Liv Reidun Grimstvedt, rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund, Rasmus Stokke, rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Ole Gunnar Søgnen, rektor ved Høgskulen i Bergen har ikkje uventa fått tilråing om å fusjonere.
Liv Reidun Grimstvedt, rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund, Rasmus Stokke, rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Ole Gunnar Søgnen, rektor ved Høgskulen i Bergen har ikkje uventa fått tilråing om å fusjonere.

Tilrår storfusjon på Vestlandet

Publisert

Fordelane ved ein fusjon er større enn ulempene. Høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund bør difor fusjonere, meiner NIFU.

Kunnskapsdepartementet har betalt for rapporten lagd av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), og konklusjonen er samansett: Ein fusjon vil ikkje isolert sett gjere kvaliteten betre, vurdert ut frå dei 12 kvalitetskriteria som sektoren framover vil bli målt etter. Men når det gjeld eksterne forskingsinntekter, storleik på doktorgradsutdanningane, internasjonal orientering og samspel med samfunnet har likevel ein større institusjon betre sjansar for å lukkast, meiner NIFU

For og imot storfusjon på Vestlandet

Dette meiner NIFU er fordelane med ein fusjon: 

  • Ein felles institusjon kan betre sjå utdannings- og kompetansebehovet i regionen i samanheng. 
  • Institusjonen blir meir synleg nasjonalt. 
  • Fagleg og administrativ kapasitet til å samarbeide med næringslivet i regionen blir betre. 
  • Sterkare innsats innan forsking og utvikling, etter- og videreutdanning. 
  • Synergieffekter ved samordning av fag- og undervisningstilbod. 
  • Større fagmiljø og eit breiare utdanningstilbod.
  • Tekniske og administrative støttefunksjonar kan bli betre. 
  • Det vil vere lettare å nå krava til ny, femårig lærarutdanning. 
  • Krav til master- og doktorgradsutdanning blir lettare å tilfredsstille. 
  • På sikt vil det bli lettare å oppnå universitetsstatus.

Dette er ulempene: 

  • Store avstandar vil gjere kommunikasjon og samarbeid vanskelegare, sjølv med betre IKT-verktøy. 
  • Tilsette i undervisningsstillingar må rekne med hyppig reising. 
  • Studentar kan måtte byte studiestad, særleg mellom høgare og lågare grad. 
  • Avstanden til fagleg og administrativ leiing og støttefunksjonar kan følast større. 
  • Deler av institusjonen kan oppleve akademisering av verksemda, ved at pengar til master- og doktorgradsprogram blir prioriterte. 

Institusjonane har saman oppretta ei eiga nettside for fusjonen

Ikkje for pengane
Forskingsinstituttet meiner at økonomiske argument kan leggjast vekk: Det ikkje er pengar å spare på å slå saman dei tre institusjonane, som er spreidde over fem studiestader: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.  

Den største oppsida for ein fusjonert institusjon er utdanninga. Dei framtidige krava til mastergradsutdanning på lærarstudiet vil vere vanskelege å innfri for Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). 

Ein samanslått høgskule vil ha over 16 000 studentar, og vil dermed bli blant dei største i landet, større enn Universitetet i Bergen. 

Få ønskjer revers
NIFU trur og at administrasjonen ved ein samanslått institusjon vil ha eit større potensiale enn alle tre kvar for seg, og vil kunne utvikle betre tenester innanfor område som samarbeid med resten av samfunnet, og forsking innanfor EU-program. 

Men rapporten konkluderer òg med at det ikkje blir særleg lettare å få universitetsstatus for ein samanslått profesjonshøgskule: Utfordringane er talet på godkjende doktorgradsutdanningar, kompetansen til dei tilsette, ekstern finansiering av forsking og internasjonalisering av forsking og publisering. 

Sjølv om mange fusjonsprosessar har fått mykje kritikk, skriv NIFU at forskingslitteraturen på området tyder på at fordelane likevel veg opp for ulempene: <<Samlet sett indikerer studiene likevel at de fleste fusjoner over tid har vært relativt vellykkede i den forstand at det ikke har vært noe utbredt ønske fra de ulike aktørene om å reversere fusjonen.>>

– Eg er glad for konklusjonen. Eg synest det er ein nøktern konklusjon, som peiker på veldig sentrale tilhøve, som kan bli avgjerande i diskusjonen. Og eg er nøgd med at vi har fått ein rapport som er nøktern, og som viser breidden i både utfordringar og mulegheitar. Og rapporten er berre ein del av grunnlaget styrene må ta avgjerda på, seier HiB-rektor Ole-Gunnar Søgnen. 

Endå meir for
Sjølv om rapporten innheld mykje bra, trur Søgnen det hadde vore muleg å finne endå fleire argument for ein fusjon. 

– Til dømes har næringsstrukturen på Vestlandet ein karakter som gjer at han treng ein større institusjon for å utvikle seg vidare, seier Søgnen. 

På ein del variablar, som studentgjennomstrauming, ligg både HiSF og HiB i landstoppen, og det er difor ikkje muleg å bli så mykje betre, heller ikkje med ein fusjon. 

– Denne rapporten er ikkje eit glansbilete av ein fusjon, understrekar Søgnen. 

Nøgde i Sogn
På HiSF - og i stor grad blant sogningar og fjordingar òg - har skepsisen til fusjon vore særleg stor. Styret ved HiSF har framleis aleinegang som plan A. Nytt styre og ny rektor ved høgskulen har likevel stilt seg noko meir positive til ein fusjon enn forgjengarane. 

– Eg er veldig godt nøgd med rapporten. Han er grundig, og gir eit godt grunnlag for å avgjere om vi skal gå inn i fusjonstingingar eller ikkje. Rapporten konkluderer med at det er fleire fordelar enn ulemper ved ein fusjon. Fordelane vil vere veldig avhengige av kva ein greier å skape i ein ny organisasjon, seier rektor Rasmus Stokke ved HiSF. 

– Er du meir positiv til fusjon etter å ha lese denne rapporten? 
– Eg har ei open haldning til om vi skal gå vidare eller ikkje. Men eg trur rapporten blir godt mottatt, fordi han er grundig, seier Stokke. 
 
HSH-rektor Liv Reidun Grimstvedt har eit styre i ryggen med eit positivt fusjonsvedtak, og rapporten passar høgskulen godt: 
– Det er spennande lesing. Han er tydeleg på å vise potensialet for ein stor profesjonshøgskule på Vestlandet. Vi ser konturane av noko stort og spennande, seier Grimstvedt.