Ole-Gunnar Søgnen kunne onsdag vise fram prinsippa for den nye Vestlandshøgskulen for HiB-styret. Foto: Dag Hellesund
Ole-Gunnar Søgnen kunne onsdag vise fram prinsippa for den nye Vestlandshøgskulen for HiB-styret. Foto: Dag Hellesund

God stemning rundt vestlandsfusjon

Publisert

Det har vore vanskeleg for Torbjørn Røe Isaksen å gjete dei hardbalne vestlendingane inn i større høgskular. Men no verkar forhandlingane å gå i retning av fusjon.

Temaet var oppe på Høgskolen i Bergens (HiB) styremøte og fagdagen til Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) onsdag. Og frå ein viss skepsis virkar det no å vere ein positiv stemning kring prosessen.

Viktig for heile Vestlandet
– Det er vanskelege og viktige saker vi diskuterer, men forhandlingane foregår i ein god tone og eit godt tillitsforhold, seier Rasmus Stokke, som er rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

Han vil ikkje røpe kva fusjonsplattformen forhandlingane dreiar seg om går ut på i detalj, men ser positivt på saka:

– Eg er optimist på at vi skal komme fram til eit forhandlingsresultat, og at vi skal kunne leggje fram ei plattform. Så blir det eit spørsmål om styra kan godta dette, seier Stokke.

Og avgjerda blir viktig for heile Vestlandet, trur han:

– Tilsette og studentar er naturleg nok veldig spente på korleis det går. Det er ei skjebnetid for høgskulane, seier Stokke.

Imponert over forhandlingane
Eit stykke lengre sør er det òg fusjon dei har i tankane.

– Fusjon er utruleg spennande! Hos oss er det god stemning, rapporterer HSH-rektor Liv Reidun Grimstvedt.

Dei hadde fagdag onsdag, og brukte han til å hente inn folk med erfaring frå andre fusjonar. Vestlandsfusjonen ligg etter i løypa, noko som gjer det muleg å lære av erfaringane andre har gjort seg.

– Det er utruleg nyttig å lære av andre, seier Grimstvedt.

Og forhandlingane er ho godt nøgd med:

– Eg er eigentleg imponert over kor mykje vi klarer å få til, og kor mykje vi klarer å diskutere oss fram til. Vi har eit forhandlingsutval som er veldig løysingsorienterte. Vi er tre høgskular som er relativt like, og vi er einige om at målet er ein ny høgskule som skal sørgje for utdanning og forsking for heile Vestlandet.

Slik blir plattformen
Plattforma blir først offentleggjort saman med styrepapira før styremøta 12. mai. Deretter blir det opp til dei tre styra kvar for seg å avgjere vegen vidare. Men endeleg fusjonsvedtak må gjerast 9. juni om det skal blir nokon stor-høgskule på Vestlandet. I så fall vil eit interimstyre med representantar frå alle dei tre skulane ta over fram til fusjonen trer i kraft 1. januar 2017

Men ein del er kjent frå plattforma:

Universitetsambisjonane til HiB er ikkje lagt på hylla, sjølv om HSH og HiSF har vore meir skeptiske til denne ambisjonen.

– Eg trur det er umuleg å ikkje ha ein universitetsambisjon i dagens utdannings-Noreg, seier Grimstvedt.

HiB-styret fekk sjå under sløret
Regional forankring er svært viktig for dei tre høgskulane, og etter kva På Høyden kjenner til er det eit ønskje at dei ulike utdanningane skal kunne tilbys på alle campusar, mellom anna ved å bruke ulike digitale verktøy. Dersom dette lukkast kan det gi eit breiare studietilbod for alle dei tre partnerane.

Og sjølv om heile fusjonsplattforma først trer klart fram først i forkant av møta 12. mai, var det muleg å få eit bilete på styremøtet til HiB i går.

– Vi har kome langt på veg med denne fusjonsavtalen, men enno er det uavklarte punkt som vere gjenstand for diskusjon i forhandlingsutvalet, seier HiB-rektor Ole-Gunnar Søgnen.

Han understrekar at fusjonsavtalen berre skal innehalde overordna prinsipp, og at eit eventuelt interimstyre får jobben med å utforme den nye institusjonen.

– Vi er no inne i forhandlingsfasen, som kanskje er den mest krevjande tida, seier HiB-direktør Sonja Irene Dyrkorn.

Prinsippielle nærregionar
Dette er hovudprinsippa for fusjonsavtalen, slik dei blei presentert på HiB-styremøtet:

  • Felles utdanningsløp og gjennomgåande leiing – det blir til dømes truleg berre ei førskulelærarutdanning.
  • Rektor skal ha hovudarbeidsplass i Bergen og det skal vere ein prorektor i kvar nærregion (Nærregion er ei nemning dei bruker for områda til dei tre eksisterande skulane).
  • Strategisk fagleg og administrativ leiing i nærregionane – viktig for alle at dei føler at dei vil ha strategisk leiing i alle nærregionane.
  • Kvalifikasjonsprinsippet skal gjelde tilsetting i leiarstillingar på nivå 2 og 3 – interimstyret skal velje dei beste leiarane, uavhengig av arbeidsstad.
  • Administrativ organisering skal følgje fagleg organisering – må vere tilpassa aktiviteten i nærregionane og studiestadane.
  • Administrative funksjonar tilpassa aktivitet i nærregionane og på studiestadane
  • Nærleiksprinsippet/personalleiing – som hovudregel skal leiarar i den nye institusjonen ikkje ha personalansvar for fleire enn 20-30 tilsette. Dei tilsette skal oppleve at leiarane er nære.

– Diskusjonane går ofte på kva praktiske konsekvensar prinsippa får, forklarer Søgnen.

Det er verken avklart om høgskulen skal vere organisert i fakultet, eller kor mange dei i så fall skal vere. Men bergensdelegasjonen i forhandlingane er klar:

– Vi håper at det blir tre fakultet, men dette må bli opp til interimstyret.

Val eller ikkje val?
Målform blir og diskutert i forhandlingane. HSH og HiSF har tradisjon for nynorsk, mens bokmål har vore meir brukt på HiB. Dette spørsmålet skal ikkje vere avklart.

Korleis interimstyret skal veljast er eit anna tema det ikkje er full semje om. Styret som skal avgjere korleis den nye institusjonen skal sjå ut kan både peikast ut eller avgjerast i direkte val på dei ulike institusjonane.

Framtidig ordning for rektorval skal heller ikkje vere ferdig diskutert. Særleg blant fagleg tilsette på HiB har det vore eit ønskje om vald rektor. HSH og HiSF er meir interessert i tilsett rektor, då dei mindre institusjonane fryktar at ein vald rektor fort vil komme frå den største institusjonen. Dette var òg eit diskusjonstema då HSH forhandla med UiS om samanslåing. Den komplette plattformen skal presenterast for styra 12. mai, og endeleg avgjerast 9. juni. Fram til då er det ope om det blir ein Vestlandshøgskule, som arbeidstittelen er.

– For å sitere Erna Solberg som så mange gonger før i denne saka: Ingenting er klart før alt er klart, understrekar Søgnen.