HiSF-rektor Rasmus Stokke og HiVolda-rektor Johann Roppen fotografert saman på møte i Bergen. No er Roppen og høgskulen han leiar klare til å fri til høgskulen i nabofylket.
HiSF-rektor Rasmus Stokke og HiVolda-rektor Johann Roppen fotografert saman på møte i Bergen. No er Roppen og høgskulen han leiar klare til å fri til høgskulen i nabofylket.

HiSF seier høfleg nei til Volda

Publisert
Fusjon:

Styret delte seg under ein lang debatt, men endte på fortsatt kurs sørover. Høgskulen i Volda har fridd til dei i naborommet, altså Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vestlandshøgskulen vil dei ikkje vera ein del av.

Oppdatering: Her er det endelege vedtaket frå styret i Høgskolen i Sogn og Fjordane:

1.     Styret ser positivt på at Høgskulen i Volda tek initiativ til forhandlingar med Høgskulen i Sogn og Fjordane, men finn ikkje grunnlag no for å gå vidare med fusjonsforhandlingar med Høgskulen i Volda åleine.
 
2.     Styret ber rektor gå vidare i forhandlingar om ein felles fusjonsplattform med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund etter føreslegen framdriftsplan og organisering.

3.     Styret viser til drøftingane i styremøtet og ber om at dei overordna premissane frå drøftingane blir lagt til grunn frå HiSF si side i forhandlingane med HiB og HSH. Styret ber om å få eit notat med bakgrunn i det som har kome fram i saka til no.

4.     Styret gjev rektor fullmakt til å starte arbeidet med ein mogleg felles akkrediteringssøknad for mastergrad i lærarutdanninga saman med Høgskolen i Bergen og Høgskolen i Stord/Haugesund.

5.     Styret ber om at det blir sett i gang arbeid med ein eigen søknad for akkreditering av lærarutdanningane til HiSF, med sikte på levering innan fristen 15.09.2016.

Torsdag har alle dei fire høgskulane på Vestlandet styremøte. Høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund vedtok allereie i februarmøtet at dei ønskjer fusjon med kvarandre og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). HiSF gjorde eit vedtak i same retning, men ikkje like klårt.

Mikrofonen på i pause
I dag har Høgskulen i Volda vedteke at dei vil invitera HiSF til fusjon. HiSF sit no i naborommet og diskuterer kva dei skal gjera. 

Dei to høgskulane starta dagen med felles styreseminar. Deretter har dei hatt kvart sitt styremøte. Frå klokka 13 var det felles pause – slik at ein kunne snakka saman. Det ser ut til at Høgskulen i Volda har fatta vedtaket sitt utan at det vart offentleggjort direkte. Då styret tok pause var dei i gang med å diskutera konkrete formuleringar. Like etter klokka 13.30 var Volda-styret i gang med å diskutera årsrapporten - utan rektor til stades. Han var inne på møtet i naborommet og orienterte om følgjande vedtak:
1) Styret ved Høgskulen i Volda ber leiinga ta initiativ overfor høgskulen i Sogn og Fjordane med tanke på forhandlingar om fusjon.
2) Styret ved Høgskulen i Volda ber om at framlegg til mandat for samla arbeid med framtidig struktur blir fremja for drøfting og avgjerd i neste styremøte.
3) Styret viser elles til tidlegare vedtak om samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB). Ein føreset at desse samtalane held fram. Som langsiktig strategi ser styret utvikling av forholdet til UiB som særs viktig.

HiSF diskuterer no kva dei skal svara på frieriet. På Høyden kjem attende med ei sak om dette.

Begge møta vart streama. Hos HiSF vart mikrofonen ståande på i ein pause. HiSF-leiinga uttrykte openberr forvirring om kvifor Volda skulle vedta fusjon med HiSF, når det var sjølvstende dei eigentleg ønskja. Dette hadde rektor og styreleiar spurt Roppen om.  

Positiv UiB-representant
Før lunsj følgde På Høyden Høgskulen i Volda sitt møte. Tendensen var heilt klår: Styremedlemmene seier ja til Sogn og Fjordane, og nei til resten av Vestlandet.

– Styret bør senda ein invitasjon til HiSF om at ein vil gå i forhandlingar med dei, sa Endre Brunstad.

Han er ekstern representant i styret, og professor i nordisk språkvitskap ved UiB.

– Summen av Sogn og Fjordane og Volda er veltilpassa arbeidslivet og samfunnslivet på nordvestlandet og ville ha styrka forskningsinnsatsen vår, sa ekstern representant Kristin Marie Sørheim.

Positiv direktør
Høgskuledirektør Jakob Kjøde hadde lagt saka fram utan framlegg til vedtak. Men han avslørte i møtet at han òg er positiv til ein fusjon med HiSF. Det same kan det verka som om rektor Johann Roppen er. Han gjekk til val på ei sjølvstendelinje. Men sjølv om han opnar døra for HiSF er han ikkje sikker på om det vil verta ein fusjon.

– Før styreseminaret i dag var det mange av oss som trudde at HiSF hadde retning mot vestlandshøgskulen. Eg er ikkje så sikker på om dei er så sikre lenger. Me må ta inn over oss at intern splitting kan vera argument som vil slå inn i ei fusjonsforhandling, og det er ikkje sikkert ein nokon sinne kjem i mål, sa Roppen.

Han fekk spørsmål om åleinegang er eit alternativ. Eller om det kan verta ein konsekvens.

– Å stå som sjølvstendig trur eg er det som gjer at me i størst grad klarar å fylla vårt samfunnsoppdrag. Fusjonar set samfunnsoppdraget i fare. Eg trur at ein fusjon med HiSF er minst farleg for utøvinga av samfunnsoppdraget, sa Roppen.