FF Kronprins Haakon til kai i Bergen - utan UiB sin logo. Men no kan UiB truleg likevel få fast seglingstid. Foto: Dag Hellesund
FF Kronprins Haakon til kai i Bergen - utan UiB sin logo. Men no kan UiB truleg likevel få fast seglingstid. Foto: Dag Hellesund

No kan UiB få tokttid på Kronprinsen

Universiteta i Bergen og Tromsø er samde om at UiB kan få kjøpa tokttid på forskingsfartøyet Kronprins Haakon. Men dei andre eigarane skal òg seia sitt.

Publisert   Sist oppdatert

Universitetet i Bergen fekk ikkje fast tokttid på forskingsisbrytaren Kronprins Haakon. Heller ikkje brev til Kunnskapsdepartementet hjelpte. I fjor sommar skreiv UiB-rektor Dag Rune Olsen: «(...) sett i forhold til både vår forskningshistorie og våre strategiske satsninger, finner vi det ikke unaturlig at UiB har minst like stor andel av dette fartøyet som noe annet norsk universitet. UiB ønsker derfor en medbestemmelses- og bruksdel på 20 % i dette fartøyet» .

Avtaleforslaget

UiT og UiB inngår i denne avtalen et samarbeid om bruken av denne infrastrukturen ved at UiB kjøper 20% av UiTs tokttid i fartøyet, tilsvarende 10% av fartøyets totale tokttid.

UiT forplikter seg til hvert år å tilrettelegge for at UiB får tilgang til KPH for det avtalte omfang,

gjennom tokt der UiB har toktledelse så sant ikke annet er avtalt.

UiB forplikter seg til årlig å

kjøpe tokttid av UiT i samme omfang, under forutsetning av at tokttid stilles til disposisjon for UiB på KPH i en tidsperiode som er faglig akseptabelt for hvert prosjekts formål.

(Frå avtaleutkastet)

Men no kan det gå i orden likevel.

UiB har sendt eit avtaleutkast til Universitetet i Tromsø (UiT) der det går fram at UiB vil kjøpa tjue prosent av UiT si tokttid. Avtalen skal gjelda frå 2021. Dette vil gi UiB ti prosent av den samla tokttida, ikkje tjue, slik Olsen tidlegare har sagt at UiB ønskjer.

Til styringsgruppe

— Me har hatt samtalar det siste halvåret, og er samde om eit avtaleforslag, seier Jørgen Fossdal, som er universitetsdirektør ved UiT.

Kjell Bernstrøm, som er universitetsdirektør ved UiB, seier at UiB er godt nøgde med det forslaget som no er presentert. Men det er ikkje desse to partane åleine som kan avgjera om UiB kan overta tokttid.

— Avtalen mellom Polarinstituttet, Havforskingsinsituttet og Universitetet i Tromsø opnar for at ein kan leiga tokttid ut til tredjepart. Men når det er i dette omfanget og i så mange år, må dette opp i styringsgruppa der desse tre partnarane er representerte, seier Ole Arve Misund.

Han er direktør for Norsk polarinsitutt.

Polarinstituttet står som juridisk eigar av fartøyet, og har 30 prosent av tokttida. Havforskingsinstituttet driftar den avanserte forskingsisbrytaren gjennom sitt rederi, og rår over 20 prosent av tokttida. Dei resterande 50 prosentane er det altså UiT som har fått.

Sju millionar kroner

— Det er viktig å utnytta tokttida best mogleg, seier Sissel Rogne, direktør for Havforskingsinstituttet.

Avtalen mellom Polarinstituttet, Havforskingsinsituttet og Universitetet i Tromsø opnar for at ein kan leiga tokttid ut til tredjepart.

Ole Arve Misund

Ho vil ikkje seia noko om avtalen før han har vore handsama i styringsgruppa. Men Misund seier han kjenner seg rimeleg sikker på at avtalen går gjennom.

— Sjølve planlegginga av tokt vert gjort av ein eigen toktkomité. Den er leia av Havforskingsinsituttet, seier Misund.

Universitetet i Tromsø skal årleg betala 35 millionar kroner for drift av skipet, har På Høyden tidlegare skrive. UiB sin marine dekan, Jarl Giske, har sagt at UiB sit på gjerdet og ventar på realitetane, og at det er dei økonomiske realitetane som vil avgjera forhandlingsklimaet. Eit seglingsdøgn vil kosta om lag 200 000 kroner. Dersom UiB skal overta tjue prosent av UiT si tokttid, må dei òg betala for tjue prosent – sju millionar kroner i året.

Skipet seglar igjen

Dersom avtalen mellom UiB og UiT vert godkjent, vil han gjelda først frå neste årsskifte. Tokttida er førebels i hovudsak brukt til det store forskingsprogrammet Arven etter Nansen. Der er UiB med. No er forskingsskipet i området aust for Svalbard, skriv Havforskingsinstituttet på sine nettsider.

I juli var det ein lekkasje i eit av propellhusa til skipet.

— Det vart funne nokre lause boltar, utan at me veit meir om årsaka til det, seier Misund.

— Men skipet er no i drift igjen.