Det var stor glede på UiB då Kreftforeningen kom til byen med historisk pengedryss til kreftforsking. Foto: Karl Kristian Langeland
Det var stor glede på UiB då Kreftforeningen kom til byen med historisk pengedryss til kreftforsking. Foto: Karl Kristian Langeland

Pengedryss til kreftforskinga

Publisert

Utan Kreftforeningen, inga ordentleg kreftforsking, sa rektor Dag Rune Olsen då generealsekretærenen i Kreftforeningen kom til Bergen med tidenes pengedryss til kreftforsking.

33 millionar kroner skal gå til kreftforsking i Bergen, og av desse gikk heile 30,3 millionar til Universitetet i Bergen og 17 forskingsprosjekt.

Olsen fekk også ein plakett av Anne Lise Ryel med klar beskjed om at den skulle henge på kontoret.

– På denne plaketten står det beløpet de får og kor mange prosjekt dei går til. Den skal minne deg på at du har superdyktige forskarar og eit fantastisk kreftforskingsmiljø her på universitetet. Sidan beløpet også er større enn i fjor håpar eg det vil vere inspirerande for deg.

– Takk til Kreftforeningen for den moglegheita de gjev oss gjennom desse pengane. Ei krone er ei krone, men når pengane kjem frå Kreftforeningen så er den meir verdt enn ei krone. Det er fordi vi veit at det ligg så uendeleg mykje bak av entusiasme, pågangsmot og vilje til å samle inn pengar til det som kanskje er den viktigaste oppgåva vi som universitet har, nemleg det å forske på ein sjukdom som betyr stadig meir i vårt moderne samfunn, sa Olsen og la til:

– Kreftforeningen har bidrege mykje til kreftforskinga tidlegare og vi får stadig større beløp. Det er vi både stolte over og ikkje minst er vi evig takksame.

Livet er fantastisk og forsking livsviktig
Før pengeutdelinga til dei ulike prosjekta tok til starta Ryel med å sitere Henning Mankell som byrja å skrive blogg då han fekk kreft. Cellegifta gjorde jobben og fjerna svulsten til Mankell. Då skreiv han <<utan forskinga veit eg ikkje korleis det hadde gått med meg. Så enkelt kan det seiast>>.

– Og Mankell har heilt rett. Så enkelt kan det seiast. Så enkelt kan verdien av det de driv med her på universitetet uttrykkast. For takka vere forsking får vi stadig betre behandling. Takka vere forsking kan gledesscener utspele seg i familiar over heile landet. Livet er fantastisk og forsking er livsviktig, sa Ryel.

Vurderingane om kven som skal få støtte til sine prosjekt er gjort av fagekspert og det er berre dei beste som når opp og blir tildelt støtte. Tildelinga av disse midlane til forskarane i Bergen er derfor fyrst og fremst eit kvalitetsstempel, sa Ryel.

– Det er berre dei aller, aller beste i dette landet innanfor kreftforsking som får pengar. Sidan vi i år har eit rekordbeløp så fekk nesten 27 prosent av dei som søkte om midlar pengar frå oss. Det heng høgt og det skal det gjere.

(Artikkelen held fram under biletet)

Denne plaketten skal henge på kontoret til rektor Olsen og minne han om alle dei fantastiske forskarane han har på sitt universitet, sa Anne Lise Ryel før ho gav rektoren ein god klem. Foto: Karl Kristian Langeland

Små og store givarar
Kreftforeningen hadde i år eit rekordstort beløp dei skulle dele ut. Heile 173 millionar kroner skal gå til kreftforsking i Noreg. Det er mange som skal takkast for den summen, sa Ryel.

– Det finns så mange små og store givarar i det som til slutt vert den utruleg høge summen som blir 173 millionar. Det er folk som enten har blitt ramma sjølv av kreft eller mista nokon i kreft, men det dei har til felles er at dei tenkjer <<eg ynskjer ikkje at det skal vere akkurat sånn framover. Eg veit at forsking vil til og eg vil bidra>>

Månemormarsjen
Ein av dei som har gjort nettopp det er Helge Hellevik. Han mista både far sin og ei niese i kreft i fjor. Han og broren bestemte seg for å snu den tunge sorga til noko positivt. Dei planla lenge og vel kva dei gjere, og 21. juni i år starta dei å gå frå grava til far sin i Bergen til grava til niesa i Stokke i Vestfold.

– Eg skulle ønske eg kunne tatt dykk med på den turen. Alle saman. Målet var å samle inn pengar til Kreftforeningen sånn at de som er forskarar kan få gjort noko slik at andre slepp å oppleve at ei jente på 32 år med to born døyr.

Månemormarsjen, som dei kalla turen, samla inn over 44.000 kroner.

– Det er kanskje ikkje all verda med pengar, men ei krone her og ei krone der, det blir til slutt mykje pengar. De som har fått pengar i dag gjer ein fantastisk jobb. Hald fram med det, så skal vi frivillige samle inn pengar så de får nok å gjere på, sa Hellevik.

Carl Espen Thorbjørnsen stod for det musikalske innslaget under pengeutdelinga frå Kreftforeningen.

Ynskjer at forskarane skal sjå kvar pengane kjem frå
Også i fjor var Kreftforeningen personleg tilstades og gav pengane vidare til forskingsprosjekta slik som i år. Det er heller ikkje utan grunn at Ryel hadde med seg Hellevik på utdelinga. Det er viktig at forskarane ser kvar pengane dei får kjem frå, meiner Ryel.

– Eg vil at forskarane skal vite, at alle dei pengane vi snakkar om i Kreftforeningen, det er desse pengane som har kome frå alle dei som har håp og forventingar til forskinga og eit ynskje om at de kan vere med på å gjere liva betre for dei som vert råka av kreft. Eg håpar no vi med dette vesle arrangementet kan gje dykk ei kjensle av kva pengane kjem frå.

Dei som fekk pengar til sine prosjekt er (beløp i parentes):

Rein Aasland  (100 000), Lars A. Akslen (1 945 813), Thomas Arnesen (2 095 813), Rolf Bjerkvig (2 095 813), Tone Bjørge (2 693 811), Øystein Bruserud (2 095 813), Olav Dahl (581 000), Stein Døskeland (1 945 813), Bjørn Tore Gjertsen (2 095 813),                Karl-Henning Kalland (100 000), James Lorens (100 000), Per Lønning (400 000), Emmet McCormack (1 945 813), Helga Salvesen (4 739 624), Anne Hege Straume (2 642 720), Frits Thorsen (100 000), Per Magne Ueland (4 639 624).

Hrvoje Miletic, frå Haukeland Universitetssjukehus, (2 643 811)

Generalsekretær i Kreftforeningen, Anne Lise Ryel, gav kreftforskarane på UiB tomlane opp for den jobben dei gjer og håpar at dei nye pengane kan bidra til at dei får gjort enda meir framover. Foto: Karl Kristian Langeland