Ballen vart flytta rundt i takt med naturlovene. Til slutt enda det med to mål for dei tilsette (i kvitt) mot studentane. Foto: Njord V. Svendsen
Ballen vart flytta rundt i takt med naturlovene. Til slutt enda det med to mål for dei tilsette (i kvitt) mot studentane. Foto: Njord V. Svendsen

Fagleg fotball: Studentane tapte revansjeoppgjeret ti år etter

Tilsette hevdar sigeren ikkje var kalkulert.

Publisert   Sist oppdatert

Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen fyller 70 år, eit rundt nok tal til å feire, eller konkurrere, i det minste med ein fotballkamp. Den gong instituttet runda 60 var det også kamp om ballen, med studentar på den eine og tilsette på den andre halvdelen av rektangelet på Møhlenpris, nokre innkast frå Realfagsbygget. Dei tilsette vann. Studentane tapte. 2-10.

Kampplanen for dei tilsette blir formulert på ruta blokk fem minutt før kampstart. Foto: Njord V. Svendsen
Kampplanen for dei tilsette blir formulert på ruta blokk fem minutt før kampstart. Foto: Njord V. Svendsen

Spol fram til 2019.

— Vi tenkte det var på tide å revansjere tapet frå 2009, sa ein optimistisk spelar på studentlaget, Helene Wilson, før kampen.

Men trass fleire fine diagonalar og tilløp til integralar frå studentane:

Også denne gongen måtte dei bite i kunstgraset.

Tapet er faktum og konstant for studentane, som gjorde ein god kamp, men ikkje klarte å få ballen i nota. Foto: Njord V. Svendsen
Tapet er faktum og konstant for studentane, som gjorde ein god kamp, men ikkje klarte å få ballen i nota. Foto: Njord V. Svendsen

To mål i andre omgang, altså 1+1, var nok til å sikre ein komfortabel triumf for dei med inntekt frå instituttet. Sidan studentane, trass eit par gode sjansar, ikkje klarte å komme over det det tidlegare så omstridde talet 0 (null), måtte det bli slik.

Proffe fotballtøfler hjelpte ikkje for studentane. Foto: Njord V. Svendsen
Proffe fotballtøfler hjelpte ikkje for studentane. Foto: Njord V. Svendsen

— Vi var betre organiserte. Vi visste at dei har trent, vi har berre trent ein gong, så vi måtte ta dei på organiseringa, oppsummerte post.doc. og lagleiar for dei tilsette, Max Akira.

— Ein kalkulert siger?

— Slett ikkje.

Medan dei tilsette strekte armane mot universet då dommaren bles av kampen etter 25+25 (50) minutt, dominerte hoftefestet i studentleiren.

Dei tilsette, om ikkje alltid så fast, sikra sigeren med to scoringar og kompakt forsvarsarbeid. Foto: Njord V. Svendsen
Dei tilsette, om ikkje alltid så fast, sikra sigeren med to scoringar og kompakt forsvarsarbeid. Foto: Njord V. Svendsen

— Kvifor vart det tap igjen?

— Det kan vere vi undervurderte dei. Vi hadde ikkje sett for oss at dei stilte med så ungt lag. Hadde dei hatt med fleire professorarar, ville vi ha vunne, konstaterte Helene Wilson.

Det må bli ein ny sjanse til 80-årsjubileet.