Dei integrerte lektorutdanningane, der ein får både mastergrad og pedagogikk, har gode søkjartal. Men UiB klarar ikkje å fylla studieplassane innan praktisk-pedagogisk utdanning. Foto: henta frå Oslomet si flickr-side/Benjamin A. Ward
Dei integrerte lektorutdanningane, der ein får både mastergrad og pedagogikk, har gode søkjartal. Men UiB klarar ikkje å fylla studieplassane innan praktisk-pedagogisk utdanning. Foto: henta frå Oslomet si flickr-side/Benjamin A. Ward

Tre fjerdelar av søkjarane til praktisk-pedagogisk utdanning forsvann

I fjor var det over tusen søkjarar til praktisk-pedagogisk utdanning. I år er det berre 327.

Publisert

— Det er ikkje mange nok søkjarar til å fylla plassane, konstaterer Oddrun Samdal, viserektor for utdanning.

I 2018 var det 1094 søkjarar som ønska å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved UiB. I år er talet 327. UiB har om lag 280 studieplassar. No vert truleg nokre av dei ståande tomme.

— I 2018 var det siste året ein kunne ta PPU utan å ha mastergrad. No er kravet om mastergrad innført for alle lærarar. Me hadde ekstra mange søkjarar i fjor, truleg fordi dei som då hadde bachelorgrad kunne ta pedagogikk, fortel Frode Randal.

Han leiar studieseksjonen ved Det psykologiske fakultetet, som er dei som har ansvar for PPU.

Ønskjer dialog med KD

Åra før 2018, som kanskje er rettare å samanlinka med enn fjoråret, hadde årleg minst 400 søkjarar til PPU.

Viserektor Oddrun Samdal ønskjer ein dialog med Kunnskapsdepartementet. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Viserektor Oddrun Samdal ønskjer ein dialog med Kunnskapsdepartementet. Foto: Ingvild Festervoll Melien

— Me har hatt gode søkjartal til 5-årig integrert lektorutdanning, så kanskje ein bør diskutera å omdisponera nokre av studieplassane, seier Randal.

Det er Samdal samd i. Men ho seier at dette er noko UiB ikkje kan gjera åleine, det må skje i dialog med Kunnskapsdepartementet.

Som På Høyden har skrive, var det gode søkjartal til fleire av dei integrerte lektorutdanningane ved Det humanistiske fakultetet. Også integrert lektorutdanning ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet har fleire søkjarar enn det er studieplassar.

— Me ser at PPU rekrutterer me våre eigne studentar. Då ein framleis kunne ta PPU utan å ha mastergrad, såg me at ein del søkjarar søkte både PPU og master, seier Randal.

12 rekrutteringsmål

Å halda fast ved søkjartalet til PPU var eitt av 12 mål UiB hadde med rekrutteringsarbeidet i år. Søkndsfristen til Samordna opptak gjekk ut 15. april, og omprioriteringsfristen går ut 1. juni. Men endringane er ikkje store for dei 12 studia som var plukka ut: Det er mellom anna færre søkjarar til bachelorprogram i tysk og fransk, og færre til bachelorprogram i samfunnsøkonomi. Men musikkterapi, administrasjon og organisasjonsvitskap og samanliknande politikk har fleire søkjarar. Dette kjem fram i sakspapira til møtet i utdanningsutvalet.

— Det er ikkje alltid lett å rekna ut kor mange som kjem til å søkja dei ulike studia. Eg ser at nokon lukkast, men rekruttering er ei krevjande øving, seier Samdal.

Søkjartala til UiB gjekk litt ned samanlikna med i fjor, men det gjeld heile landet.