Elevar frå vidaregåande skular i Bergensområdet hadde møtt opp i Universitetsaulaen for å få eit innblik i noko av forskinga som føregår ved UiB.
Elevar frå vidaregåande skular i Bergensområdet hadde møtt opp i Universitetsaulaen for å få eit innblik i noko av forskinga som føregår ved UiB.

— Det er greitt å vera middelmåtig

Publisert

Diskusjon rundt stress og kroppspress opna Forskingsdagane UNG torsdag.

– Kvifor skal ein streva for å bli best, når ein kan bli lukkeleg midt på treet? spør stressforskar og førsteamanuensis ved institutt for samfunnspsykologi, Anette Harris.

I salen sit vidaregåandeelevar frå Hordaland for å vera med på Forskingsdagane UNG. Her får dei delta på ulike sesjonar, for å sjå kva tema ein kan forska på ved universitetet.

— Arrangørane tok sjølv kontakt med skulane for å høyra kva for ting elevane var opptekne av. Då var det spesielt dette med stress og kroppspress som gjekk igjen, seier Harris.

Førsteamanuensis ved institutt for samfunnspsykologi ved UiB, Anette Harris.
Førsteamanuensis ved institutt for samfunnspsykologi ved UiB, Anette Harris.

HEVAS-undersøkinga frå 2014 (Helsevanar blant skuleelevar) viser at ungdom lever sunnare enn nokon gong. Dei drikk mindre, røyker mindre, og trenar meir.

Likevel rapporterer særleg jenter om helseplager, stress og overdriven slanking.

– Ungdommane må senka krava til seg sjølve. Dei må innsjå at ikkje alle kan bli best i alt, det er heilt greitt å vera middelmåtig. Ein har sett ein standard, som for nokre ikkje er mogleg å nå opp til. Det er klart at ein då blir stressa.

Gjorde undersøking blant deltakarane
I forkant hadde Harris gjort ei undersøking blant ungdommane som deltok på foredraget. Dei hadde svart på spørsmål som kartla helseplager og stress knytt til skulearbeid.

– Dette gjorde me først og fremst for å visa dei kva ei vitskapleg undersøking er, og korleis me gjennomfører den. Eg ville også at dei skulle få ei betre forståing for korleis me forskarar kan jobba når me skal kartlegga stress og helseplager, seier Harris.

Resultatet viste at ungdommane rapporterte mykje høgare grad av helseplager samanlikna med normalbefolkninga. 

– Særleg innanfor kategorien trøyttleik, søvnproblem, mild depresjon og angst scora dei ekstremt høgt. Normalt ser me at det er muskel- og skjelettplager som er det største problemet, men her var det altså like mange som rapporterte om lettare mentale plager.

– Denne undersøkinga er for lita til å vera representativ for dei ulike skulane, men den gjer oss ein peikepinn på korleis ungdom har det.  

Stressrelaterte helseplager er ikkje noko nytt
Stressfenomenet er ikkje noko nytt i tida, fortel Harris. 

– Når ein ser tilbake i tida har stressrelaterte plager alltid eksistert. Men ein har hatt ulike ting å skulda på. Når jernbanen kom, blei den brukt som ein årsak til stress, og når kvinnene skulle ut av huset og byrja å studera, var det også noko som blei brukt til å forklara kvifor kvinnene hadde så mange helseplager. I nyare tid har gjerne tidsklemma blitt sett på som ein årsak.

Harris meiner nøkkelen til å handtera stress ligg i å jobba med tankane. 

– Det er tankane og forventningane våre som påverkar den fysiologiske stressreaksjonen. Om personen har ei forventing om at utfallet av ei belastning blir positivt, vil det gje ein kortvarig stressreaksjon som ikkje er knytta til helseplager. Stress treng altså ikkje berre å vera negativt. 

– Men dersom personen ikkje forventar å handtera stress-faktoren, og opplever håplausheit, vil det kunne føra til ein vedvarande stressreaksjon og meir helseplager.

– Ønsker å prestera
Mathilde Kordt Sundet og Selma Stordal Mjelde frå St. Paul gymnas seier dei særleg kjenner på stress knytt til skulearbeidet.

– Ein ønsker jo å prestera godt uansett, og ein ønsker jo helst å få gode karakterar. Men kor mykje press ein kjenner på, er nok avhengig av kva miljø ein er i, seier Mathilde. (17)

– Ingen er perfekte og gode i absolutt alt. Sjølv dei som verkar ut til å ha alt på stell, har sikkert ting dei ikkje er fornøgde med. Ein blir nok påverka av media og sosiale medium.

Det er ikkje alltid like lett å senka skuldrene, fortel dei. 

– Sjølv om foreldra våre gjerne seier at me ikkje må stressa så mykje – så vil ein jo visa at ein kan, og at ein får det til, seier Selma (17).

.

Mathilde Kordt Sundet og Selma Stordal Mjelde går i andre klasse på St. Paul gymnas. 

– Ytre faktorar påverkar
Harris meiner at det ikkje berre er ungdommane sjølv som må ta tak i sine eigne forventningar.

– Samfunnet må sjølvsagt ta på seg sin del av ansvaret også. Me ser ofte ein slags dobbeltkommunikasjon blant dei vaksne, som på eine sida seier at ungdommane må slappa av, og ta det med ro – men så er ein likevel opptekne av prestasjonar. Me spør alltid korleis det gjekk på prøven, kva karakter dei fekk. Det same gjeld innanfor sport – resultata blir det viktigaste.

Ho saknar meir merksemd på dei mellommenneskelege eigenskapane.

– Det er alltid eit fokus på prestasjon, medan andre verdiar gjerne kjem i skuggen. Ein bør i større grad verdsetta ting som å vera snill, gjera gode ting for andre, og det å visa omsorg.

Korleis dei unge skal takla stresset, bør inn som fag i skulane, meiner Harris.

– Stressmestring, og korleis ein skal læra å bli snillare med seg sjølv, burde vera på timeplanen. Slik kan ein gjera dei unge betre rusta til å takla kvardagen sin. Sjølv bør dei tenka over korleis dei eigentleg vil leva liva sine, og prøva å vera meir til stades her og no.