Nye <span class="caps">KH</span>iB skal vera innflyttingsklar hausten 2017. Til venstre for bygget, på den gamle lakkverktomten, vil det kunne vera plass til eit nybygg som kan romma Griegakademiet. Foto: Statsbygg
Nye KHiB skal vera innflyttingsklar hausten 2017. Til venstre for bygget, på den gamle lakkverktomten, vil det kunne vera plass til eit nybygg som kan romma Griegakademiet. Foto: Statsbygg

– Fullt mogleg med nybygg

Publisert

Statsbygg har talt: Det er fullt mogleg å realisera eit nybygg for Griegakademiet ved sidan av Kunst- og designhøgskolen sitt nybygg på Møllendal.

Skal Griegakademiet og Kunst- og designhøgskolen (KHiB) verta eit felles fakultet? Og kan Griegakademiet flytta til Møllendal i staden for å få nye lokale i ein totalrenovert Nygård skole?

Frode Thorsen er instituttleiar ved Griegakademiet, og positiv til å få på plass eit nybygg. Foto: Hilde Kristin Strand
Frode Thorsen er instituttleiar ved Griegakademiet, og positiv til å få på plass eit nybygg. Foto: Hilde Kristin Strand

Svaret på det siste spørsmålet nærmar seg ja. Det kunne Frode Thorsen,instituttleiar ved Griegakademiet, opplysa om då alle tilsette ved dei to institusjonane var samla til felles seminar fredag. Der var spørsmål ein særleg i fokus.

– UiB har vore i kontakt med Statbygg, som seier at det er fullt mogleg å realisera eit nybygg på tomten ved sidan av KHiB sitt nye bygg. Eit nybygg for Griegakademiet vil kunne gjennomførast som eit kurantbygg, sa Thorsen.

Det betyr at Statsbygg byggjer og eig, UiB leiger.

Sambruk
Eit nybygg for Griegakademiet vil verta plassert til venstre for KHiB sitt bygg, som er i ferd med å reisa seg.

– I området er det òg plassert eit framtidig bybanestopp på traseen mot Fyllingsdalen. Dersom me er så heldige at Åsane framleis går i stå, vil dette kunne koma på plass om ikkje så mange år. Kollektivtransporten i området er ganske dårleg per i dag, sa Nina Malterud.

Ho er tidlegare rektor ved KHiB. No er ho seniorrådgivar og sekretær for prosjektgruppa som jobbar med fase to i strukturprosessen.

Dersom Griegakademiet vert flytta, vert sambruk eit av temaa. Thorsen peika på felles kantine, bibliotek og kanskje andre store rom, men var tydeleg på at ein eigen konsertsal er noko Griegakademiet vil trenga. Det ligg inne i planane for ein ombygd Nygård skole, saman med ein black box. No er det allereie lagt inn i nye KHiB.

Parkerer Nygård skole
Even Berge, eigedomssjef ved UiB, stadfestar at universitetet og Statsbygg er i dialog. I siste halvdel av februar vert det eit møte om skisseprosjekt.

– Men me er framleis i ein fase der eit eventuelt bygg vert greidd ut. Det er ei stor økonomisk avgjerdsle å ta, både for UiB og for departementet, seier Berge.

– Er ombygging av Nygård skole parkert inntil vidare?

– Ja. Eg trur ikkje me kan rekna med at eit nybygg på 8.000-9.000 kvadratmeter vert noko billegare enn å bygga om Nygård skole. Der er kostanden sett til om lag 530 millionar kroner. Men dersom me får eit nybygg vil me sleppa å måtte bruka erstatningslokale i ombyggingsperioden, seier Berge.

Han seier at kva som skjer med Nygård skole dersom det vert nybygg på Møllendal, ikkje er bestemt. Noko vedlikehald vil verta gjort på Nygård skole no uansett – det trengs.

– Me vil kunne bygga skulen om til noko anna og mindre kostnadskrevjande, eller me vil kunne selja bygget. I så fall har Bergen kommune forkjøpsrett. Men dette har me ikkje tatt stilling til endå, seier Berge.