskje ikkje verdas mest praktiske kontor. Gerd Tinglum, rektor ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) har hatt arbeidsplassen sin i Strømgaten i halvanna år. Neste haust får no nytt kontor når institusjonen ho leiar flyttar til heilt nye, og skreddarsydde, lokale på Møllendal.

Samstundes er KHiB i ein fusjonsprosess med UiB. Eller, KHiB-leiinga er tydelege på at dei ikkje vil nytta ordet «fusjon». «Virksomhetsoverdragelse», seier direktør Cecilie Ohm, og legg til at det er eit håplaust – men juridisk korrekt – ord.

– Eg kallar det samanslåing. Men eg er ikkje heilt sikker på om UiB-leiinga er samd med meg i det.

Driv ikkje med glansbilete
Uansett kva ein kallar det: Griegakademiet – institutt for musikk – og KHiB skal truleg verta eitt frå 2017, som ein del av UiB.

– Det er ingen punkt som peikar mot at dette vil verta stoppa. Men det vert ikkje endeleg avgjort før hos Kongen i statsråd, presiserer Tinglum.

Utgangspunktet for samanslåinga er å styrka den faglege kvaliteten, å få ei fagleg styrking og tydeleggjering, seier Ohm.

– Er det skremmande å vera i to prosessar samstundes?

– Ikkje skremmande, men utfordrande. Det vil krevja mykje, og verta ei stor omstilling. Men samstundes trur eg ikkje det er det verste å ha to prosessar samstundes. No skal me flytta både fysisk og strukturelt, seier Tinglum.

KHiB-leiinga legg vekt på ein open prosess. Dei har hatt fleire allmøte, og andre møte der tilsette ved dei to institusjonane skal treffast, er under planlegging.

– Me legg vekt på  å gi alle all informasjon, og me er opptekne av å ikkje teikna noko glansbilete, seier Ohm.

– Det er røynde folk som er med i arbeidsgruppene. Mellom anna er tidlegare rektor Nina Malterud med, det er viktig, supplerer Tinglum.

Røynsler frå Tromsø
Då dei tilsette ved Griegakademiet og KHiB hadde fellesmøte første veka i januar, var Geir Davidsen frå Universitetet i Tromsø ein av dei som hadde innlegg. Davidsen er prodekan ved kunstfakultetet der. UiT har vore gjennom fleire fusjonar, sist no frå nyttår, når høgskulane i Harstad og Narvik har vorte ein del av universitetet. Men i 2009 vart Musikkonservatoriet og Kunstakademiet ein del av UiT – og organisert som eit eige kunstfakultet. Davidsen fortalde om utfordringar og overraskingar, og la ikkje skjul på at det var dei administrativt tilsette som fekk det tøffast etter fusjonen, mellom anna med nye system og rutinar.

– Kva tenkjer de om røynslene frå Tromsø?

– Det er klart at dei administrativt tilsette kjem til å oppleva endringane på kroppen frå dag ein. Men det er mellom anna mange felles datasystem i sektoren. Me har ein høgt kompetent stab, og UiB har eit godt system for opplæring, seier Ohm.

Korleis eit nytt fakultet skal organiserast er ikkje bestemt endå. Men Tinglum er tydeleg på at merkevarene «Griegakademiet» og «Kunst- og designhøgskolen i Bergen» er noko som skal vera med vidare – på ein eller annan måte.

Vert minst
I Tromsø er kunstfakultetet det minste med om lag 400 studentar og 75 tilsette. Ikkje alle desse 75 har heiltidsstilling. Det gjer at fakultetet faktisk er mindre enn enkelte av institutta.

Slik kjem det til å verta i Bergen òg. KHiB har eit måltal på 330 studentar, Griegakademiet har om lag 200. Begge har mange tilsette i mindre stillingar, totalt sett har dei omlag 150 årsverk, ifølgje tal frå DBH. Dette er færre enn institutt ved både mat.nat og MOF, og studenttalet er mindre enn hos enkelte HF- og SV-institutt.

Fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet ønska eigentleg å i alle fall få greidd ut om KHiB heller kunne plasserast som eit institutt, slik Griegakademiet er i dag. Dette vart avvist.

– De vert minst. Korleis skal de forsvara å vera eit eige fakultet?

– Me vert minst, og me representerer fag med ein annan tradisjon. Eg trur det går an å ha eit fakultet med andre fag og fagtradisjonar, men det er viktig at me er organisert nettopp som eit fakultet, seier Ohm.

Tinglum supplerer:

– Det er kvaliteten ved KHiB som gjer at UiB snakkar med oss. Me er avhengige av gjensidig respekt, og samstundes har me ein jobb å gjera med å gjera oss sjølve synlege. Men det må skje på våre premiss.

Rektoren seier at kunstnarisk forsking berre er ti år gamal i Noreg.

– Kunst er innhaldsskapande og kritisk. Metodane våre er annleis, men ein må respektera at ein universitet har ulike område.

– Som leiarar for eit lite fakultet skal ein vera på ymse møte saman med leiarar for tunge, tradisjonsrike og store fakultet som mat.-nat. og medisin. Korleis vert det?

– Dei må respektera oss på same måten som me respekterer dei, seier Tinglum.

Slik vert nye KHiB sjåande ut. Nybygget er no i ferd med å reisa seg på Møllendal. Illustrasjon: Mir for Snøhetta/Statsbygg

Håpar på samlokalisering
Kunnskapsministeren har sett 1.1.17 som  sluttdato for fusjonsprosessane. Det betyr at tidsplanen for ekteskapet mellom KHiB og Griegakademiet er temmeleg hektisk. Spørsmålet er òg om ein er i mål til den datoen. Uansett vert det eit avstandsekteskap først. Når KHiB flyttar til Møllendal vil Griegakademiet vera att i sentrum, sjølv om det no eksisterer forholdsvis konkrete planar for eit mogleg nybygg òg for Griegakademiet på Møllendal.

– Det er uvurderleg å få flytta Griegakademiet. Ein kan få eit felles kraftsentrum for kunsten, meiner Ohm.

Ho seier at det deler av KHiB og deler av Griegakademiet allereie kjenner kvarandre godt.

Internt på KHiB er det mange som ikkje kjenner kvarandre. Som På Høyden skreiv i går, er institusjonen delt på seks ulike adresser.

– Studentane frå dei ulike avdelingane kjenner ikkje kvarandre, og mange brukar mykje energi på å flytta seg mellom ulike adresser. Per i dag finst det ikkje sosiale møtestader. Det er ein viktig del av kapitalen i det nye bygget, seier Tinglum.