Johann Roppen i Volda vil gi Torbjørn Røe Isaksen noko han eigentleg ikkje vil ha: Ein allianse mellom høgskulane i Molde, Lillehammer og Volda.
Johann Roppen i Volda vil gi Torbjørn Røe Isaksen noko han eigentleg ikkje vil ha: Ein allianse mellom høgskulane i Molde, Lillehammer og Volda.

Vil fore Røe Isaksen med allianse-kamel

Publisert

Høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer har laga noko Røe Isaksen eigentleg ikkje vil ha. No vil dei ha han til å godta allianseplanen deira.

– Vi sender brevet til Kunnskapsdepartementet i dag, fortel rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen.

Saman har dei tre institusjonane laga dokumentet Høgskolealliansen – et forpliktende samarbeid mellom høgskoler for å styrke kvaliteten i regional utdanning og forsking, som ligg som vedlegg til denne styresaka ved Høgskulen i Volda.

Fellesgrader og administrativt samarbeid
Målet med alliansen er at han skal styrke den regionale identiteten til høgskulane, og framme erfaringsutveksling, analyser og samarbeid om regionale kompetanseutviklingsprogram, og nytte ressursane ved institusjonane på ein betre måte. Alliansen skal òg styrke kvaliteten i utdanninga og forskinga. 

Dei tre alliansepartnerane ser mellom anna for seg fellesgrader på master- og phd-nivå, betre utnytting av fagmiljø og stordriftsfordelar når det gjeld administrasjon, studentrekruttering og anna. Dei vil og samarbeide om oppdragsforsking og andre randsoneaktivitetar.

Hest, dromedar eller kamel
Rektor Roppen legg ikkje skjul på at det har vore utfordrande å komme opp med ein fiks ferdig ny modell for samarbeid mellom tre høgskular i løpet av nokre hektiske høstmånadar.

– Når ein komité skal teikne ein hest, blir det kanskje ein dromedar. Her har det kanskje blitt ein kamel, seier Roppen.

Kamel eller ferdigrettar
No gjenstår det å sjå om dei tre konfødererte kan servere kamelen på eit så delikat vis at dei får kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til å svelgje ned i alle fall størsteparten av skrotten, vel vitande om at både han og statssekretær Bjørn Haugstad likar betre ferdigrettar, der ulike ingrediensar er kokt saman til eit heile.

Både på Lillehammer, i Volda og i Molde har styra velsigna utkastet til alliansemodell, men dei er og opne for andre utfall, som framleis aleinegang.

UiB-samarbeid uansett
I Volda er Roppen godt nøgd med å ha fått brev frå Dag Rune Olsen, der han konkretiserer muleg samarbeid mellom UiB og Høgskulen i Volda.

– Vi har fått eit veldig positivt brev frå Dag Rune Olsen. Og vi vil halde fram med å utvikle dei spennande tankane frå UiB, parallelt med alliansearbeidet. Vi ser på dei som to ulike prosjekt, som ikkje utelukkar kvarandre, seier Roppen.

Frir til Sogn og Fjordane
Han er heller ikkje snauare enn at han frir til ein annan høgskule, same dag som h an sender brev til Kunnskapsdepartementet saman med Molde og Lillehammer.

– Heile vegen har Høgskulen i Volda hatt eit stort ønskje om å finne saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Lærarutdanningane på begge plassar blir klart betre om dei samarbeidar med kvarandre. Vi er verkeleg i eit lagnadsfellesskap med kvarandre, seier Roppen, og peiker på storleiken, geografien – og sjølvsagt nynorsken.

Han håper at Kunnskapsdepartementet vil godta allianseplanane denne gongen, sjølv om skepsisen tidlegare har vore stor for samarbeidsformer som er mindre forpliktande enn fusjon. Stortinget har oppmoda departementet om å vere opne òg for andre måtar å samarbeide på.

– Vi fortset med alliansearbeidet, og håper at Kunnskapsdepartementet tek stortinget på alvor, og let alliansealternativet bli prøvd ut. 

Allereie 14. januar skal dei tre møte departementet, og få tilbakemelding på allianseplanane.