Johann Roppen og Dag Rune Olsen er samde om at institusjonane dei leiar skal samarbeida. Men fusjon er ikkje aktuelt - i alle fall ikkje no.
Johann Roppen og Dag Rune Olsen er samde om at institusjonane dei leiar skal samarbeida. Men fusjon er ikkje aktuelt - i alle fall ikkje no.

Volda ville bruka f-ordet mot UiB

Publisert

Kan Høgskulen i Volda og UiB fusjonera? Eller skal ein halda fram med fagleg samarbeid?

– UiB kan ikkje venda seg til oss og bruka f-ordet. Men me kan gjera det dersom me vil. Dersom situasjonen i dag var val mellom ein høgskuleregion og UiB ville det siste vera best for oss, rett og slett ut i frå konkurransesituasjonen. Det er betre å vera eit stykke unna UiB enn å ligga heilt oppi dei.

Det sa styremedlem og professor Tor-Johan Ekeland i styremøtet torsdag.

Og f-ordet? For ordens skuld: Det står for «fusjon».

Fusjon eller fagleg samarbeid
Men Ekeland fekk ikkje støtte i styret. Fleire av dei andre styremedlemmene, mellom anna UiB-professor Endre Brunstad, understreka at fagleg samarbeid med UiB er eit gode, og at det er noko UiB òg er interesserte i. Dei mykje omtala språksamlingane er eitt av samarbeidsområda. Men fusjon med UiB var det ingen andre enn Ekeland som ville ha no. I vedtaket heiter det at ein viser til tidlegare vedtak om samarbeid med UiB, og ein føreset at desse samtalane held fram. Utvikling av forholdet til UiB vert sett på som strategisk svært viktig.

– Å bruka f-ordet i tydinga «fusjon» er feil tidspunkt no. Men f-ordet som «fagleg samarbeid» har vorte svært godt motteke ved UiB, seier Volda-rektor Johann Roppen.

Samarbeidet er førebels på tre område: Mediefag, språksamlingane og lektor/lærarutdanning.

– Kan Volda fusjonera med UiB på sikt?

– Eg synest det faglege samarbeidet me har no er ein fornuftig samarbeidsstrategi. Men eg ser ikkje vekk frå at Høgskulen i Volda ein gong i framtida kan verta ein del av UiB, seier Roppen.

– Prematurt
– Me har gitt Høgskulen i Volda eit tilbod om eit nært og tett fagleg samarbeid. Men ein fusjon har ikkje vore drøfta i styret, så det er litt prematurt for oss, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

– Kvifor har de teke kontakt akkurat med Volda?

– Ein av grunnane er at dei andre høgskulane på Vestlandet har vore meir interesserte i å verta ein høgskule. Volda har òg ein litt annan profil enn dei andre, til dømes har jo dei mediefag, seier Olsen.

Eit av dei store spørsmåla i sektoren for tida er kva krav som kjem til den nye lærarutdanninga. Høgskulen i Volda står ikkje på lista over høgskular som er sjølvakkrediterande. Olsen seier at for UiB kan det vera ei løysing å hjelpa høgskulen i Volda med det dei manglar – dersom departementet tillet det.

– Me ønskjer ei god lærarutdanning på Vestlandet og er innstilt på å hjelpa både Høgskulen i Volda og dei andre høgskulane, seier Olsen.