Rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund, Liv-Reidun Grimstvedt, rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og rektor ved Høgskulen i Bergen, Ole Gunnar Søgnen, samla styra sine til seminar i Bergen i starten av 2016. I januar 2017 vil dei ha fusjonert til éi stor eining. Arkivfoto: Tor Farstad
Rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund, Liv-Reidun Grimstvedt, rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og rektor ved Høgskulen i Bergen, Ole Gunnar Søgnen, samla styra sine til seminar i Bergen i starten av 2016. I januar 2017 vil dei ha fusjonert til éi stor eining. Arkivfoto: Tor Farstad

Høgskulen på Vestlandet skal forkortast til HVL

Både HIV og HPV utgår.

9. juni var det parallelle styremøter ved Høgskulen i Bergen, Høgkskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Her sa dei tre styra «ja» til fusjon.

Dette er Vestlandsfusjonen:

  • Leiinga ved høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har i løpet av våren arbeidd fram ei fusjonsplattform som skal danne grunnlaget for forhandlingar om ein  samlaVestlandshøgskule.
  • Fusjonsplattforma til den nye Vestlandshøgskulen seier at rektor skal sitte i Bergen.
  • Dei tre tidlegare høgskulane Stord/Haugesund, Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal få kvar sin prorektor.
  • På dei respektive styremøta 9. juni sa alle tre styrene ja til fusjon.
  • Fusjonen skal tre i kraft 1. januar 2017.
  • Ifølgje plattforma skal rektor vere i Bergen.
  • Dei tidlegare høgskulane i Stord/Haugesund, Sogn og Fjordane og Bergen skal ha kvar sin prorektor.
  • Institusjonen skal ha få avdelingar.
  • Leiarane skal tilsetjast etter kvalifikasjonar, og ikkje etter geografi.

Samtidig blei navnet til den nye institusjonen diskutert. Både Høgskulen i Vest og Vestlandshøgskulen var aktuelle navn då styra diskuterte saka.

I Bergen blei Vestlandshøgskulen kritisert for å vere for uformelt. Her samla styret seg om Høgskulen på Vestlandet, noko også Sogn og Fjordane ga si tilslutning til.

«Tungt og kronglete»
Styremedlem og tidlegare rektor, Jan Olav Fretland, kunne tøyle entusiasmen.

– Kan eg få lov til å seie at Høgskulen på Vestlandet er tungt og kronglete og at eg ikkje likar det i det heile teke?  Dessutan kan det lett forkortast til HIV, sa styremedlem Jan Olav Fretland då styret diskuterte saka i juni.

Forkortinga HPV var også nærliggande, og med den ville den nye høgskulen ha delt navn med humant papillomavirus, betre kjent som HPV-viruset. Dette er eit virus som forårsakar vorter på fingrar og tær, celleendringar i livmorhalsen samt kreftformer i munn, svelg og hals.

No har innstillingsrådet avgjort at korrekt forkorting er HVL.

«Innstillingsrådet avgjorde på sitt møte 11. august at forkortinga til Høgskulen på Vestlandet blir HVL. Domenenamnet til den nye institusjonen blir hvl.no», melder Fusjonsinfo.no.

Fusjonsprosjektet går no over til å bli kalla for fusjonsprogrammet.

Neste møte i innstillingsrådet blir 18. august. Då blir innstillinga til prosjektorganisering avgjort, og då blir det òg klart kven som blir prosjektleiarar og delprosjektleiarar.

Stillinga som rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er lyst ut, med søknadsfrist 18. september 2016.