Sopran Kristin Lytskjold Raknes, som Captain Fishcort i ein arie med mørke undertonar i vitskapsoperaen Fish to Mars. Foto: Tor Farstad
Sopran Kristin Lytskjold Raknes, som Captain Fishcort i ein arie med mørke undertonar i vitskapsoperaen Fish to Mars. Foto: Tor Farstad

«Some of you might find this disturbing»

— Opera burde gi publiseringspoeng, seier professor Karin Pittman. Det er klart for verdspremiere på «Fish to Mars».

Publisert   Sist oppdatert

Ein vitskapeleg forteljing frå nær framtid formidla gjennom guttural song og doble basstrommer.

«Some of you might find this disturbing», seier den svartkledde karakteren i ouverturen, og ønskjer velkommen til «The first interplanetary gene tech summit» i ei ikkje altfor fjern framtid. Karakteren er professor i marinbiologi, Karin Pittman, i forkledning.

Året er 2052, menneska er desperate etter mineralar for kunne drifte sin høgteknologiske sivilisasjon.

Ei gruppe forskarar, med ein post.doc. på laget, blir lokka til å reise på ei strabasiøs ferd til ein koloni på Mars, nærare bestemt Bowieville. Is there life on Mars? Er det liv på Mars? Jepp. Med seg har teamet eit uerstatteleg eksemplar av lungefisken, DNA-underet som kan «romme ubegripelege mengder data» i sine celler.

Ein lungefisk - og denne broka forsamlinga - på veg til Mars, i Rotunden på Akvariet i Bergen. Foto: Tor Farstad
Ein lungefisk - og denne broka forsamlinga - på veg til Mars, i Rotunden på Akvariet i Bergen. Foto: Tor Farstad

Så er det i gang, den tre månader lange flight A 2857 til den andre planeten, og ei dramatisk forteljing mellom djupe gitarriff.

Kunsten, og formidle

Fish to Mars

Samarbeid mellom uavhengige kunstnarar og institusjonane Universitetet i Bergen, Havforskningsinstituttet, Høgskulen på Vestlandet, NLA Høgskolen og University of California Berkeley og Akvariet i Bergen.

Ein vitskapeleg basert multimedial metal-opera.

Blir spelt i Rotunden på Akvariet i Bergen fredag 10. mai, laurdag 11. mai og tysdag 14. mai, alle dagar klokka 19 (dørene opnar kl. 18.00)

Black metal. Opera. Forskingsformdling. Fish to Mars, The Metal Science Opera.

— Vi må løfte blikket frå ein administrativ måte å tenke forskingskommunikasjon til ein reell måte – til å treffe menneske, seier Karin Pittman, professor i marinbiologi ved Universitetet i Bergen (UiB), og no også librettist, eller tekstforfattar til opera.

Velkommen til framtida, her og no. Karin Pitmann i rolla som forskar anno 2052. Foto: Tor Farstad
Velkommen til framtida, her og no. Karin Pitmann i rolla som forskar anno 2052. Foto: Tor Farstad

Pittman er ikkje akkurat ukjent med uortodokse tilnærmingar til forskingsformidling, der kunstnariske grep høyrer med. Det veit masterstudentane som har tatt BIO300.

Det er kollega og science fiction-forfattaren (med doktorgrad på marine pattedyr) Peter Watts som har inspirert Pittman i utforminga av historia i Fish to Mars.

Arild Brakstad, komponist. Foto: Tor Farstad
Arild Brakstad, komponist. Foto: Tor Farstad

Musikken, og samarbeid om librettoen, er det Arild Brakstad som står for. Han kjem på sett og vis frå ein annan planet. Han har ingen grad frå universitetet, men å forme ein bodskap om vitskapen har vore eit oppdrag.

— For meg er målet å skape kjensler, nå inn. Ein time med harde fakta ville ha vore utmattande. Det er også eit mål å nå andre enn dei innforståtte, enten det no gjeld vitskap, opera eller svartmetall. Formidling er å skape energi, seier Brakstad.

Premiere blant torsk og flyndre

Etter tre års arbeid nådde Brakstad og Pittman sin «Mars» — og fredag kveld er det klart for verdspremiere, etter generalprøven torsdag. Rundt det heile sym flyndre og torsk. I det runde rommet på Akvariet er akvaria dekt til og sjødyra kan berre skimtast, som ein subtil rekvisitt og supplement til lungefisken på scena.

Reisa til Mars går ikkje heilt som planlagt, og kolonien dei møter er ikkje heilt som dei har sett for seg.

Yngve Christiansen i rolla som Arnold X. Foto: Tor Farstad
Yngve Christiansen i rolla som Arnold X. Foto: Tor Farstad

På Mars møter dei blant andre På Ulke, den andre forskaren (utanom Pittman) på scena som også er forskar utanom førestillinga – då på Havforskingsinstituttet som Pål Buhl Mortensen.

Kanskje er heller ikkje menneska heilt det dei har sett for seg.

Teljekantar? Bullshit!

Fish to Mars har ei rad partnarar i ryggen, i tillegg til UiB, Havforskningsinstituttet – blant dei Forskingsrådet og Berkley-universitetet i California.

For professor Pittman er det ikkje berre greitt, men heilt avgjerande å ta i bruk grensesprengande metodar for å nå fram, ikkje berre til molekylar, men til menneske.

Lungefisk, som rommar gåta om livet. Fish to Mars er ei multimedial førestilling. Foto: Tor Farstad
Lungefisk, som rommar gåta om livet. Fish to Mars er ei multimedial førestilling. Foto: Tor Farstad

— Vi må kome forbi ord, vi må nå fram til kjenslene. Vi må skape fleire lag i forteljingane. Ta i bruk kunst, ta i bruk underhaldning, seier Pittman.

Men kva med teljekantane?

Ei forteljing om forfall, meiner Pitmann.

Heile systemet med vitskapeleg publisering er i alvorleg trøbbel

Karin Pittman, professor og librettist

— Heile systemet med vitskapeleg publisering er i alvorleg trøbbel. Vi må slutte å tru at noko er kvalitet berre fordi det er publisert i eit tidsskrift. Slik er det ikkje. Det gjeld også tidsskrift med prestisje. Dette er eit landskap med mykje grums. Men om ein ikkje har eit godt bullshitfilter er det lett å ikkje sjå det.

Tungt metall i jakta på mineralar. Hanne Mellingen som Jackie Club og James Richard Myhre Gåssand som James Hart. Foto: Tor Farstad
Tungt metall i jakta på mineralar. Hanne Mellingen som Jackie Club og James Richard Myhre Gåssand som James Hart. Foto: Tor Farstad

Dette er i seg sjølv grunn nok til å sprenge grensene, for henne.

— Vi må dreie heile tankegangen, frå egosystem til økosystem, seier ho, og legg til:

– Opera burde gi publiseringspoeng.

«Some of you might find this disturbing».