Professor ved Det juridiske fakultet, Ragna Aarli, bli ny leiar for Granskingsutvalet. Foto: Olav Røli
Professor ved Det juridiske fakultet, Ragna Aarli, bli ny leiar for Granskingsutvalet. Foto: Olav Røli

UiB-professor skal leia nytt Granskingsutval

Publisert

Kunnskapsdepartementet har oppnemd nye medlemmar til Nasjonalt utval for gransking av reielegheit i forsking. Jusprofessor ved UiB, Ragna Aarli, blir leiar for det nye utvalet.

– Det er ei viktig oppgåve for forskarfellesskapet, tenker eg. Me treng tillit til forskningsmiljøa i landet, og dette kan Granskingsutvalet bidra til å byggje. Eg synest også det er interessant reint personleg å bli kjent med ulike vitskapstradisjonar i ulike fag. Eg kjenner rettsvitskapen frå innsida, men ikkje dei andre fagområda, seier Aarli til På Høyden. 

Medlemmar av Granskingsutvalet

Desse er oppnemd til det nye utvalet: 

  • Ragna Aarli, leiar, Professor UiB
  • Jan G. Bjålie, nestleder, Professor UiO
  • Rani Lill Anjum, Forsker, NMBU
  • Øyvind Kongstun Arnesen, Administrerende direktør, Ultimovacs AS
  • Lise Wogensen Bach, Professor, Aarhus Universitet, Danmark
  • Anne Ingeborg Myhr, Direktør, GenØk-senteret for bioteknologi, Tromsø
  • Arild Underdal, Professor emeritus, UiO

Varamedlemmar:

  • Per-Henrik Zahl, Seniorforsker, Folkehelseinstituttet
  • Nina Johannesen, Førsteamanuensis, Høgskolen i Østfold
  • John-Arne Skolbekken, Professor, NTNU
  • Ida Skaar, Seniorforsker, Veterinærinstituttet

Ho er peika ut som leiar for utvalet, som består av sju medlemmar totalt. Utvalet blei oppretta i 2006, og skal bistå universitet og andre forskingsinstitusjonar i saker om vitskapeleg ureielegheit. Det er eit tillegg til det lokale behandlingsapparatet. 

Å stempla forsking som ureieleg, det kan ein ikkje ta lett på

Kan ta i mot klager frå enkeltpersonar

– Kva blir utfordrande med ei slik rolle? 

– Det er vanskelege vurderingar, og det er snakk om å stempla forsking som ureieleg, det er heilt klart ikkje noko ein kan ta lett på. Det er veldig belastande for forskarar å få ei skulding om ureieleg vitenskapeleg åtferd mot seg. Men no har det kome ei endring i forskingsetikkloven, slik at utvalet også skal kunna ta i mot klager frå enkeltpersonar som har fått stempla forskinga si som ureieleg av eigen institusjon. Det er ei ny rolle at Granskingsutvalet blir klageinstans for utsegn frå institusjonane om at ein forskar er vitenskapeleg ureieleg. Men institusjonane har eit fått eit større ansvar for granskinga i første hand.

Den nye forskingsetikklova blei vedteke i Stortinget i mars, og pålegg mellom anna institusjonane nødvendig opplæring i forskingsetiske normar til sine tilsette.

Det er ei ny rolle at Granskingsutvalet blir klageinstans for utsegn frå institusjonane om at ein forskar er vitenskapeleg ureieleg

– Tanken med omorganiseringa har vore å auka medvite om reieleg åtferd i forsking ved institusjonane. Om Granskingsutvalet vil få færre eller fleire saker veit me ikkje. Utvalet kan og ta opp saker frå institusjonane av eige initiativ. Den nye loven er i alle høve ein rettssikkerheitsgaranti for dei som får ei avgjerd om vitskapeleg ureieleg åtferd mot seg lokalt, ved at dei no kan klaga nasjonalt. 

Bakgrunn frå medievitskap

Aarli har også bakgrunn frå andre fagfelt so ho tek med seg inn i rolla. 

– Eg trur det har ei betyding at eg har bakgrunn frå ulike fagtradisjonar, at eg også er medievitar til dømes, slik at eg kjenner andre fagtradisjonar enn den juridiske. Men det er eit krav at leiar for utvalet skal vera jurist. Det handlar om å anvenda rettsreglar.

Direktør i De nasjonale forskningsetiske komiteene, Espen Engh, er glad for at oppnemninga no er avklart. 

– Me er glade for at nytt utval omsider er på plass, og ønsker dei hjarteleg velkommen. Det ser ut til å vera eit utval med meget god kompetanse. Samstundes innser me at det kan ligga ein viss utfordring i at berre to medlemmar held fram frå førre utval, men sekretariatet skal gjera kva me kan for å bidra til kontinuitet, seier Engh i ei pressemelding. 

Utvalet er oppnemd for perioden 01.04.2017 - 31.03.2021.