HiSF sikra fusjonen

Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sa i dag ja til fusjon, med knappast mogleg fleirtal.

Torsdag var ein skjebnedag for høgskulane på Vestlandet. Dei tre styra ved Høgskulen i Stord/Haugesund, Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde parallelle styremøte.

Dei tre høgskulane hadde alle styrepapir som tilrådde fusjon. Dersom alle dei tre styra sa ja, ville Høgskulen på Vestlandet bli ein realitet 1. januar 2017.

Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Bergen stemte begge ja til fusjon. 

Etter eit dramatisk møte ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, der det lenge var uklart om nei-sida eller ja-sida ville få flest stemmer, var det klart at også dette styret hadde fleirtal for fusjon. 

- Eg er letta og glad. Eg var budd på at det kunne kome til bli fleirtal mot fusjon, seier rektor Rasmus Stokke til På Høyden. 

Dramatisk før votering
Fleire i styret hadde på førehand signalisert kva dei ville stemme. Kva styremedlem Jan Olav Fretland ville kome til å stemme i møtet, var lenge usikkert. Han ville vere den som avgjorde valet, ettersom nei-sida og ja-sida talte like mange personar. I eit innlegg signaliserte Fretland at han halla mot eit ja, men ønska tid med dei interne styremedlemmane samt studentrepresentantane. 

Etter ein pause kunne Fretland melde at han ville gje si tilslutning til fusjonen. Dermed vart fusjonen sikra, med knappast mogleg fleirtal. 

Dei fem som stemte mot var Inger Auestad, Åse Neraas, Magnus Brøste, Oddmund Hoel og Trine Ludvigsen Rygg. 

Jubel i sør
På Campus Kronstad var HiB-styret framleis samla då vedtaket frå Sogn og Fjordane kom, og det førte til spontan jubel og applaus i Bergen.

– No blir det bryllaup! sa Ole-Gunnar Søgnen då styremøtet tok til igjen etter vedtaket i Sogn. 

HiB-rektoren fekk mykje ros frå fleire hald i dag, og er initiativtakaren til ein stor profesjonshøgskule på Vestlandet.