Både Volda-rektor Johann Roppen og UiB-rektor Dag Rune Olsen er opne for organisk vekst i framtida.
Både Volda-rektor Johann Roppen og UiB-rektor Dag Rune Olsen er opne for organisk vekst i framtida.

Olsen opnar for fleire Vestlands-fusjonar

Publisert

UiB-rektor Dag Rune Olsen utelukkar ikkje at det kan bli fleire fusjonar på Vestlandet, men berre dersom institusjonane får vekse seg naturleg saman.

I eit møte med andre institusjonar på Vestlandet og representantar frå Kunnskapsdepartementet i september sa Olsen at UiB på sikt kunne vekse saman med Noregs handelshøgskule, Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Volda eller Kunst- og designhøgskulen i Bergen.

Ser bort frå NHH
Olsen legg ikkje skjul på at han er open for fusjonar som kjem ut av nært og godt fagleg samarbeid.

– Det er betre å starte med det faglege samarbeidet, i motsetnad til å byrje med ein top-down-fusjon, og håpe på at ein etterpå får samkøyrt fagmiljøa, seier Olsen til På Høyden.

– Og om ein seinare skulle ønske seg ein fusjon, så er den organisatorisk ganske rask å gjennomføre.

Då Torbjørn Røe Isaksen sendte ut bod til heile kongeriket om at han ønska seg fusjonar over heile landet, inviterte Olsen raskt NHH. Men NHH ga raskt tilbakemelding på at dei ville halde fram aleine, men samarbeide med UiB.

– Eg ser difor bort frå NHH dei næraste åra, seier Olsen. 

Faga viktigast
UiB har samarbeidsprosjekt eller –planar på gang med både HiB, NHH og HiVolda, og Olsen er open for at slike prosessar kan ende i samanslåingar.

– Men det det viktigaste er å få til det faglege samarbeidet. Vi må berre halde på at her skal vi få til institusjonar med betre kvalitet. Når det gjeld fusjonar skal ein aldri utelukke noko, og den siste tida har vist at ting kan skje raskt.

– Men det blir kanskje ikkje aktuelt å slå UiB saman med alle desse institusjonane?

– Sektoren har blitt utfordra på å lage tydelegare profilar. Ein institusjon med betydeleg variasjon i innhald vil nok slite med å ha ein tydeleg profil, seier Olsen.

Gradvis tilnærming
Volda-rektor Johann Roppen er ein av dei som no planlegg samarbeid med UiB, og han likar tanken på partnerar som nærmar seg gradvis.

– Om nokre år vil kanskje tilhøvet mellom HiB og UiB ha utvikla seg på ein slik måte at ein eventuell fusjon ikkje vil følast som noko dramatisk. Først kan ein utvikle fag saman, og så kan ein gå til fusjon om det er naturleg, seier Roppen til På Høyden.

Samarbeid nedanfrå
Sjølv om han ikkje er avvisande til at ei slik utvikling kan bli aktuell i framtida, er han glad for at ordet fusjon ikkje var nemnt i brevet Dag Rune Olsen nyleg sende til Volda med konkrete framlegg til samarbeidsprosjekt mellom UiB og HiVolda.

– Dei tre områda det er mest aktuelt å samarbeide om er praktiske mediefag, språksamlingane og lærarutdanninga, fortel Roppen.

– Svaret frå UiB har gitt positiv gjenklang i alle fagmiljøa. Dette er samarbeid som skal vekse nedanfrå, mens fusjonar og slike prosessar kjem frå toppen, seier Roppen.

HiVolda planlegg primært ein allianse med Høgskulen i Molde og Høgskulen i Lillehammer som eit alternativ til fusjon. Torsdag klokka ni skal dei tre rektorane i møte med Kunnskapsdepartementet for å få tilbakemelding på planen. Men alliansen utelukkar uansett ikkje samarbeid med UiB.

Praktisk journalistutdanning
Volda har ei av dei to journalistutdanningane i landet med best rykte i mediebransjen, mens UiB har eit litt meir teoretisk studium. UiB ønskjer å samarbeide med Volda inn mot Media City Bergen, som er under bygging, og ønskjer å sende inn ein søknad om senter for framifrå utdanning saman med Høgskulen i Volda.

Norsk ordbok kjem «heim»
Eit anna samarbeidsprosjekt blir språksamlingane, som UiB overtek etter Universitetet i Oslo. Nynorskverket Norsk ordbok er ein del av språksamlingane som UiB opnar for å leggje til Volda.

– Det er ei slags poetisk rettferd i dét. Ivar Aasen lagde jo ei norsk ordbok, og han var jo frå våre trakter. Norsk ordbok kjem slik sett heim no. Og vi skal prøve å få finansiert digitalisering av dei fire, første banda. Den delen som er digitalisert må og oppdaterast om ikkje så lenge, seier Roppen.

Krav om førstekompetanse
Det tredje samarbeidsområdet er lærarutdanninga, der krava til førstekompetanse for lærarane vil bli skjerpa. Førstekompetanse er stillingar ein må ha doktorgrad eller tilsvarande vitskapleg arbeid for å ha, til dømes professor eller førsteamanuensis.

Høgskulen i Volda vil saman med ei rekkje andre høgskular truleg slite med å innfri dei framtidige krava. Men Olsen opnar mellom anna for å dele stillingar med Volda, noko som kan gjere det lettare å innfri krava.

– Eit slikt samarbeid med UiB vil garantert hjelpe på. Og av verken fusjon eller samanslåing er nemnd i brevet frå UiB er viktig, seier Roppen.