Høgskolen i Bergen vert ein del av den nye Høgskulen på Vestlandet. No er formelt vedtak fatta i statsråd.
Høgskolen i Bergen vert ein del av den nye Høgskulen på Vestlandet. No er formelt vedtak fatta i statsråd.

16 millionar til fusjonar i vest

Publisert

Kongen i statsråd har bestemt at det vert ein ny Høgskulen på Vestlandet og at Kunst- og designhøgskolen slår seg saman med UiB. Dei to nye institusjonane får til saman 16 millionar kroner til samanslåingsarbeidet.

– Etter samanslåinga kan Høgskulen på Vestlandet sjå utdannings- og kompetansebehov i vestlandsregionen under eitt. Eg har høge forventningar til at samanslåinga gjer Høgskulen på Vestlandet godt rusta til å møte utfordringar og moglegheiter i åra som kjem, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

På HiB var ein svært glade over fusjonsvedtaket. Arkivfoto: Elin Styve
På HiB var ein svært glade over fusjonsvedtaket. Arkivfoto: Elin Styve

Fredag avgjorde Kongen i statsråd at høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund vert Høgskulen på Vestlandet frå 1. januar 2017. Vedtaket var venta etter at alle dei tre høgskulane førre veke gjorde positive vedtak i fusjonssaka. Dei tre høgskulane får til saman 11 millionar kroner til samanslåingsarbeidet i 2016.

Treng meir
HiB-rektor Ole-Gunnar Søgnen er fornøgd med tildelinga, men understreker at behovet er mykje større.

I Sogndal demonstrerte studentane før det avgjerande styremøtet. Arkivfoto: Ida Bergstrøm
I Sogndal demonstrerte studentane før det avgjerande styremøtet. Arkivfoto: Ida Bergstrøm

– 11 millionar er greitt, men vi hadde kanskje forventa eit litt høgare nivå. Men det er på linje med det dei som fusjonerte i fjor fekk, seier Søgnen til På Høyden.

– Departementet kjenner våre behov godt, og dei er betydeleg større enn 11 millionar kroner, seier han.

KHiB vert ein del av UiB frå 1.1.17. Arkivfoto: Tor Farstad
KHiB vert ein del av UiB frå 1.1.17. Arkivfoto: Tor Farstad

I år har institusjonane som allereie har fusjonert – Nord universitet, Høgskolen i Sørøst-Norge, NTNU og Universitetet i Tromsø – allereie fått 27 til 29 millionar kvar. NTNU har sjølv rekna kostnadene ved ein fusjon til 250 millionar kroner.

– Dei som allereie har fusjonert har fått eit betydeleg høgare beløp. Det må vi kunne styre etter for neste år, meiner Søgnen. 

Allereie tidleg i haust skal den nye høgskulen ha eit interimstyre på plass. 

Fem millionar til KHiB
Torsdag stadfesta styret ved Kunst- og designhøgskulen (KHiB) UiB sitt vedtak om at Griegakademiet og KHiB skal slå seg saman og verta eit utøvande fakultet. Saka vart avgjort av Kongen i statsråd fredag, og då kom òg meldinga om at departementet gir fem millionar kroner til arbeidet med samanslåinga.

– UiB og KhiB har god kvalitet på ei rekkje område som kan utfylle kvarandre etter samanslåinga, og eg har høge forventningar til at ei samanslåing gjer fagmiljøa betre rusta til å møte utfordringar og moglegheiter i åra som kjem. Dei 5 millionane skal vera eit økonomisk bidrag til ein god fusjonsprosess, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Kan verta endringar i samskipnadane
Studentsamskipnadane har vore eit tema i fusjonen mellom dei tre vestlandshøgskulane, særleg har studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vore opptekne av dette. Røe Isaksen seier i pressemeldinga at det er ein klar føresetnad at organiseringa av studentsamskipnadene ikkje svekkjer studentvelferda på nokre av studiestadene.

– Studentsamskipnadene har ulik storleik, men er likeverdige partar. Eg ønskjer primært at dei sjølv blir einige om korleis ei samanslåing kan bli gjennomført, og departementet vil delta i vidare dialog med studentsamskipnadene for å kome fram til gode løysingar, seier ministeren.

Det kan vera aktuelt å gjera endringar i organiseringa av studetsamskipnadane som følgje av samanslåinga av dei tre høgskulane.

Kongen i statsråd har òg vedteke at VID, som er eit resultat av ein fusjon mellom Misjonshøgskolen, Høgskolen Betanien, Haraldsplass Diakonale Høgskole og Diakonhjemmet Høgskole òg skal fusjonera med Høyskolen Diakonova. Denne samanslåinga får to millionar kroner.